Høringssvar fra Volda kommune
Volda kommune - vedtak i formannsskapet - høyringssvar
Svartype:
Med merknad
Vedtak i formannskapet - 02.10.2017
Administrasjonen får fullmakt til å levere følgjande svar i samband med høyringa om endringar i barnehagelova:
- I prinsippet er Volda kommune imot statleg normering og standardkrav som grip inn i det lokale sjølvstyret. Manglande samordning av den statlege sektorstyringa gjer at dette skjer i for stor grad. Når det likevel skjer må det vere ein føresetnad at staten syt for full finansiering.
- Volda kommune er oppteken av tidleg innsats og støttar forslaget om auka grnnbemanning og pedagogtettleik i barnehagane for å auke kvaliteten i banehagetilbodet. Volda kommune har nådd målet om 50 % pedagogtettleik i dei kommunale barnehagane. Ei endring i barnehagelova bør opne for at kommunen kan gjere vedtak om normer og krav til bemanning i dei kommunale barnehagane utover lovfesta krav, og at desse også skal gjelde dei private barnehagane i kommunen.
- Volda kommune føreset at skjerpa pedagog- og bemanningsnorm vert fullfinansiert ved tilsvarande styrking av frie midlar til kommunesektoren slik at andre tenesteområde ikkje må nedprioriterast.
- I berekninga av behovet for finansiering må det takast høgde for den avtalefesta plnleggingstida for pedagogar i barnehage. Med kvart årsverk pedagog skal det avetjast 4 t/v til planlegging. Denne tida må det kompenserast for slik at talet på vasne saman med borna ikkje vert redusert.
- Ei lovfesta plikt til å utarbeide planar for overgang mellom barnehage og skule/SFO må leggast på kommunalt nivå, og kommunane må få heimel til å forplikte private barnehagar og skular.