Høringssvar fra Harøy barnehage - Sandøy kommune

Uttale om endringer i barnehageloven

Dato: 12.10.2017

Svartype: Med merknad

I all hovudsak er vi positive til forslag om endringar i barnehageloven, men har likevel nokre merknader.

BEMANNING

Vi støttar forslaget om at det fastsettast ei nasjonal norm for grunnbemanning, og meiner ein tilsett per tre barn under tre år og og ein tilsett per seks barn over tre år er eit absolutt minimum.

Vi er derimot ikkje samd i at det manglar presiseringar knytt til grunnbemanning heile dagen, då det i løpet av dei siste åra har vore stor endring i barnehagane både når det gjeld opningstidene og kor stor del av dagen dei fleste barn faktisk er i barnehagen. Dei fleste barn oppheld seg i barnehagen over 8,5 timar, og med opningstid på 9,5-10 t vil ikkje grunnbemanning som skissert i forslaget vere tilstrekkeleg til å dekke heile dagen. Med opningstid t.d. 7.00-16.30, vil ein med denne grunnbemanninga og personalet si arbeidstid på 7,5 t (8 t med betalt pause), samt plantid for pedagogar, kun ha full bemanning opp mot 6-7 t i løpet av dagen. Ein kan oppleve å vere åleine med store grupper både morgon og ettermiddag, og det må presiserast kva som er forsvarleg bemanning også i desse tidsromma. Auke av pedagogressurs er og eit særskilt viktig moment ein må ta høgde for i norm for grunnbemanning, då det med fleire pedagogar vert utløyst meir plantid og møtetid. Dette vil i praksis føre til mindre vaksentettleik i større delar av  dagen. For å kunne ha god kvalitet er det og viktig å ha gode nok rammer slik at alle i personalet kan ha plantid/lese- og refleksjonstid, slik at også fagarbeidarar og assistenter har høve til å innfri krav i rammeplan på ein betre måte.

Vi er vidare ikkje samd i at bemanningsnorm skal utreknast prosentvis. I ei gruppe med 20 barn over tre år, vil ein prosentvis kunne ha bemanning på 3,33. Dette vil medføre at det kun er einskilde dagar i veka eller i korte økter kvar dag ein vil ha grunnbemanning tilsvarande behovet og norma. Dette vil ikkje vere tilfredsstillande, då barna er i barnehagen heile dagen og kvar dag. På lik linje med pedagognorm, bør det første barnet ut over norma utløyse heil stilling.

Vi støttar delvis forslaget om at barn reknast som tre år frå august frå det året dei fyller tre, men meiner ein bør gå enno lenger for å sikre god nok oppfølging for barna i denne aldersgruppa. Barn som fyller tre år innan august, kan reknast som tre år frå august dette året, barn som fyller tre år etter dette bør ikkje reknast som tre år før den månaden dei fyller tre år. Barn i treårsalderen skal gjennom store omveltninger i utviklinga si, og har behov for god oppfølging, både gjennom god nok vaksentettleik, men og skjerming i mindre grupper.

Vi støttar forslaget om å auke pedagogressurs, men meiner ein bør ta høgde for gruppeinndeling og organisering i større grad enn ein har gjort i forslaget. Det er forskjell på organisering i base- og avdelingsbarnehagar, og med tanke på avdelingsbarnehagar vil det vere meir hensiktsmessig med pedagogressurs på 1 pedagog per 6 barn under tre år, og 1 pedagog per 12 barn over tre år. Dette vil skape betre føresetnader for god organisering og ansvarsfordeling pedagogar imellom også i avdelingsbarnehagar. 

Det bør som følge av endring i pedagogressurs nyttast omgrepet pedagog, og ikkje pedagogisk leiar i lovteksten. Dette for å tydeleggjere at det er kompetansekrava som skal oppfyllast. Det bør og vurderast å fastsette retningslinjer for kva som er skillet mellom ein pedagogisk leiar og pedagog/barnehagelærar, då det vil vere naturleg at desse har noko ulik rolle og ansvar.

Det bør opnast for noko meir moglegheit for å tilsette pedagog på dispensasjon i ein overgangsfase. Når fleire fagarbeidarar/assistenter skal erstattast med pedagogar vil det vere hensiktsmessig for stabilitet og utnytting av erfaringskompetanse å kunne tilsette fagarbeidarar som allereie er tilknytta barnehagen som pedagog på dispensasjon i tilfeller der dei er igang med utdanning som barnehagelærar, t.d. gjennom deltidsutdanning. Dette for å hindre overtallighet for andre yrkesgrupper, samt å behalde dyktige fagarbeidarar som er innstilt på å kvalifisere seg i tråd med dei nye krava. Per idag opnar ikkje barnehageloven for å tilsette på dispensasjon utan at stillinga har vore utlyst og ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.  

Vi meiner vidare forslaget bør utvidast med krav til fagarbeidarressurs i barnehagen, ikkje berre pedagogressurs. Det bør presiserast kor stor del av det resterande personalet som skal ha kompetanse som barne- og ungdomsarbeidere.

 

SAMARBEIDSPLIKT

Vi støttar forslag om gjensidig plikt for skule og barnehage til samarbeid om overgang mellom barnehage og skule.

Vi meiner derimot ikkje forslaget er godt nok i høve å sikre det gjensidige samarbeidet. Ved å legge ansvaret på skuleeigar for å utforme plan og bestemme innhald i planen, sikrar ein ikkje det gjensidige samarbeidet, og sikrar ikkje barnehagane sin råderett over det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Plan for overgang mellom barnehage og skule må sikre at det beste frå begge tradisjonane vert lagt til grunn, og det må i større grad leggast vekt på ei lik vekting. Initiering av samarbeidet kan leggast på skuleeigar, men sjølve utarbeidingen må skje i samarbeidsfora.

Vidare meiner vi at dette ansvaret bør ligge på kommunalt nivå, slik at ein sikrar det kommunale ansvaret for barnehage- og skulekvalitet i tråd med lov og regelverk.

 

FINANSIERING

 

Det er ikkje tatt høgde for at endring av pedagogressurs i praksis vil føre til mindre vaksentettleik pga ekstra plantid og møtetid for pedagogar. Dette bør takast med i finansielle vurderingar, slik at ein sikrar at ein får den faktiske auken på kvalitet ein etterspør. Det kan ikkje berre kompenserast for lønsdifferanse mellom fagarbeidar og pedagog, men og for plantid for pedagogar som bør erstattast med noko høgare bemanning slik at vaksentettleik ikkje går ned. Her kan ein vurdere prosentvise utrekningar på bemanningsbehov elles for å dekke opp for nødvendig plantid