Høringssvar fra Hjelmeland kommune

Høyringsuttale om ny minimumsnorm for grunnbemanning og skjerpa pedagognorm i barnehage, samt pliktig samarbeid om overgang barnehage-skule.

Dato: 02.10.2017

Svartype: Med merknad

Hjelmeland kommune stiller seg positivt til høyringsforslaget som inneber ei minimumsnorm for grunnbemanning, ei skjerpa norm for pedagogisk bemanning og ei plikt for barnehageeigar og skuleeigar til å samarbeida om overgangen frå barnehage til skule og skulefritidsordning (SFO).

Kommunen vil understreka at det er viktig at staten kompenserer dei reelle lønnskostnadane i tilknytting til auka pedagognorm, inkludert meirkostnadar i tilknytting til den ubundne tida til pedagogane.