Høringssvar fra Bømlo kommune
Høyringssvar frå Bømlo kommune:
Lovfesta minimumskrav til grunnbemanning:
Bømlo kommune sluttar seg til framlegget til lovfesta minimumskrav til grunnbemanning, jf. barnehagelova.
Skjerpa krav til pedagogisk bemanning
Det er ei sentral målsetjing om å auka pedagogisk bemanning i barnehagane. Tilsette med pedagogisk utdanning er nøkkelpersonar i barnehagearbeidet. Barnehagane er del av utdanningsløpet, og barnehagelærar har kompetanse/fagleg grunnlag for å ivareta barna sitt behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Bømlo kommune sluttar seg til framlegget, men visse føresetnader må vera til stades:
- Det må vera ein overgangsperiode på inntil to år. Dette vil sikra at kommunen får nok pedagogar i stillingane og at assistentar som vert overtallige, får anna arbeid.
- Kommunane vil få auka utgifter til fleire pedagogar. Kommunane må vera sikra at dette vert kompensert frå sentrale midlar.
Lovfesta plikt for barnehageeigar og skuleeigar å samarbeida om barnas overgang frå barnehage til skule og SFO:
Bømlo kommune sluttar seg til framlegget.
Økonomisk konsekvens:
Lovframlegga vil føra til auka utgifter. Kommunane må vera sikra at rammeoverføringar dekkjer dette også etter 2020.