Høringssvar fra Utdanningsforbundet Volda

Høyring til endring av barnehagelova med forskrifter.

Dato: 13.10.2017

Svartype: Med merknad

Det er viktig og postivt at ei ny nasjonal bemanningsnorm kjem på plass. Dette må vere i lovs form og gjelde alle barnehagar, både kommunale og private. Då sikrar ein at det ikkje vert ulikskap i bemanning i barnehagar, slik det er i dag. Borna vil få like mange vaksne rundt seg, uavhengig av kva barnehage dei går i. Bemanningsnorma må vere som foreslått: ein vaksen pr. tre born under 3 år og ein vaksen pr. seks born over 3 år. Personar som er i barnehagen i praksis: lærling, studentar, spesialpedagogar og andre, må sjåast som ekstra personale i barnehagen, og må reknast utanom bemanningsnorma.

Viktig: Den faktiske grunnbemanninga i barnehagen vil variere i løpet av dagen. Barnehagen har færre vaksne om morgonen og ettermiddagen, ved møter, i pauseavvikling, sjukdom og anna fråvere.

Barnehagelærarane skal ha minst 4 timar i veka til planlegging ( for- og etterarbeid ) I desse timane vert det sjeldan sett inn vikar for barnehagelærar som er ute av gruppa desse timane. Når vi har oppnådd målet med 50% pedagogtettleik, vil det vere viktig å sikre vikar under fråveret til barnehagelærarane i planleggingstida. Forskrifta må garantere for at bemanninga skal vere tilstrekkeleg pedagogisk og forsvarleg i høve sikkerheit.

Eit viktig prinsipp: Born må reknast som over 3 år, frå og med august, det året dei fyller 3 år.

Ei skjerping av pedagognorma er og naudsynt. Her må det vere: ein pedagogisk leiar pr. 7 born under 3 år og ein pedagogisk leiar pr. 14 born over 3 år.

 Det må ikkje vere adgang til at barnehageeigar reknar prosentar av ei pedagogstilling pr. barn. Barnehagen må tilsette ei heil ny stilling som pedagogisk leiar om barnehagen tek inn born over maksimalgrensa.

Når det gjeld berekning av pedagogisk personale, må det framleis kome fram at styrar si tid til administrasjon og leiing kjem i tillegg til norma om pedagogisk bemanning.

 

Det er behov for å sikre betre rutiner i høve overgangar for born. I forslag for endring av barnehagelova, er det overgang bhg. / skule / SFO som vert omtala. Her må ein ha gode planar for overgang, som barnehage, skule og SFO har plikt til å samarbeide om. Desse må vere sentrale slik at vi sikrar born dei same føresetnadane i heile landet.

Andre viktige overgangar er oppstart i barnehage: tilvenjing, og overgang innad i barnehagen, frå småbarns- til storbarns avdeling. Det er viktig at desse overgangane vert lovfesta, og at det vert utarbeidd gode rutiner og planar for desse. Overgangar, som er sårbare for borna, må vere trygge og gode for både borna og foreldra.

Dispensasjon frå kravet om grunnbemanning, må berre nyttast i særlege tilfeller. Det må ikkje spekulerast i dette frå barnehageeigar si side, ved t.d å auke deltidsstillingar.

Forslaget til endring av ny barnehagelov inneber ei rekkje tiltak for barnehageeigarane som vil vere kostnadskrevande. Det vil vere viktig at det vert løyvd tilstrekkelege økonomiske midlar for gjennomføring av desse.

Hovudutfordring i norske barnehagar er mangelen på pedagogisk personale. Her må det settast inn tiltak for rekruttering til utdanning / yrke. Barnehagelæraren må få auka status og auka løn for det viktige arbeidet dei gjer!

 

Med helsing UDF Volda v/ Synnøve Hagen og Sirikit Vågen