Høringssvar fra Ulset barnehage

Høring om endringer i barnehageloven

Dato: 11.10.2017

Svartype: Med merknad

 

Ulset barnehage er positive til at den pedagogiske bemanninga aukar.

Ulset barnehage er i utgangspunktet positive til at det vert fastsett ei norm for minimum grunnbemanning i barnehagane.

Me vil likevel koma med nokre kritiske merknader til forslaget.

Finansieringa av endringane er ikkje god nok. Dagens finansieringsmodell for private barnehagar der tilskotet til den enkelte barnehage varierer mykje frå kommune til kommune, vil ikkje fungera når både pedagogisk bemanning og grunnbemanning vert fastsett med minstekrav. Når barnehagen sine utgifter i så stor grad er regulert ved forskrift (personalkostnader er den desidert største utgiftsposten), og ein har ingen muligheit til å auka inntektene (foreldrebetaling og tilskot), vil svært mange barnehagar ha økonomiske utfordringar. Når ein brukar ei gjennomsnittsberekning på kostnadane som utgangspunkt, vil alle som har kostnader over gjennomsnittet få økonomiske utfordringar, så sant ikkje kommunen er ekstra generøs med tilskot til barnehagar.

Eit krav om ei minimums grunnbemanning kan lett bli oppfatta som ei vegleiande norm for bemanning. Dersom tilskota til barnehagane vert rekna ut frå gjennomsnittlege kostnader ved ei minimums grunnbemanning, vil det for mange barnehagar ikkje vera økonomi til å auka bemanninga om det skulle vera behov for det ut frå dei aktuelle forholda. I fylgje den nye rammeplanen er det eigar sitt ansvar å sørgja for at det er tilstrekkeleg bemanning. Kva handlingsrom har eigar til å gjera vurderingar her dersom det ikkje er økonomisk handlerom for det?

Ordninga med at dei private barnehagane får sine tilskot berekna på bakgrunn av to år gamle kommunale rekneskap, gjer dessutan dei to første åra særleg økonomisk krevjande. Dersom forslaga vert vedtekne, må det lagast fullgode kompenserande overgangsordningar for dei to første åra..

Når det gjeld grunnbemanninga, vert det vist til at det har vore ei vanleg oppfatning heilt sidan 1970-talet at 3 vaksne pr. 9 små/18 store born har vore ei akseptabel bemanning. Men då er det ikkje tatt høgde for dei endringane som har skjedd innan sektoren: Opningstidene er utvida, kravet til innhald, planlegging, dokumentasjon og rapportering har auka, det er blitt fleire møter og meir oppfylgingsarbeid. Alt dette gjer at vaksentettleiken kring borna er blitt mindre sjølv om ein har same grunnbemanninga. Dette ser det ikkje ut som departementet har tatt omsyn til i sitt forslag.

Auka pedagogandel er likevel det viktigaste steget for å auka kvaliteten i barnehagane, og bør prioriterast høgare enn eit absolutt krav til grunnbemanning.