Høringssvar fra Sykkylven kommune

Høyringssvar

Dato: 02.10.2017

Svartype: Med merknad

Å lovfeste eit minimumskrav til grunnbemanninga (bemanningsnorm) og å skjerpe kravet til den pedagogiske bemanninga er eit tiltak vi støttar fullt ut. Dette vil sikre eit meir likeverdig tilbod til alle barn, heve kvaliteten og auke den samla kompetansen i barnehagane.

Men det manglar ein vesentleg føresetnad i lovforslaget. Under kapittelet om økonomiske konsekvensar av lovforslaget gjer departementet greie for dei auka rammeoverføringane til kommunane. Her heiter det at kostnaden til ei skjerpa pedagognorm er knytt til å dekke lønsforskjellen mellom ufaglærde assistentar og barnehagelærarar. I utrekninga er det lagt til grunn at grunnbemanninga ikkje skal auke.

I praksis betyr dette difor at vaksentettleiken vil gå ned. Barnehagelærarar har som kjent lovfesta minimum 4 timar plantid/ubunden tid per veke. Auka pedagogtettleik, slik det er skissert i lovforslaget, vil difor medføre «færre hender» per barn. Vi veit at nærverande vaksne, med varme fang og opne auge, er ein av dei viktigaste faktorane for at barna skal kjenne seg trygge. Difor er dette lovforslaget uakseptabelt, med mindre det også vert gitt økonomisk kompensasjon for den «tapte barnetida» som pedagogane skal nytte til planlegging. Vi kan ikkje akseptere eit lovforslag som fører til mindre barne-tid blant personalet.