Høringssvar fra Stord kommune
Høyringssvar til forslag til endringar i barnehagelova, opplæringslova, friskolelova og forskrift om pedagogisk bemanning
Saksprotokoll i Komité for oppvekst og utdanning - 26.09.2017
Vedtak
Komité for oppvekst og utdanning støttar høyringa som gjeld norm for grunnbemanning og skjerpa norm for pedagogisk bemanning, samt ei plikt for skuleeigar til å koordinera eit samarbeid mellom barnehage og skule når det gjeld å sikra gode overgangar for barn.
Stord kommune sender høyringssvar til Kunnskapsdepartementet og legg inn høyringssvar med følgjande merknad:
Stord kommune føreset at auka kostnad ved auka personaltettleik i barnehagane vert dekka av auka overføringar frå staten.
Handsaming
Samrøystes vedteke.