Utkast til forskrift

 

Heimel: Fastsett av Nærings- og fiskeridepartementet xxx med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 79 om akvakultur (akvakulturloven) § 13a, § 28, § 29a, § 30 og § 31.

§ 1. Formål

Formålet med denne forskrifta er å redusere påverknaden frå oppdrett på ville bestandar av laksefisk.

§ 2. Samanslutninga

Deltakarar i samanslutninga er alle innehavarar av løyve til akvakultur med laks, aure og regnbogeaure.

§ 3. Årsmøte

Årsmøtet skal haldast kvart år innan 30. juni og skal kallast inn av styret med minst tre vekers skriftleg varsel til kvar medlem.

 

Årsmøtet skal

a)      behandle årsmelding og rekneskap

b)      velje styre, styreleiar, nestleiar og revisor. Revisor skal vere statsautorisert.

c)      behandle andre saker som blir lagde fram

§ 4. Styret

Styret har til saman fem representantar med personlege varamedlemmer. Styremedlemmene tenestegjer i to år. Val av medlemmer til styret skjer slik:

a)      tre representantar blir valde av og frå havbruksnæringa

b)      to representantar blir peika ut av Nærings- og fiskeridepartementet

Det skal kallast inn til medlemsmøte for å behandle spesielle saker når styret eller minst ein firedel av medlemmene krev det. Innkallinga skjer med minst ei vekes varsel.

Styret skal årleg leggje fram for departementet ein rapport om verksemda til samanslutninga, medrekna

a)      separat rekneskap for kontoen som også fortel korleis dei innkravde midlane og renter bokførte på kontoen er fordelte

b)      ei kort framstilling av verksemda til samanslutninga

c)      korleis avgifta er utrekna og fastsette

Rapporten skal vere offentleg tilgjengeleg.

§ 5. Forretningsførar

Styret fastset kven som skal vere forretningsførar for samanslutninga. Forretningsføraren har det daglege ansvaret for verksemda til samanslutninga.

§. 6 Det økonomiske ansvaret til samanslutninga

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter trer i kraft xx 2015, og er avgrensa til dei økonomiske pliktene som følgjer av denne forskrifta.

Samanslutninga sitt ansvar for å dekkje utgifter etter akvakulturloven § 13a er avgrensa til utgifter som følgjer av tiltak pålagde av styresmaktene og dei tiltaka som samanslutninga sjølv vedtek å setje i verk. Denne forskrifta gir ikkje private partar rett til å få erstatta andre kostnader, inntektstap eller liknande enn dei som følgjer av vedtak gjort av samanslutninga.

§ 7. Tiltak pålagde av styresmaktene

Samanslutninga skal planlegge utfiskingstiltak i elver der innslaget av rømt oppdrettsfisk av artene laks, aure og regnbogeaure er  uakseptabelt. Grenser for når planlegging av utfisking skal setjast i verk eller vurderast, følgjer av tabell 1.  

 

Tabell 1: Grenser for når planlegging av utfisking skal setjast i verk

Indikator

 

IKKJE PÅLAGT å sette i gang planlegging av utfisking

Planlegging av utfiskingstiltak skal vurderast

Utfisking skal planleggast

Haustprosent

< 5 % rømt fisk i elv

5 – 15 % rømt fisk i elv

> 15 % rømt fisk i elv

Årsprosent

< 4 % rømt fisk i elv

4 – 10 % rømt fisk i elv

> 10 % rømt fisk i elv

 

Samanslutninga skal dekkje utgifter til å gjennomføre planar om utfiskingstiltak etter første ledd.

Samanslutninga skal i rimeleg omfang dekkje utgifter som Fiskeridirektoratet har hatt for å fastslå kven som eig den rømte oppdrettsfisken.

Samanslutninga kan søkje Fiskeridirektoratet om dispensasjon frå krava i første og andre ledd fram til 1. januar 2017. Søknaden kan godtakast dersom økonomien og ressursane til samanslutninga tilseier det.

§ 8. Avgift

Styret i samanslutninga fastset avgifta i samsvar med at den samla avgifta skal svare til samanslutninga sine utgifter. Dersom innbetalt avgift er større enn utgiftene til samanslutninga eit einskild år, skal differansen setjast av til neste års drift.

Innehavarar  av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet kan identifiserast som oppdrettsfisk og kan sporast tilbake til eigaren, skal ikkje betale avgift.

Innehavarar av løyve der all fisk som er på lokalitetar knytt til løyvet har eigenskapar som gjer at han ikkje kan formeire seg, betaler redusert avgift. Avgifta utgjer 25 prosent av avgifta fastsett etter første ledd.

Samanslutninga krev inn avgifta og fører kontroll med at avgifta blir betalt.

Avgifter som blir betalt til samanslutninga etter akvakulturloven § 13a og denne forskrifta skal plasserast på ein separat bankkonto.

§ 9. Regress

Dersom det ved  undersøkingar, etterforsking eller andre tiltak blir dokumentert med sannsynsovervekt kven som er ansvarleg for den oppfiska rømte oppdrettsfisken, skal samanslutninga krevje regress for utgiftene som har kome til frå innehavaren av løyvet. Dette gjeld uavhengig av kva skuld den ansvarlege har.

Samanslutninga kan også krevje regress hos innehavarar av akvakulturløyve som ikkje er pliktige til å betale avgift til samanslutninga.

§ 10. Klageinstans

Fiskeridirektoratet er klageinstans for forvaltningsavgjerder tekne av samanslutninga.

§ 11. Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft xx.