Høyringsbrev

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportloven).

Samferdselsdepartementet gjer her framlegg om endring i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportloven).

Lovforslaget gjev Samferdselsdepartementet heimel til å påleggje oppdragsgjevarar eit lovbrotsgebyr dersom dei bryt EØS-retten i samband med tildeling av konsesjonskontrakt som gjeld transporttenester etter yrkestransportlova. Lovbrotsgebyret vil berre verte pålagt dersom brotet er konstatert ved dom i ein norsk domstol, ved dom i EFTA-domstolen eller ved innrømming frå norske styresmakter etter at saka har vore handsama av ESA.

Lovframlegget har bakgrunn i forhandlingar med ESA i den såkalla Aust-Agdersaken, der Aust-Agder fylkeskommune tildelte og forlenga fleire konsesjonskontraktar i strid med gjeldande EØS-rett.

Generelt sett har òg lovforslaget bakgrunn i eit behov for større etterleving av EØS-regelverket for tildeling av tenestekonsesjonskontraktar. Dette behovet gjer seg særleg gjeldande for konsesjonskontraktar om transporttenester innanfor yrkestransportlova, ettersom slike kontraktar fell utanfor verkeområdet til handhevingsregelverket innanfor offentlege innkjøp, sjå nærare om dette i høringsnotatet punkt 3.3.2. Det er dermed ingen eigne handhevingsreglar for tildeling av slike kontraktar i gjeldande rett.

Etterleving av EØS-regelverket på dette området vert i praksis vanskeleggjort av at tenestene etter yrkestransportloven i all hovudsak vert tildelt av autonome forvaltningsorgan som staten ikkje har instruksjonsmyndigheit over. Staten har i slike tilfeller ikkje kontroll over kontraktshøvet og kan ikkje rette opp i eventuelle brot på EØS-retten. Det er vidare staten som er folkerettslig forplikta til å sikre at kontraktane vert tildelt i tråd med EØS-regelverket. Dette problemet vart satt på spissen i Aust-Agdersaken.

For detaljar om lovframlegget vert det vist til høyringsnotatet punkt 4.

I notatet, under punkt 4.5, peikar departementet på at særlige problemstillingar kan oppstå dersom det er aktuelt å påleggje lovbrotsgebyr til statlege oppdragsgjevarar. Slike oppdragsgjevarar kan i praksis vere både Vegdirektoratet og Samferdselsdepartementet sjølv. I notatet vert det vist til at omsynet til truverde kan tale for å delegere handhevingskompetansen frå Samferdselsdepartementet til eit anna organ i slike tilfelle. Departementet ber særleg om høyringsinstansane sine synspunkt på dette.

Vi ber om at fylkeskommunane sender høyringsnotatet vidare til fylkeskommunale føretak lovframlegget vil ha interesse for. Dersom departementa ser at relevante underliggjande etatar ikkje er tekne med i høyringslista, ber vi om at høyringsnotatet vert send vidare til desse.

Andre som ønskjer å uttale seg i saka har høve til det i samband med at saka vert lagt ut på departementet si heimeside.

Frist for å komme med merknader til lovforslaget og høyringsnotatet er 20. januar 2015.

 Med hilsen                                                                        

Arnfinn Øen (e.f.)                                          Carina Jacobsen

spesialrådgiver                                              førstekonsulent

Les brevet som pdf