Klage på avslag etter kulturminnelova § 8 første ledd for søknad om oppføring av einebustad og garasje på steinalderbuplass. Nedre Berge, gbnr 29/308, Herøy kommune, Møre og Romsdal

Miljøverndepartementet har i brev av 18.02.10 oppretthaldt Riksantikvaren sitt avslag av 28.08.08 på søknad om dispensasjon etter kulturminnelova for oppføring av einebustad og garasje på eigedomen Nedre Berge i Herøy kommune. Det omsøkte tiltaket vil medføre inngrep i automatisk freda kulturminne, ein steinalderbuplass og eit dyrkingslag frå bronsealderen. Departementet har lagt vekt på at tiltaket vil innebere å fjerne eit kulturminne som har svært høg vitskapleg verdi og som har betyding for forståinga av kulturminneverdiane i området. Det er få eller ingen steinalderbuplassar i kommunen med tilsvarande vitskaplege kvalitetar. Det er difor viktig å sikre slike kulturminne framtidig vern.

Last ned brevet i pdf

Miljøverndepartementet viser til brevet av 16.09.08 der De klager på Riksantikvaren sitt avslag av 28.08.08 på søknad om dispensasjon etter kulturminnelova for oppføring av einebustad og garasje som vil medføre inngrep i automatisk freda kulturminne, ein steinalderbuplass og eit dyrkingslag frå bronsealderen, på eigedomen Nedre Berge, gbnr 29/308, Herøy kommune.

Etter ei samla vurdering av saka legg departementet avgjerande vekt på at tiltaket vil innebere å fjerne eit kulturminne som har svært høg vitskapleg verdi og som har betyding for forståinga av kulturminneverdiane i området. 

Riksantikvaren sitt vedtak blir oppretthaldt.

Bakgrunn for saka

Robert Voldnes søkte i 2008 om løyve til å byggje på den omtalte tomta. I samband med behandlinga av byggesaka, blei det påvist automatisk freda kulturminne på eigedomen i form av ein steinalderbuplass og eit dyrkingslag frå bronsealderen. I brev av 21.07.08 oversende Møre og Romsdal fylke saka til Riksantikvaren. Fylket tilrår at det ikkje blir innvilga dispensasjon for å gjennomføre tiltaket. I brev av 08.08.08 støtter Bergen museum fylket si vurdering.

I medhald av Lov om kulturminne av 9. juni 1978 (kml) § 8 første ledd, fatta Riksantikvaren den 28.08.09 vedtak om ikkje å tillate oppføring av einebustad og garasje som medfører inngrep i automatisk freda kulturminne, ein steinalderbuplass og eit dyrkingslag frå bronsealderen, på eigedomen Nedre Berge, gbnr 29/308, Herøy kommune.

Riksantikvaren sitt vedtak er påklaga av Advokatane Maurset, Knardal og Heggen på vegne av Robert Voldnes (heretter omtala som klagaren) i brev av 16.09.08. Klaga er sendt innan klagefristen i kml § 8 første ledd.

Riksantikvaren har vurdert klaga og oversendt ho til behandling i Miljøverndepartementet ved brev av 12.12.08. Riksantikvaren held fast ved vedtaket av 28.08.08.

Klagaren har i brev av 06.01.09 kommentert brevet frå Riksantikvaren.

Det blei gjennomført synfaring med partane og andre involverte den 20.05.09. I etterkant av synfaringa bad departementet Riksantikvaren om tilleggsopplysingar i saka i brev av 04.06.09. Riksantikvaren ga i brev av 07.07.09 si vurdering av desse og held fast ved vedtaket om avslag.

Klagaren sine merknader, jf. brev av 16.09.08

Miljøverndepartementet legg til grunn at klagaren har følgjande hovudmerknader:

  • Om tomta: Klagaren kjøpte den aktuelle tomta i 1996. Tomta er i kommuneplanen avsett til bustadformål og ligg midt i eit etablert bustadområde. Klagaren har motteke byggeløyve i brev frå Herøy kommune datert 15.09.08. Klagaren har hatt forventningar om å kunne nytte tomta til å oppføre bustad for seg og familien sin.
  • Om dei arkeologiske funna: Klagaren meiner at dei arkeologiske funna på tomta er svært beskjedne og at dei avgrensingane dette fører med seg, ikkje står i forhold til moglegheitene til å utnytte eigedomen.
  • Om økonomiske konsekvensar: Tomta har ein vesentleg verdi, og eit avslag får store økonomiske konsekvensar for klagaren.

Riksantikvaren sine merknader, jf. brev av 12.12.08

Riksantikvaren har følgjande merknader til brevet frå klagaren:

  • Om tomta: Store deler av tomta er avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område) i kommuneplanen. Kommunen har i brev av 02.10.08 avslått søknaden om bygging i strandsona og mudring i fjæra. Brevet viser til at det ikkje er gjeve løyve etter kml og at klagaren difor ikkje kan vente å få byggje ut den aktuelle tomta.
  • Om dei arkeologiske funna: Den arkeologiske registreringa som er utført av Møre og Romsdal fylke, er gjort i samband med søknad om å oppføre einebustad med garasje på tomta. Registreringa er på langt nær å rekne som ei fullstendig vitskapleg utgraving. Fylket karakteriserer funna som av høg kvalitet og representative for området. Det er spor etter fleire forskjellige overlappande aktivitetar frå ulike tidsperiodar.
  • Om økonomiske konsekvensar: Steinalderbuplassen har stor verdi som kulturminne og har spesielle kvalitetar som gjer at han bør sikrast framtidig vern. Det er ikkje framlagt dokumentasjon på dei økonomiske konsekvensane av eit avslag.

Klagaren sine merknader til Riksantikvaren sitt brev, jf. brev av 06.01.09

Klagaren har i brev av 06.01.09 kommentert brevet frå Riksantikvaren.

  • Om tomta: Klagaren ønskjer om å kunne nytta tomta til bustadformål, da alle nabotomtane er nytta til det same. Klagaren oppfattar også at kommunen har vore positiv til bygging på tomta.
  • Om dei arkeologiske funna: Klagaren finn det urimeleg at dei arkeologiske funna skal føre til at tomta ikkje kan utnyttast og viser til at ein rekkje automatisk freda kulturminne blir påviste og gravne ut på Sunnmøre.
  • Om økonomiske konsekvensar: Tomta har venteleg ein marknadsverdi på mellom 500 000 og ein million kroner. Slik situasjonen er no, er ho tilnærmingsvis verdlaus. Dersom klagaren ikkje får dispensasjon, ber han om at staten tek over tomta med ein høveleg kompensasjon.

Riksantikvaren sine merknader til Miljøverndepartementet sitt brev av 04.06.09, jf brev av 07.07.09

Under synfaringa den 20.05.09 blei det opplyst frå Møre og Romsdal fylke at det ved arkeologiske undersøkingar vart gjort tilsvarande funn av steinalderbuplassar i området, noko som departementet meinte kunne oppfattast som nye opplysningar i saka . I brev av 04.06.09 bad Miljøverndepartementet Riksantikvaren vurdere desse opplysningane. Riksantikvaren har i brev av 07.07.09 vist til at arkeologiske undersøkingar på Nærøy har avdekka steinalderbuplassar med om lag den same type funnmateriale som lokaliteten på Nedre Berge. Det er enno ikkje klart om dei er av same alder. Riksantikvaren legg til grunn at opplysningane ikkje endrar vurderinga av den aktuelle lokaliteten og peiker på at steinalderbuplassen har høg vitskapleg verdi.

Departementet sine merknader

Generelt:
Automatisk freda kulturminne er i kraft av alder og informasjonsverdi, dei viktigaste kjeldene til vårt lands tidligaste historie. Utan særskilt løyve er det ikkje høve til å sette i gang tiltak som vil kunne verke inn på automatisk freda kulturminne jf. kml §§ 3 og 8.

Dei vitskaplege og miljømessige verdiane som dei automatisk freda kulturminna representerer, er til ein viss grad knytte til staden der dei ligg. Det er difor eit mål å bevare flest mogeleg av desse kulturminna intakte i sine naturlege omgjevnadar. Dette inneber at utbyggjaren bør planleggje nybygg og anlegg slik at dei i størst mogleg grad unngår å røre ved kjende arkeologiske kulturminne. 

Synet på kva som bør takast vare på, har naturleg endra seg over tid og heng saman med både faglege og politiske prioriteringar i samtida. Tidligare var vern av enkeltståande kulturminne det viktigaste innsatsområdet i kulturminneforvaltinga. I dag blir det lagt større vekt på å ta vare på samanhengande miljø, med vekt på korleis enkeltobjekt kan bevarast i ein meiningsfylt samanheng, og korleis denne samanhengen kan bli teke vare på for ettertida.

Til saka:

  • Om tomta: Departementet merker seg at nabotomtene på staden er nytta til bustadformål. Departementet forstår merknaden frå klagaren om at dette er den siste ubygde tomta i området. I denne saka er det søkt kommunen om dispensasjon frå plankravet i kommuneplanen etter plan- og bygningslova. Saka blei behandla av Herøy kommune, som gav dispensasjon i brev av 12.09.08 med tanke på å byggje på den omsøkte tomta. Dispensasjonen blei gjeve med vilkår om at forholdet til dei automatisk freda kulturminna blei avklart.  Departementet vil understreke at denne framgangsmåten frå kommunens side inneber ein stor usikkerheit for søkjaren som må avklare forholdet til automatisk freda kulturminne etter at løyve etter plan- og bygningslova er gjeve. Departementet konstaterer at det ikkje ligg føre eit godkjent byggeløyve i og med at Herøy kommune avslutta saka i brev av 02.10.08 utan å avgjere ho. Departementet har på bakgrunn av dette ingen ytterlegare merknader til Riksantikvaren sin vurdering på dette punktet.
  • Om dei arkeologiske funna: Departementet konstaterer at både fylket og Riksantikvaren karakteriserer dei arkeologiske funna som av stor vitskapleg verdi og at steinalderbuplassen har ytterlegare kvalitetar knytte til miljøet den ligg i, og til plasseringa langs Straumen. Under synfaringa blei det vist til andre tilsvarande steinalderbuplassar i nærleiken. Departementet bad på bakgrunn av dette, i brev av 04.06.09 Riksantikvaren vurdere desse opplysningane, noe Riksantikvaren har gjort i brev av 07.07.09. Riksantikvaren meiner at det ikkje er nye opplysningar i saka som har betyding for Riksantikvaren sitt vedtak, og opprettheld med dette det tidlegare vedtaket sitt.  Riksantikvaren har gjennom ”Forskrift om faglig ansvarsfordeling mv etter kulturminneloven” av 20.05.00 mynde etter kml § 8 fyrste ledd til å avgjere om eit tiltak kan gjennomførast, og eventuelt fastsette vilkår for løyvet. Departementet legg vekt på at det er få eller ingen tilsvarande steinalderbuplassar i kommunen med tilvarande vitskaplege kvalitetar. Det er difor viktig å sikre slike kulturminne framtidig vern. På bakgrunn av kva som er sagt over, ser departementet ingen grunn til å overprøve Riksantikvaren sitt faglege skjønn og vurdering på dette punktet.
  • Om økonomiske konsekvensar: Etter gjeldande rett utløyser ikkje rådighetsinnskrenkninger etter kulturminneloven krav om erstatning. Det vil difor ikkje være aktuelt for staten å overta tomta eller på annan måte yte økonomisk tilskot i saka.

Ut over det som går fram over, har ikkje departementet noko å merke til Riksantikvaren sin lovforståing og skjønnsmessige vurdering i saka.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har på bakgrunn av ei totalvurdering av saka funne at det ikkje er grunnlag for å omgjere vedtaket fatta av Riksantikvaren  28.08.08 om ikkje å tillate oppføring av bustadhus som inneber å fjerne ein steinalderbuplass og eit dyrkingslag frå bronsealderen på Nedre Berge, gbnr 29/308 i Herøy kommune etter kml § 8 første ledd.

Klagen tas ikkje til følgje.

Med helsing

Benedicte Boye (e.f.)
avdelingsdirektør

Ronny Henriksen
seniorrådgjevar

Kopi: 
Robert Arent Voldnes, 6090 Fosnavåg
Riksantikvaren
Møre og Romsdal fylke
Bergen Museum