Luster kommune - reguleringsplan for prosjekt Kalda-Kari (helikopterlandingsplass/servicebygg - nasjonalpark/naturvern)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 20. oktober 2005.

Luster kommune – motsegn mot reguleringsplan for prosjekt Kalda-Kari

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 11. mars 2005 for avgjerd etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for prosjekt Kalda-Kari i Luster kommune. Departementet meiner det ikkje vil vere i samsvar med nasjonal areal- og miljøpolitikk å leggje til rette for helikoptertransport av turistar opp på fjellet ved Kalda-Kari. Prosjektet er i strid med nasjonale miljømål, mellom anna om forvaltninga av randsona til nasjonalparkar, inngrepsfrie område, berekraftig forvaltning av fjellområda, motorferdsel i utmark og støy. Motsegna frå fylkesmannen vert dermed teke til følgje.

Bakgrunnen for saka.

Reguleringsplanen for prosjekt Kalda-Kari er delt i to delområde. Delområde I ligg i Veitastrond ved Vårstølen/Bakkolahaugen, medan delområde II ligg i fjellområdet mellom Jostedalsbreen nasjonalpark og Nystølsnovi, ved fjelltoppen Kalda-Kari. I tillegg til landingsplassar på kvart område, er det planlagt servicebygg m.v. Kalda-Kari prosjektet har vore under arbeid i fleire år. Ein ønskjer å etablere eit tilbod til turistar om helikopterløft til landingsplass ved Kalda-Kari. Der kan turistane nyte utsikta og få enkel servering, og ein vil leggje opp til tilbod med brevandring og hundekøyring. Planane om helikopterbasert turisme er ein del av ei lokal næringssatsing for å sikre busetnad og vidareutvikle Veitastrondsbygda.

Planområdet er vist som landbruks-, natur- og friluftsområde i arealdelen til kommuneplanen.

Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga fremma 14. desember 2004 motsegn mot planen. Fylkesmannen meiner planforslaget er i strid med viktige nasjonale målsettingar i miljøvernpolitikken, både når det gjeld støy og motorferdsel i utmark, nasjonalparkforvaltning, forvaltning av randområde og naturforvaltning generelt.

Fylkesmannen meiner landingsplassen ved Nystølsnovi med eit servicebygg på omlag 220 m2, vil gi ein monaleg reduksjon av villmarksprega naturområde. Dette vil vere i strid med nasjonale mål om å bevare attverande inngrepsfri natur, som er omtala i fleire stortingsmeldingar, seinast i St. meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Haldninga dei siste åra har gått i retning av å akseptere meir kommersiell bruk av nasjonalparkar og fjellområde, men med avgjerande vekt på omsynet til berekraft og naturmiljø. Fylkesmannen viser til omtale av fjellområda i revidert nasjonalbudsjett for 2003, der fråver av støy er framheva som viktig for naturbaserte ferieopplevingar, og det er peika på at aukande motorferdsel er eit problem. Prosjektet er etter fylkesmannen si meining ikkje i samsvar med dette, og vil skape presedens.

Når det gjeld natur- og miljøfaglege vurderingar i saka, viser fylkesmannen til tidlegare fråsegn 15. desember 2003 til søknaden om løyve etter luftfartslova. I dette brevet uttaler fylkesmannen at omsynet til nasjonalparken må leggjast vekt på ved inngrep i randsona. Området ved Kalda-Kari/Nystølsnovi ligg i forvaltningsplanen for nasjonalparken i "sone utan tilrettelegging og inngrep". For områda utanfor nasjonalparken gir forvaltningsplanen retningsliner for forvaltninga.

Fylkesmannen meiner helikopterstøyen i naturmiljøet er eit sentralt tema ved vurderinga av saka. Innafor nasjonalparken er det eit generelt forbod mot lågtflyging. Støyen vil ein kunne høyre om lag 3 km frå flytraséen. Fylkesmannen peiker på at opplysningane om bruken av området til friluftsliv er noko sprikande, men opplyser at det er merka turrute rett forbi landingsplassen frå Tungestølen til Nystølsnovi. Tungstølen turisthytte og området omkring er mykje nytta av turistar, og heile området har eit større potensiale for friluftsliv, brevandring og turisme. Fylkesmannen meiner saka må vurderast ut frå ei streng halding til motorferdsel, jfr. mellom anna forskrift om forbod mot helikoptertransport til fjelltoppar og liknande stader.

Fylkeskommunen uttala seg til planen 15. desember 2004. Fylkeskommunen peiker mellom anna på at tiltaka vil få verknad for område som ligg innafor grensa til nasjonalparken. Fylkeskommunen meiner saka må løysast på eit høgare politisk nivå enn fylket. Fylkeskommunen viser også til det er ei viss konflikt med fylkesplanen for arealbruk.

Kommunestyret vedtok reguleringsplanen med nokre endringar 17. februar 2005. I saksframstillinga er det opplyst at det i høringa ikkje har kome fram nye moment. Saka reiser spørsmål om overordna vurderingar knytt til kva for aktivitet og næringsutvikling som skal tillatast i og nær område som er verna etter naturvernlova.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev av 22. februar 2005. I brevet er det opplyst at det er semje om at det ikkje er grunnlag for å gjennomføre mekling i saka.

Fylkesmannen rådde i oversendingsbrevet departementet til å leggje avgjerande vekt på innvendingane i motsegna. Fylkesmannen viser til at det i Veitastrond er stort lokalt engasjement og oppslutning om prosjektet. Mange ser tiltaket som ein viktig del av eit framtidig næringsgrunnlag i bygda, og fylkesmannen har forståing for innsatsen til dei lokale kreftene. Fylkesmannen peiker på at saka likevel er svært omstridd og at klåre miljø- og naturomsyn talar mot at planen bør realiserast. Fylkesmannen meiner saka har så prinsipielle og nasjonalt viktige sider at dei endelege vurderingane bør gjerast på nasjonalt nivå.

Synfaring og møte om saka vart halde 30. mai 2005 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Bjørn K. Skovly og Asbjørn Nes frå Kalda-Kari AS var også til stades. På møtet og synfaringa vart det frå kommunen særleg lagt vekt på at folketalet i kommunen berre er på 5000 og går ned, og at det er viktig å oppretthalde busettinga. Kommunen er difor positiv til tiltak som fremjar næringsutvikling, og dei har arbeidd med denne saka sidan 1999. Dei ønskjer eit pilotprosjekt som det einaste i landet. Tiltakshavarane peika mellom anna på at dei har støtte i bygda og at prosjektet ser ut til å bli svært lønsamt.

Direktoratet for naturforvaltning rådde i brev 13. juni 2005 til at motsegna vert teke til følgje fordi helikopterplass på Nystølsnovi er i konflikt med nasjonale miljøomsyn. Direktoratet meiner lokaliseringa like inntil vernegrensa gir negative verknader i Jostedalsbreen nasjonalpark og er i konflikt med verneformålet. Reguleringsplanen er også i konflikt med omsyn motorferdsellova skal ta vare på, og støyen frå helikoptertrafikken vil skade naturopplevinga i dalføret. Det gjeld område som er svært viktige for naturoppleving og friluftsliv, og trafikken kan gi vesentleg avvik frå dei nye retningslinene for støy i arealplansaker.

Miljøverndepartementet si vurdering

Reguleringsplanen for prosjekt Kalda-Kari kjem etter Miljøverndepartementet si oppfatning i strid med fleire nasjonale miljømål. Det gjeld målet om god forvaltning av randsona til nasjonalparkar, målet om å ta vare på dei inngrepsfrie områda, målet om ei berekraftig forvaltning av fjellområda, målet om å hindre motorferdsel i utmark og målet om å unngå støy i naturområde og i fjellet.

Landingsplassen for helikopter ved Kalda-Kari/Nystølsnovi vil liggje berre 10 meter frå grensa for Jostedalsbreen nasjonalpark. Det er eit mål for forvaltninga av nasjonalparkar at areala inntil parken skal forvaltast etter plan- og bygningslova slik at verneverdiane vert oppretthalde. I forvaltningsplanen for Jostedalsbreen nasjonalpark er området føresett oppretthalde som eit område utan tilrettelegging og inngrep. For nasjonalparken gjeld forbod mot lågtflyging, og ein landingsplass for helikopter tett inntil grensa vil påverke områda innafor parken. Reguleringsplanen er såleis ikkje i tråd med ønskjeleg forvaltning av randsona til nasjonalparken.

Helikopterplassen og det tilhøyrande servicebygget vil heller ikkje vere i samsvar med ei berekraftig forvaltning av fjellområda. Det gjeld eit vegetasjonslaust høgfjellsområde på omlag 1400 meter over havet. Området har store landskaps- og naturkvalitetar og er viktig for friluftslivet. Det er frå før ikkje inngrep i området, og departementet meiner området bør oppretthaldast utan inngrep, i samsvar med det nasjonale målet om å ta vare på dei inngrepsfrie områda som er att.

Luftfartstilsynet har gjeve konsesjon til landinga etter luftfartslova. Vedtaket er påklaga, men klagesaka er utsett til reguleringssaka er avgjort. Sjølv om motorferdsellova ikkje gjeld for landingsplassar der det er gitt konsesjon etter luftfartslova, må saka vurderast ut frå føremålet med motorfersellova. Målet er å regulere motorferdsel mellom anna for å verne om naturmiljøet. I medhald av motorferdsellova er det gitt ei særleg forskrift om helikopterskiing o.l. Av forskrifta går det fram at det ikkje er tillate å legge ut til landingsplassar fjelltoppar, utsiktspunkt, brear og andre liknande stader, som berre har interesse i samband med helikopterskiing, for kortvaring opphald, som utgangspunkt for dagsturar eller for andre liknande føremål.

Motorferdsellova skal hindre støy i utmarka. I tillegg er det gitt støyretningsliner for handsaminga av støy i arealplanlegginga i Miljøverndepartementet sitt rundskriv T-1442. I retningslinene står det:

"I større upåvirkede naturområder, som for eksempel nasjonalparker, naturområder og fjellet og kjerneområder i bymarker er all hørbar fremmed lyd i prinsippet uønsket."

Helikoptertransport til Kalda-Kari/Nystølsnovi vil ikkje vere i samsvar med desse retningslinene.

Miljøverndepartementet er klår over behovet for å leggje til rette for næringsutvikling og turisme i Veitastrond. Etter departementet si oppfatning må det leggjast til rette for ein meir berekraftig næringsutvikling, som ikkje fører til bruk av helikopter og utbygging i sårbare høgfjellsområde.

Etter dette finn Miljøverndepartementet at det ikkje vil vere i samsvar med nasjonal areal- og miljøpolitikk å leggje til rette for helikoptertransport av turistar og servicebygg i det aktuelle fjellområdet.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne stadfeste Luster kommunestyre sitt vedtak 17. februar 2005 om reguleringsplan for prosjekt Kalda-Kari.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Luster kommune
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning
Asbjørn Nes, Kalda-Kari AS, 6878 Veitastrond
Bjørn Skovly, Kalda-Kari AS, 6878 Veitastrond

Vedlegg:
Saksdokumenta i retur