Meld. St. 18 (2009-2010)

Fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2010 og fisket etter avtalane i 2008 og 2009

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg har med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart for første gong lagt fram i 1995. Vi viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet vekt på å gje ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane. Desse avtalane er ikkje særskilt omtalte i denne meldinga.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2010, og norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Vi gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på avtalte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Til sist gjev meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar har utnytta kvotane sine i 2008 og 2009, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

Kvoteavtalane for 2010 finst på Fiskeri- og kystdepartementet sine heimesider: http://www.regjeringen.no/fkd

1.2 Kvoteavtalane for 2010, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2010 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk på 628 000 tonn, som er ein auke frå i 2009. Denne kvoten inkluderer òg kysttorsk. Partane har justert den etablerte forvaltningsstrategien ved at det er lagt inn ein ny mekanisme som skal sikre at kvotefastsetjinga også tek høgde for periodar med sterk vekst og oppskriving av bestanden. Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 83 910 tonn. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62°N på 271 045 tonn.

Hysbestanden er i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 194 000 tonn for 2009 til 243 000 tonn for 2010. Den norske kvoten er på 118 400 tonn etter overføring frå Russland, det vil seie 25 350 tonn meir enn i 2009.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2009 har, som i 2008, vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2010 vart partane einige om å halde fram arbeidet for å halde overfisket i Barentshavet og Norskehavet i sjakk, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. Partane vart også samde om å opprette ei arbeidsgruppe for harmonisering av tekniske reguleringar for delte bestandar i Barentshavet, med sikte på å gjere det enklare å halde og kontrollere reglane, samstundes som fiskeria er berekraftige og gjev langsiktig rasjonell utnytting. Torskebestanden i nord er i god forfatning, og for 2009 vart det ikkje registrert noko overfiske i Barentshavet.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2010 vart kvoten på torsk i Nordsjøen sett til 33 552 tonn. Det er ein auke frå 2009. Dette er i tråd med den reviderte gjenoppbyggingsplanen. Kvoten må også sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret for i praksis å redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse redusert til 35 749 tonn og seikvoten til 107 044 tonn. Kvitingkvoten på 12 897 tonn er ein nedgang frå 2009. Kvoten for raudspette er auka frå 2009 til 2010.

For makrell lykkast partane enda ikkje å einast om ein avtale for 2010. Noreg og EU inngjekk ein bilateral avtale og har starta arbeidet med forhandlingar om ein ny kyststatsavtale som inkluderer Færøyane og Island, med Russland som observatør.

Noreg har for 2010 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2010 med Færøyane og Grønland. Det er for 2010 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan også trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2009 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland, og ein firpartsavtale for kolmule vart underteikna for 2010.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet og Norskehavet i 2010, og har forplikta seg til ikkje å fastsetje større kvotar enn tidlegare år. Noreg har ikkje fiska på kvoten i 2009.

Noreg har også i 2009 vore representert i ulike møte i globale og regionale fiskeriforvaltnings- og verneorganisasjonar som CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraust atlantiske fiskeriorganisasjon).

Noreg har også i 2009 vore aktiv i ulike møte i både IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), og NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen).

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komite for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Frå 1. mai 2007 vart reglane om hamnestatskontroll i NEAFC sette i kraft. Desse reglane inneber at når fryst fisk som skal landast i land som er omfatta av NEAFC, må det stadfestast at fartøyet har kvote for den fangsten som skal landast. I 2009 er tilsvarande reglar innførte i NAFO.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk hausting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62ºN godt i 2008 og 2009.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild hausta i 2008, men fisket etter makrell vart i 2009 sterkt hindra grunna EU sitt vedtak om å stengje si sone for fiske av norske fartøy. Seikvoten vart ikkje oppfiska, verken i 2008 eller 2009.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten utnytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta store delar av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2008 og 2009. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska 35 % av botnfiskkvoten i 2009, medan utnyttingsgraden var høgare i 2008 (46%).

På grunn av for låg gytebestand har det ikkje vore grunnlag for å opne loddefiske for sesongen 2008/2009 ved Island. I 2010 vert loddefisket opna ved Island. I Barentshavet vart det i 2009 opna for loddefiske for første gongen på fem år.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2008 og 2009.

Utanlandsk hausting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet til 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 % av ubrukt kvote til neste år. Det vart også gitt tilgang til å forskottere inntil 10 % på neste års kvote. Alt fiske utover kvoten skal trekkjast frå kvoten neste år. Alle landa har, med unntak av Russland, fiska på forskot på 2010-kvoten. Dette skal trekkjast frå dei respektive kvotane for 2010.

Når det gjeld utanlandsk hausting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Russland utnytta 38 % av torskekvoten i norsk økonomisk sone (NØS) i 2008, i 2009 utnytta dei 41 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 70 % i 2008. I 2009 fiska Russland heile hysekvoten sin i NØS. Dei fiska om lag 136 077 tonn og 112 929 tonn norsk vårgytande sild i NØS i 2008 og 2009.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kolmule og tobis. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Haustinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I 2008 fiska færøyske fartøy 115 tonn sei i Nordsjøen, medan dei i 2009 fiska 911 tonn. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild i NØS i Nordsjøen i 2008 og 2009, medan fangstane på makrell i Nordsjøen har gått ned frå 2008 til 2009. Dei utnytta sildekvoten nord om 62°N fullt ut i 2008, medan dei fiska noko mindre enn den fastsette kvoten i 2009.

Grønland har utnytta torske- og hysekvotane godt i 2008 og 2009. Grønlandske fartøy fiska 511 tonn sei i 2008, og 697 tonn sei i 2009.

Island hausta både torskekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62°N i 2008 og 2009.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida