Meld. St. 3 (2009 – 2010)

Statsrekneskapen 2009

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen 2009.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane går det òg fram overført løyving frå 2008 til 2009 og overført løyving frå 2009 til 2010. Kapitalrekneskapen syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 gjev ein nærare omtale av dei einskilde departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet og summen av dei einskilde tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2009 er 1 051,9 mrd. kroner, medan utgiftene er 868,7 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 279,8 mrd. kroner, fordelt med 304,5 mrd. kroner i inntekter og 24,7 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 747,4 mrd. kroner, medan utgiftene er på 843,9 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 96,6 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2009 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 107,2 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kapittel 5800. Statsrekneskapen for 2009 vert dermed gjort opp med eit overskot på 10,7 mrd. kroner. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med knapt 5,9 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med knapt 4,8 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2009. Medrekna petroleumsverksemda auka inntektene med knapt 11,5 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med knapt 5,2 mrd. kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2009 er no rekna til 110,0 mrd. kroner. Dette er 18,0 mrd. kroner høgare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2009, der det strukturelle underskotet i 2009 vart rekna til 92,0 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda på 279,8 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet på 107,2 mrd. kroner, syner rekneskapen for Statens pensjonsfond 91,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte, fordelt med 86,5 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond utland og vel 4,7 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond Noreg. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 263,8 mrd. kroner i 2009. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 259,1 mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjort opp med eit overskot på 274,5 mrd. kroner i 2009.

Ved utgangen av 2009 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland 2 642,0 mrd. kroner. Det er 362,4 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2008. Forutan overskotet på 259,1 mrd. kroner syner Statens pensjonsfond utland ein auke på 103,3 mrd. kroner der netto kursvinst auka kapitalen i fondet med vel 105,4 mrd. kroner, medan kjøp av aksjar i Statoil ASA for 2,2 mrd. kroner reduserte kapitalen tilsvarande.

Frå utgangen av 2008 til utgangen av 2009 auka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 29,3 mrd. kroner, frå 87,8 mrd. kroner til 117,1 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 4,7 mrd. kroner og 24,6 mrd. kroner i samla kursvinst på aksje- og renteplasseringane.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vert det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane, og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det faktiske, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men òg av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville vere etterspørselstimulerande i gode tider og etterspørseldempande i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk. For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter avvik frå sine trendnivå. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Det vert korrigert for skilnaden mellom normalnivåa for staten sine renteinntekter og renteutgifter, og for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rad andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er basert på meir aggregerte berekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2009 er bruken av petroleumsinntekter i 2009 no rekna til 110,0 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er 18,0 mrd. kroner høgare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2009, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 92,0 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2009 er rekna til 91,2 mrd. kroner, eller 18,8 mrd. kroner lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det struk­turelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 6,0 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som vart vedteken i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 37 Om endringar i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, innebar at talet for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet auka med 28,5 mrd. kroner til 120,5 mrd. kroner. Forslaga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009 auka det strukturelle, oljekorrigerte underskotet med ytterlegare 9,5 mrd. kroner til 129,9 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2009 til nysaldert budsjett for 2009 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet redusert med 5,5 mrd. kroner til 124,4 mrd. kroner, som følgje av ny informasjon om utgiftene på statsbudsjettet og utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til 110,0 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2009
Oljekorrigert underskot på statsbudsjettet96 561
– Overføringar frå Noregs Bank ut over berekna trendnivå6 270
– Netto renteinntekter. Avvik frå berekna trendnivå-4 435
– Særskilde rekneskapshøve6 058
– Aktivitetskorreksjonar-21 292
= Strukturelt, oljekorrigert underskot109 961

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond for 2009.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart redusert med 232,7 mrd. kroner, frå 507,2 mrd. kroner i 2008 til 274,5 mrd. kroner i 2009. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med vel 2,4 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 87,2 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet auka med 84,8 mrd. kroner frå 2008 til 2009.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart redusert med 136,1 mrd. kroner, frå 415,9 mrd. kroner i 2008 til 279,8 mrd. kroner i 2009, i hovudsak grunna lågare oljepris. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond gjekk ned med 11,9 mrd. kroner, frå 103,1 mrd. kroner i 2008 til 91,3 mrd. kroner i 2009.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2009 (tal i mill. kroner):

    Rekneskap 2008Saldert budsjett 2009Nysaldert budsjett 2009Rekneskap 2009
1.Statsbudsjettet
A Inntekter i alt1 182 6311 194 6621 040 4271 051 889
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda437 705421 540298 919304 513
A.2 Inntekter utanom petroleumsverksemda744 927773 122741 508747 376
B Utgifter i alt778 563848 472873 851868 656
B.1 Utgifter til petroleumsverksemda21 83926 70025 12224 719
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemda756 724821 772848 729843 937
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-11 797-48 650-107 221-96 561
+Overført frå Statens pensjonsfond utland8 37048 650107 221107 221
=Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar-3 4270010 660
2.Statens pensjonsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland415 866394 840273 797279 794
Overført til statsbudsjettet8 37048 650107 221107 221
+Renteinntekter og utbyte i fondet1103 11787 200108 40091 255
=Overskot i Statens pensjonsfond510 613433 390274 976263 828
3.Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond
Samla overskot507 186433 390274 976274 488

1 For 2008 var renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland 97,8 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 5,3 mrd. kroner. For 2009 var tala 86,5 mrd. kroner og 4,7 mrd. kroner.

Kilde: Finansdepartementet

1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2009 gjekk ned med 154,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 25,4 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 31,6 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 27,0 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 107,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2009, noko som er 58,6 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.

Auken i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med ein vesentleg nedgang i skatte- og avgiftsinntektene på 21,0 mrd. kroner. Ein stor del av denne nedgangen kan førast tilbake til konjunktursituasjonen. Samstundes auka utgiftene med 27,0 mrd. kroner, i hovudsak som følgje av tiltak for å dempe effekten av den internasjonale finanskrisa.

Budsjettutviklinga gjennom 2009 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 1 S (2009 – 2010) Statsbudsjettet 2010, Meld. St. 1 (2009–2010) Nasjonalbudsjettet 2010, St.prp. nr. 67 (2008 – 2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009, St.meld. nr. 2 (2008 – 2009) Revidert nasjonalbudsjett 2009, St.prp. nr. 37 (2008 – 2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid og Prop. 61 S (2009 – 2010) Ny saldering av statsbudsjettet 2009.

1.5.2 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2009 er det oljekorrigerte underskotet 96,6 mrd. kroner. Dette er 10,7 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jf. tabell 1.2. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med 5,9 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med 4,8 mrd. kroner.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet slik det vart forventa då. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2009 gjort opp med eit overskot på 10,7 mrd. kroner. Endringa på 10,7 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 5,9 mrd. kroner, frå 741,5 mrd. kroner til 747,4 mrd. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter vart 3,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter auka med til saman om lag 2,9 mrd. kroner.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda gjekk ned med 4,8 mrd. kroner, frå 848,7 mrd. kroner til 843,9 mrd. kroner.

Medrekna i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,9 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Mindreutgifter i 2009 knytt til at overføringane frå 2009 til 2010 vart høgare enn overføringane frå 2008 til 2009, er òg rekna med i dei reduserte utgiftene frå nysalderinga til rekneskapen.

Endringar i inntektene

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter samanlikna med nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg2 997
+ Renteinntekter, medrekna ­renteinntekter under folketrygda og lån til helseføretaka-695
+ Andre inntekter, netto1 705
= Auka inntekter utan standard refusjonar4 007
+ Meirinntekter frå standard refusjonar1 861
= Samla auka inntekter5 868

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. vart samla sett 4,0 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene gjekk opp med om lag 3,0 mrd. kroner, medan andre inntekter auka med om lag 1,0 mrd. kroner. Av dette syner rekneskapen 0,7 mrd. kroner i reduserte inntekter frå renter, og andre inntekter ein netto auke på 1,7 mrd. kroner der meirinntekter på budsjettposter som det er knytt meirinntektsfullmakter til, utgjer om lag 1,4 mrd. kroner. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Forsvaret og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert for 2009. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for mellom anna ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter. Samla sett auka inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda med 5,9 mrd. kroner frå nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter samanlikna med nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar242
+ Renteutgifter-620
+ Stønader under folketrygda medrekna utgifter til dagpengar-745
+ Bustønad-252
+ Tilskot til Statens pensjonskasse-327
+ Mindreutgifter motsvara av auka overføringar til 2010-4 905
+ Meirutgifter motsvara av ­meirinntektsfullmakter1 376
+ Andre utgifter, netto-1 421
= Endring utgifter før standard refusjonar-6 652
+ Meirutgifter motsvara av standard ­refusjonar1 861
= Samla endring, utgifter-4 792

Samla syner rekneskapen mindreutgifter på 4,8 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå auka utgifter som heng saman med standard refusjonar, syner rekneskapen knapt 6,7 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett. Med i denne netto endringa ligg meirutgifter på knappe 1,4 mrd. kroner som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltninga si bruk av meirinntektsfullmakter. Vidare gjekk overføringane av unytta løyvingar frå 2009 til 2010 opp med om lag 4,9 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2008 til 2009, jf. nærare omtale nedafor.

Utgiftene til fleire av dei regelstyrte ordningane i statsbudsjettet gjekk ned frå anslaga som låg til grunn for nysaldert budsjett til rekneskapen. Utgiftene til stønader under folketrygda vart 0,7 mrd. kroner lågare enn anslått i nysaldert budsjett, medan utgiftene til pensjonar under Statens pensjonskasse og utgiftene til bustønad kvar for seg vart 0,3 mrd. kroner lågare. Medan utgiftene til momskompensasjon til kommunane gjekk opp med 0,2 mrd. kroner, gjekk renteutgiftene samla ned med 0,6 mrd. kroner.

Sett bort frå dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen for 2009 som er forklarte ovafor, er det dermed ein netto utgiftsreduksjon på vel 1,4 mrd. kroner som fordeler seg på ei rekkje løyvingar. Utgiftene vart lågare enn forventa i nysaldert budsjett til mellom anna klima- og skogsatsinga på bistandsbudsjettet med 0,6 mrd. kroner, drifts- og investeringsutgiftene under Jernbaneverket og Statens vegvesen med til saman 1,3 mrd. kroner og kjøp av klimakvotar med til saman vel 0,6 mrd. kroner. Andre utgifter auka med om lag 1,1 mrd. kroner. Mindreutgiftene frå tala i nysaldert budsjett til rekneskapen bidreg til å forklare auken i overførte løyvingar frå 2009 til 2010 samanlikna med overføringane frå 2008 til 2009, jf. omtalen nedafor.

Overført, unytta løyving til 2010

Frå 2008 til 2009 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 7,3 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2009 til 2010 er på 12,2 mrd. kroner. Det tilsvarar ein auke på om lag 4,9 mrd. kroner.

Ved Stortingets handsaming av St.prp. nr. 37 (2008 – 2009) med tiltak for arbeid vart utgiftene auka med til saman om lag 16,9 mrd. kroner, fordelt på ein rekkje poster i budsjettet. Desse postane syner eit samla mindreforbruk på om lag 4,3 mrd. kroner samanlikna med løyvingane i nysaldert budsjett. Dei unytta løyvingane vert i all hovudsak overførte til 2010, og inngår i dei samla overføringane på 12,2 mrd. kroner. På dei same postane vart det overført 1,6 mrd. kroner frå 2008 til 2009. Dermed forklarar desse postane 2,7 mrd. kroner av auken i overføringane. Dei største overførte beløpa gjeld investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar, arbeidsmarknadstiltak, utgifter til Statens vegvesen og Jernbaneverket, og Innovasjon Noreg. Ut over postar som fekk tilleggsløyvingar i samband med handsaminga av St.prp. nr. 37 er det store overføringar knytt til postane for kjøp av klimakvotar, klima og skogsatsinga, og NAV-reforma. Nokre departement syner òg ein mindre auke i overføringane. Tabell 1.3 i vedlegg 1 syner ei meir detaljert oversikt over endra overføring per departement.

Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner):

ÅrOverført løyvingAuke/nedgang (-) frå førre år
2005–20067 223676
2006–200710 0022 779
2007–20089 010-992
2008 – 20097 287-1 724
2009 – 201012 1924 905

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal syne utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter, petroleumsverksemda, og for einskilde rekneskapsmessige høve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gjev uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2009.

I Nasjonalbudsjettet 2009 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 3¼ prosent, medan det i nysaldert budsjett for 2009 vart lagt til grunn ein reell, underliggjande vekst i utgiftene på statsbudsjettet på 6½ prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2009 er veksten rekna til vel 5½ prosent, dvs. ei nedjustering med om lag eitt prosentpoeng sidan anslaget i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten frå nysaldert budsjett er i hovudsak knytt til lågare utgifter enn tidlegare lagt til grunn.

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 syner utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2008 er lånebehovet auka med 150,7 mrd. kroner, frå 25,6 mrd. kroner i 2008 til 176,3 mrd. kroner i 2009. Endringane i utlån og aksjeteikning på 140,4 mrd. kroner er i hovudsak knytt til opprettinga av Statens obligasjonsfond og Statens finansfond som kvar fekk ein kapital på 50 mrd. kroner, og auka utlån i Innovasjon Noreg på 17,5 mrd. kroner. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 0,4 mrd. kroner høgare enn forventa ved nysalderinga.

Endringane i utlån kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Statens lånekasse for utdanning422
Bustadlån til statstilsette36
Forskot på rammetilskot til kommunar142
Husbanken3
Innovasjon Noreg55
Forvaltning av statleg eigarskap, aksjar-237
Andre utlån, netto-1
Samla endring utlån420

Tilbakebetalingane vart vel 0,9 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (tal i mill. kroner):

Statens lånekasse for utdanning253
Forskot på rammetilskot til kommunar180
Husbanken445
Innovasjon Noreg15
Andre låntakarar, netto-2
Samla endring i tilbakebetalingane891

Netto utlån vart dermed knapt 0,5 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Då rekneskapen syner eit overskot på 10,7 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 11,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 11,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

I 2008 kjøpte staten aksjar for 17,1 mrd. kroner i Statoil ASA, medan det i 2009 er kjøpt aksjar for 2,2 mrd. kroner. Kjøpa vert dekka ved overføring frå Statens pensjonsfond utland. I nysaldert budsjett vart det budsjettert med utgifter til lån til Norpipe Oil AS med 25 mill. kroner. Det vart ikkje rekneskapsført utgifter til dette føremålet i 2009.

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2009 (tal i mill. kroner):

    Rekneskap 2008Saldert budsjett 2009Nysaldert budsjett 2009Rekneskap 2009
Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.m.70 71482 326210 693211 113
Tilbakebetalingar48 54357 13968 18469 075
Statsbudsjettet sitt overskot-3 4270010 660
=Netto finansieringsbehov25 59925 186142 509131 379
+Gjeldsavdrag044 95144 95144 951
=Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov25 59970 137187 460176 330
Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA m.m.0000
Utlån, aksjeteikning m.m.17 13602 1872 162
=Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda vert overførte til Statens pensjonsfond utland-17 1360-2 187-2 162

Kilde: Finansdepartementet

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2009 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 684,7 mrd. kroner i 2009, ein auke med 4,3 mrd. kroner eller 0,6 prosent frå året før. Svakare økonomiske aktivitet og nedgang i sysselsetjinga samanlikna med det som vart lagt til grunn hausten 2008, har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 18,0 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2009. Nedgangen må sjåast i samanheng med den internasjonale finanskrisa. Skatte- og avgiftsinntektene vart 3,0 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2009, mellom anna på grunn av sterkare vekst i inntektene frå meirverdiavgifta mot slutten av året.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 684,7 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2009 utgjorde skatt på inntekt og formue 190,5 mrd. kroner og arveavgifta 2,4 mrd. kroner. Frå 2008 til 2009 gjekk desse inntektene ned med 1,0 prosent, frå 194,9 mrd. kroner til 192,9 mrd. kroner.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 218,9 mrd. kroner i 2009, ein auke på 6,3 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta gjekk ned med 2,9 prosent til 185,2 mrd. kroner i 2009.

Frå 2008 til 2009 gjekk andre særavgifter og tollinntekter ned med 1,3 prosent, frå 88,9 mrd. kroner til 87,8 mrd. kroner.

1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2009 om lag 24,7 mrd. kroner, der 23,6 mrd. kroner var investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE omfattar i hovudsak driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Inntektene frå petroleumsverksemda vart 304,5 mrd. kroner i 2009. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed 279,8 mrd. kroner.

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdi av fondet sine eigedelar.

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta, vart 169,0 mrd. kroner i 2009.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 1,5 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalte avgifter frå petroleumsverksemda vart 268 mill. kroner lågare enn venta.

Andre inntekter frå petroleumsverksemda

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE vart i ny­salderingsproposisjonen rekna til 115,7 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2009 er 120,1 mrd. kroner. Utbyte frå Statoil ASA vart i 2009 knapt 15,5 mrd. kroner, som er same nivå som lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett gjekk inntektene frå petroleumsverksemda ned med 122,6 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda gjekk ned med 1,6 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda gjekk dermed ned med 121,0 mrd. kroner, frå 394,8 mrd. kroner til 273,8 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond utland auka med 21,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, som svarer til anslaget på det oljekorrigerte budsjettunderskotet, gjekk opp med knapt 58,6 mrd. kroner, frå 48,7 mrd. kroner i saldert budsjett til 107,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Samla sett innebar dette ein reduksjon av anslaget for overskotet i Statens pensjonsfond utland med 158,4 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Auka petroleumsskattar og CO2/NOx-avgift1 266
+ Auka inntekter frå statleg ­petroleumsverksemd og utbyte frå Statoil ASA4 328
+ Reduserte investeringar i statleg ­petroleumsverksemd m.m.403
= Netto endring i petroleumsinntekter5 997

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda vart om lag 6 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk opp frå 273,8 mrd. kroner til 279,8 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Inntektene frå petroleumsskattar og CO2/NOx-avgift vart 1,3 mill. kroner høgare, inntektene frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå Statoil ASA auka med 4,3 mrd. kroner, medan investeringsutgiftene vart vel 0,4 mrd. kroner lågare.

Det er overført 107,2 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, noko som inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond utland for 2009 samla sett er 6 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum med fråtrekk for overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart dermed 172,6 mrd. kroner i 2009.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i Statens pensjonsfond utland ned frå 108,4 mrd. kroner til 91,3 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond utland dermed 259,1 mrd. kroner i 2009, noko som er 11,0 mrd. kroner lågare enn forventa i nysaldert budsjett.

Ut over overskotet syner fondet ein auke på 103,3 mrd. kroner, der netto kursvinst auka fondets kapital med vel 105,4 mrd, kroner, medan kjøp av aksjar i Statoil ASA reduserte kapitalen med 2,2 mrd. kroner. Auken på 105,4 mrd. kroner kjem av realiserte tap på 83,5 mrd. kroner, urealiserte vinstar på 606,6 mrd. kroner og 417,6 mrd. kroner i redusert verdi av fondet grunna styrka kronekurs.

Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka frå 2 279,6 mrd. kroner ved utgangen av 2008, til 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen av 2009.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda.

1.10 Utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med førerett

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innafor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008 – 2009) og Innst. S. nr. 12 (2008 – 2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett.

Det er i 2009 bokført 3,0 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 2,4 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). I kapitalrekneskapen per 31.12.2009 er mottekne obligasjonar med førerett bokført på eigedelssida med til saman 240 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytt til ordninga er bokført på gjeldssida med 229 mrd. kroner (bokført som del av kontogruppe 8055). Kurs- og tryggingselement er bokført med 13,2 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).

Til forsiden