Meld. St. 3 (2013–2014)

Statsrekneskapen 2013

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i statsrekneskapen

1.1 Hovudtal

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2013.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2012 til 2013 og overført løyving frå 2013 til 2014. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala.1 Det er lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2013 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 29 S (2013–2014) Ny saldering av statsbudsjettet 2013.

I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2013

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Netto kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (01–29)

150 439

150 439

150 438

1

0

Investeringar (30–49)

69 114

69 114

35 529

33 585

0

Overføringar (50–89)

1 188 722

843 571

843 571

0

345 151

Sum post 01–89

1 408 275

1 063 124

1 029 538

33 585

345 151

Lånetransaksjonar (post 90–99)

233 208

233 208

233 208

0

0

Sum utgifter

1 641 483

1 296 331

1 262 746

33 585

345 151

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (01–29)

155 267

155 267

23 663

131 604

0

Inntekter frå nybygg, anlegg m.m. (30–49)

22 788

22 788

2 526

20 262

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (50–89)

1 231 105

1 113 765

886 894

226 871

117 340

Sum post 01–89

1 409 160

1 291 821

913 084

378 737

117 340

Tilbakebetalingar (post 90–99)

96 233

96 233

96 233

0

0

Sum inntekter før statslånemidlar

1 505 394

1 388 054

1 009 317

378 737

117 340

Netto post 01–89 (underskot før lånetransaksjonar)

-885

-228 697

116 454

-345 151

227 812

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99)

136 974

136 974

136 974

0

0

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

136 089

Sum inntekter

1 641 483

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2013

2012

Endring

Sum eigedelar

6 402 877

5 151 920

1 250 957

Sum gjeld

717 349

720 416

-3 067

Avslutningskonto (eigenkapital)

5 685 528

4 431 504

1 254 024

Endring i eigenkapitalen:

Auka verdi Statens pensjonsfond

1 230 529

Avsetjing av overskot før lånetransaksjonar i balansen

885

Auka avsetjing av overførte midlar

-766

Anna endring i eigenkapitalen

23 376

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2013 gruppert etter art for høvesvis utgifter og inntekter. Utgifter og inntekter knytt til petroleumsverksemda og utbetalingar til og innbetalingar frå Statens pensjonsfond utland (SPU) er sette opp særskilt. Dei samla utgiftene vart 1 641,5 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 505,4 mrd. kroner. Summen av overskotet før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 136,1 mrd. Dette er postert på kapittel 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 641,5 mrd. kroner.

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2013 med 1 254,0 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskot i statsrekneskapen før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan eigenkapitalen går ned som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin aukar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtala i kapittel 4.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 01–89) utanom kontanstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1. går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2013 vart 116,5 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit overskot på 0,9 mrd. kroner.

Statens pensjonsfond består av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.4.

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 358,9 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 359,8 mrd. kroner i 2013, jf. tabell 1.4.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

345,2

345,2

Overført til statsbudsjettet

-117,3

-117,3

Renter og utbyte

125,3

5,7

131,1

Overskot

353,1

5,7

358,9

Kapital per 31.12.2012

3 824,5

145,1

3 969,6

Overskot

353,1

5,7

358,9

Valutakursregulering

291,4

-

291,4

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

563,3

16,9

580,2

Kapital per 31.12.2013

5 032,4

167,8

5 200,2

Endra verdi

1 207,9

22,6

1 230,5

1.2 Budsjettpolitikken og det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken, jf. St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Dei inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverka til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Meininga med retningslinene er å syta for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar retningslinene for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulera produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vera naudsynt å halda attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2013 er bruken av petroleumsinntekter i 2013 no rekna til 117,6 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 8 mrd. kroner mindre enn i Nasjonalbudsjettet 2013, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 125,3 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2013 er rekna til 153,0 mrd. kroner, eller om lag 35,4 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 5,1 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg og til 3,1 prosent av Statens pensjonsfond utland.

I Revidert nasjonalbudsjett 2013 vart anslaget på det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 0,7 mrd. kroner, til 124,6 mrd. kroner. Dei strukturelle skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med om lag 1,3 mrd. kroner, medan budsjettet vart styrkt med netto 1,9 mrd. kroner på andre postar. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2013 til nysaldert budsjett 2013 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 5,5 mrd. kroner, til 119,2 mrd. kroner etter ny informasjon om utgiftene i statsbudsjettet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til å vera 1,6 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein jamn og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som kan føra til ustabil økonomisk utvikling, er bruken av petroleumsinntekter målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje det faktiske oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet er ikkje berre avhengig av budsjettpolitikken, men òg av konjunkturane. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auka i ein konjunkturnedgang og minka i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgja utviklinga i venta avkastning av Statens pensjonsfond utland, måtte ein stramma til politikken i nedgangstider, medan ein kunne setja ned skattane eller auka utgiftene i oppgangstider. Ein slik politikk ville auka etterspurnaden i gode tider og dempa han i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk.

For å koma frå det oljekorrigerte budsjettunderskotet til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein desse korreksjonane:

  • Ein korrigerer for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, og reknar budsjettverknadene av at dei ulike inntektene frå skattar og avgifter skil seg frå trendnivået sitt. Dessutan tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause følgjer konjunkturane.

  • Ein korrigerer for skilnaden mellom normalnivået for dei statlege renteinntektene og renteutgiftene og dei verkelege rentestraumane, og for skilnaden mellom normalnivået for overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overføringane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og endringar i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rekkje andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I samsvar med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane byggjer på meir aggregerte utrekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta.

1.3 Utviklinga i det oljekorrigerte underskotet

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, oljekorrigert overskot og overskotet i statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond i 2012 og 2013.

1.3.1 Utviklinga i rekneskapen frå 2012 til 2013

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond minka med 50,1 mrd. kroner, frå 409,9 mrd. kroner i 2012 til 359,8 mrd. kroner i 2013. Det oljekorrigerte underskotet auka med 15,6 mrd. kroner frå 2012 til 2013.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond 2013 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Nysaldert budsjett 2013

Rekneskap 2013

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

1 290 729

1 314 841

1 289 182

1 291 821

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

421 093

401 187

379 731

378 737

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

869 636

913 654

909 451

913 084

B

Utgifter i alt

996 144

1 065 320

1 059 292

1 063 124

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

25 610

28 002

32 502

33 585

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

970 534

1 037 318

1 026 790

1 029 538

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2–B.2)

-100 898

-123 663

-117 340

-116 454

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

104 550

123 663

117 340

117 340

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar1)

3 652

0

0

885

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

395 483

373 185

347 229

345 151

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

104 550

123 663

117 340

117 340

+

Renteinntekter og utbyte i fondet2)

115 307

130 600

128 300

131 072

=

Overskot i Statens pensjonsfond1)

406 240

380 122

358 190

358 884

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot1)

409 892

380 122

358 190

359 769

1) Overskotet i statsbudsjettet, Statens pensjonsfond og samla overskot er i samsvar med definisjonane av nettofinansinvesteringar i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen, som Statistisk sentralbyrå set opp. Etter definisjonane i nasjonalrekneskapen er realiserte og urealiserte vinstar og tap ikkje rekna som netto finansinvestering, og difor er dei ikkje med i dette oppsettet, som er nytta i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

2) For 2013 utgjer renter og utbyte i Statens pensjonsfond utland (SPU) 125,327 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 5,746 mrd. kroner. For 2012 var renter og utbyte i SPU 109,652 mrd. kroner og i Statens pensjonsfond Noreg 5,655 mrd. kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond i 2013 vart 358,9 mrd. kroner. Av dette var overskotet for SPU 353,1 mrd. kroner, medan det i 2012 var 400,6 mrd. kroner. Kapittel 3 inneheld eit detaljert resultatoppsett for Statens pensjonsfond.

Kjelde: Finansdepartementet

1.3.2 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett 2

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2013 vart 25,7 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftsløyvingane vart 6,0 mrd. kroner lågare. Utanom petroleumsverksemda vart inntektene 4,2 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene vart 10,5 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 117,3 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2013, som er 6,3 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett.

Av nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett på 6,3 mrd. kroner var 4,8 mrd. kroner knytt til lågare skatte- og avgiftsinntekter. Rente- og utbyteinntektene er netto reduserte med 1,4 mrd. kroner, medan andre inntekter under departementa auka med 2,0 mrd. kroner. Utgiftene vart 10,5 mrd. kroner lågare. Renteutgiftene vart 0,8 mrd. kroner lågare. Andre utgifter er netto reduserte med om lag 9,7 mrd. kroner, medrekna nedsetjinga på kapittel 2309 Ymse utgifter i nysalderinga.

Budsjettutviklinga gjennom 2013 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 29 S (2013–2014) Ny saldering av statsbudsjettet 2013.

1.3.3 Utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2013 er det oljekorrigerte underskotet 116,5 mrd. kroner. Dette er 0,9 mrd. kroner mindre enn i nysalderinga og 7,2 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett, jf. tabell 1.4. Som del av BNP for Fastlands-Noreg er endringane i det oljekorrigerte underskotet små, høvesvis 0 prosent og -0,3 prosent. Det vil alltid vera uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal, og endringane i 2013 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik dei siste 20 åra. Sjå boks 1.2 om uvisse i budsjettanslaga.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkja det venta oljekorrigerte underskotet. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2013 gjord opp med eit overskot på 0,9 mrd. kroner. Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 3,6 mrd. kroner, frå 909,5 mrd. kroner til 913,1 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 2,7 mrd. kroner, frå 1 026,8 mrd. kroner til 1 029,5 mrd. kroner.

Medrekna i desse tala er meirinntekter og meirutgifter frå standardrefusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i nysaldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for utgifter til arbeidsmarknadstiltak i statlege verksemder, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Medrekna er òg meirinntekter på løyvingar med meirinntektsfullmakter som heimlar meirutgifter i departementa og forvaltninga.

Overførte, unytta løyvingar frå 2013 til 2014 vart 0,8 mrd. kroner høgare enn overføringane frå 2012 til 2013, noko som medverkar til lågare utgifter i rekneskapen.

Tabell 1.5 Endringar i inntektene etter nysalderinga

Endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

-2 029

+

Renteinntekter og utbyte utan Statoil

-65

+

Inntekter utanom renteinntekter frå statens forretningsverksemd

197

+

Andre inntekter

1 683

=

Auka inntekter utan standardrefusjonar og meirinntekter

-214

+

Meirinntekter frå meirinntektsfullmakter

1 566

+

Meirinntekter frå standardrefusjonar

2 281

=

Samla endring, inntekter

3 634

Tabell 1.6 Endringar i utgiftene etter nysalderinga

Endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter frå nysaldert budsjett til rekneskapen (tal i mill. kroner):

Momskompensasjon til kommunar, fylkeskommunar og frivillige

186

+

Renteutgifter

130

+

Stønader i folketrygda medrekna utgifter til dagpengar

-411

+

Auka investeringar og drift i Jernbaneverket

82

+

Auka investeringar, drift og tilskot under Statens vegvesen

544

+

Kjøp av materiell m.m. under Forsvaret

-92

+

Kjøp av klimakvotar

234

+

Klima og skogsatsinga, fornybar energi

-752

+

Tilskot til omsorgs- bustader og sjukeheimsplassar

399

+

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkarar og flyktningar m.m.

623

+

Statleg forvaltning av barnevernet

157

+

Stipend frå Lånekassa

131

+

Eksportkreditt (agio)

131

+

Mindreutgifter motsvara av auka overføringar til 2014

-766

+

Andre utgifter netto

-1 695

=

Endring utgifter før standardrefusjonar og meirinntekter

-1 099

+

Meirutgifter motsvara av meirinntektsfullmakter

1 566

+

Meirutgifter motsvara av standardrefusjonar

2 281

=

Samla endring, utgifter

2 748

Boks 1.2 Om uvisse i budsjettanslaga

Statsbudsjettet har både ein konstitusjonell, ein politisk og ein administrativ funksjon. Eit viktig føremål med budsjettet er å sikra at ressursane til fellesskapet vert nytta i samsvar med politiske prioriteringar og slik at ein får mest mogeleg att for pengane. Finanspolitikken må stø opp under sysselsetjing, verdiskaping og rettferdig fordeling. Kor godt ein lukkast med dette, kan ikkje målast i rekneskapen.

Rekneskapen fortel kor godt ein har treft med anslaga ein gjorde ved byrjinga av året og gjennom året. For ei rekkje budsjettpostar er utfallet eit resultat av summen av avgjerdene til einskildmenneske, verksemder og andre aktørar innanlands og utanlands. Til dømes er skatteinntektene avhengige av utviklinga i sysselsetjing, privat forbruk og investeringar i bustader og verksemder. Utbetalingane av mellom anna arbeidsløysetrygd svingar med utviklinga i arbeidsmarknaden.

Når budsjettet vert laga, har ein ikkje all informasjon om den økonomiske utviklinga i budsjettåret. Rekneskapen er på si side påverka av endringar i det økonomiske opplegget og av eventuelle endringar i føringsmåte og oppstilling på postar i statsbudsjettet. Det er såleis mykje uvisse knytt til framskrivingar av budsjettal og andre makroøkonomiske tal.

Statsbudsjettet spelar dessutan ei viktig rolle i stabiliseringspolitikken. I Noreg har skiftande regjeringar lagt stor vekt på at dei såkalla automatiske stabilisatorane skal få verka. Stabilisatorane dempar verknaden som brå endringar i økonomien har på den samla etterspurnaden og dermed på aktivitetsnivået i økonomien, men gjev tilsvarande stort utslag i offentlege budsjett. I ein høgkonjunktur vil til dømes skatte- og avgiftsinntektene til staten auka. Så lenge andre budsjettpostar ikkje vert endra, dreg dette inn kjøpekraft frå husstandar og verksemder og dempar aktiviteten i økonomien. Samstundes aukar statens inntekter. I ein lågkonjunktur vert skatteinntektene mindre og utgiftene til trygd større. Dette kan endra rekneskapsresultatet ved utgangen av året monaleg. Eit avvik vil då berre visa at stabilisatorane har verka slik dei skulle.

For å styra finanspolitikken må ein dessutan vita om endringane i økonomien er konjunkturelle, og vert borte etter ei stund, eller om dei er strukturelle og vert verande att når konjunkturane snur. Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet er forklart i boks 1.1. Det strukturelle underskotet er berekna tal. Fyrst etter fleire år er det mogeleg å slå fast om utslaga i økonomien kom av konjunkturane eller var eit uttrykk for underliggjande strukturelle endringar. Difor vert anslaga for den strukturelle budsjettbalansen reviderte i ettertid. Anslaga for strukturell budsjettbalanse i Noreg har vist seg å treffe betre enn i mange andre land, jf. boks 3.2 i Nasjonalbudsjettet 2013.

Figur 1.1.A syner totaltala for anslag og rekneskap for budsjettbalansen utanom inntekter og utgifter knytte til petroleumsverksemda, det vil seia den oljekorrigerte budsjettbalansen. Tala er målte i høve til BNP for Fastlands-Noreg. Figuren syner at budsjett og rekneskap følgjer kvarandre godt. Revisjonane av budsjettet gjennom året kan utgjera store kronebeløp, men er gjennomgåande små rekna i prosent. Revisjonane kan botna i ynskte endringar i politikken eller i at utviklinga på ulike område har vore annleis enn venta. Til dømes vart underskotet i 2010 monaleg mindre enn i budsjettframlegget fordi verknaden av finanskrisa vart mindre enn frykta.

Dei store svingingane i den oljekorrigerte budsjettbalansen må fyrst og fremst sjåast i samanheng med konjunkturutviklinga i norsk økonomi. I dårlege år vert underskotet til staten større enn det elles ville ha vore. I gode år er det motsett. Dette kjem av dei automatiske stabilisatorane, men òg av korleis politikken vert innretta. Den finanspolitiske tiltakspakka mot finanskrisa i 2009 er eit døme på dette.

Figur 1.1.B syner avvik mellom budsjett og rekneskap for den oljekorrigerte budsjettbalansen. Der avviket er mindre enn null, har ein budsjettert med eit større oljekorrigert underskot enn det som vart resultatet i rekneskapen. Nokre år er avviket mindre enn null og andre år større enn null og i om lag 1/3 av åra var avviket frå saldert budsjett til rekneskap større enn null. Tala tyder på at det ikkje er systematiske over- eller undervurderingar.

Figuren syner òg at det er lettare å budsjettera seinare på året når uvissa har minka. Avvika er mindre i november enn tidleg på året. Etter 1983 har likevel ikkje avvika i gjennomsnitt vore større enn -0,5 prosentpoeng frå saldert budsjett til rekneskapen og -0,3 prosentpoeng frå nysaldert budsjett til rekneskapen.

Figur 1.1 Oljekorrigert1 underskot frå 1983 til 2013. Budsjett og rekneskap

Figur 1.1 Oljekorrigert1 underskot frå 1983 til 2013. Budsjett og rekneskap

1 For dei tidlegaste åra er det oljekorrigerte underskotet berekna, ut frå dagens definisjon.

Kjelde: Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå.

Departementa har rapportert knapt 1,6 mrd. kroner i meirinntekter på ymse budsjettpostar som det er knytt meirinntektsfullmakter til. Nokre departement har høve til å utføra oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Andre inntekter vart 1,7 mrd. kroner høgare enn budsjettert. Hovudgrunnen er inntekter frå auksjon av frekvenslisens etter overgang til digitalt fjernsyn. Elles omfattar netto meirinntekter under departementa berre mindre beløp.

Når ein ser bort frå meirutgifter som heng saman med bruk av inntekter frå standardrefusjonar og andre meirinntektsfullmakter i departementa og forvaltninga, syner tabell 1.6 i alt 1,1 mrd. kroner lågare utgifter, fordelt på ei rekkje løyvingar.

Overført, unytta løyving til 2014

Frå 2012 til 2013 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 13,5 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2013 til 2014 er på 14,2 mrd. kroner. Det er ein auke på knapt 0,8 mrd. kroner.

Det er særleg Forsvarsdepartementet (0,3 mrd. kroner) og Utanriksdepartementet (0,8 mrd. kroner) som har ein auke i overførte løyvingar. Hovudgrunnane er nybygg, nyanlegg og materiellkjøp i Forsvaret og lågare utgifter til klima og skogsatsinga og fornybar energi under Utanriksdepartementet.

Den største nedgangen i overførte beløp finn ein under Kommunal- og regionaldepartementet (-0,4 mrd. kroner) og Olje- og energidepartementet (-0,3 mrd. kroner). Tabell 1.2 i vedlegg 1 syner eit meir detaljert oversyn over endra overføring per departement.

Tabell 1.7 Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner)

År

Overført løyving

Auke/nedgang (-) frå året før

2009–2010

12 192

4 905

2010–2011

10 832

-1 360

2011–2012

11 143

311

2012–2013

13 481

2 338

2013–2014

14 247

766

1.4 Veksten i utgiftene i statsbudsjettet

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til utrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert utrekna, står i kapittel 3 i nasjonalbudsjettet.

I Nasjonalbudsjettet 2013 var den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,4 prosent. I vedteke nysaldert budsjett for 2013 vart han rekna til 2,7 prosent, mellom anna som følgje av at utgiftene i 2012 vart lågare enn rekna hausten 2012. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2013 er veksten rekna til 2,4 prosent. Tal for reell, underliggjande utgiftsvekst dei siste ti åra går fram av tabell 1.8.

Tabell 1.8 Reell, underliggjande utgiftsvekst

År

Årleg vekst i prosent

2004

2,4

2005

1,1

2006

0,9

2007

2,0

2008

2,2

2009

5,5

2010

1,0

2011

1,8

2012

1,7

2013

2,4

1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.9 syner utviklinga i finansieringsbehovet i statsbudsjettet. Samanlikna med rekneskapen for 2012 har lånebehovet auka med 166,8 mrd. kroner, frå -30,8 mrd. kroner i 2012 til 136,1 mrd. kroner i 2013. Utlån og aksjeteikning m.m. auka med 35,0 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 62,5 mrd. kroner. Redusert tilbakebetaling og auken i lånebehovet må sjåast i samanheng med at kapitalen på 80 mrd. kroner i Fondet for forsking og nyskaping i 2012 vart tilbakeført og teknisk ført som ei tilbakebetaling til statskassa. Det vart ikkje betalt avdrag på statsgjelda i 2012, medan det i 2013 vart betalt 66,5 mrd. kroner. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Tabell 1.9 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2013 (tal i mill. kroner)

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Nysaldert budsjett 2013

Rekneskap 2013

Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda

Utlån, aksjeteikning m.m.

131 630

143 113

169 970

166 664

Tilbakebetalingar

158 728

84 935

95 642

96 233

Overskot i statsbudsjettet

3 652

0

0

885

=

Netto finansieringsbehov

-30 750

58 178

74 328

69 545

+

Gjeldsavdrag

0

66 544

66 544

66 544

=

Brutto finansieringsbehov i statsbudsjettet

-30 750

124 722

140 872

136 089

Kjelde: Finansdepartementet.

Utgiftene til utlån vart om lag 3,3 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Tabell 1.10 Endringar i lånetransaksjonar, utgifter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens lånekasse for utdanning

679

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

458

Husbanken

-1 337

Innovasjon Noreg

-1 050

Eksportkreditt Norge AS, utlån

-2 063

Andre utlån, netto

6

Samla endring utlån

-3 306

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvika frå finansieringsbehovet som går fram av tabell 1.9. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond som Fondet for forsking og nyskaping og Infrastrukturfondet. Dette er nærare omtalt i dei årlege proposisjonane om fullmakt til å ta opp statslån o.a.

I 2013 vart det overført 20 mrd. kroner i kapital til Infrastrukturfondet og Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering.

Meirutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 1,3 prosent av løyvinga, og meirutgiftene under Lånekassa svarar til 3,3 prosent av løyvinga. Mindreutgiftene på lån frå Husbanken svarar til 7,5 prosent av løyvinga.

Tilbakebetalingane vart knapt 0,6 mrd. kroner høgare enn det var venta i nysalderinga. Endringar i tilbakebetalingar frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.11.

Tabell 1.11 Endringar i lånetransaksjonar, inntekter etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Statens lånekasse for utdanning

-127

Eksportkreditt Norge AS, avdrag

1 701

Statskog SF, avdrag

-25

Husbanken

-111

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

398

Innovasjon Noreg

-1 245

Andre låntakarar, netto

0

Samla endring i tilbakebetalingane

591

Netto utlån vart dermed 3,9 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på knapt 0,9 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 4,8 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Det vart utgiftsført avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2013 i samsvar med budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed òg 4,8 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2013.

1.6 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2013 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 849,0 mrd. kroner i 2013, ein auke på 41,6 mrd. kroner eller 5,2 prosent frå året før.

I statsrekneskapen for 2013 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene om lag 6,9 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2013 vart anslaget sett ned 2,1 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2013-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg sett ned med endå 2,8 mrd. kroner. Samla inntekter frå skattar og avgifter vart i statsrekneskapen om lag 2,0 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 849,0 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2013 utgjorde skatt på inntekt og formue 243,4 mrd. kroner og arveavgifta 2,2 mrd. kroner. Frå 2012 til 2013 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 4,3 prosent. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 269,4 mrd. kroner i 2013, ein auke på 7,0 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 6,0 prosent, til 233,9 mrd. kroner i 2013. Frå 2012 til 2013 auka andre særavgifter og tollinntekter med 0,5 prosent, frå 99,7 mrd. kroner til 100,1 mrd. kroner. Sjå detaljar i vedlegg 1, tabell 1.1 og løyvingsrekneskapen i vedlegg 2, tabell 2.2.

1.7 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 33,6 mrd. kroner i 2013. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 206,4 mrd. kroner i 2013. Inntektene frå SDØE vart 157,9 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2013 vart 14,4 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 378,7 mrd. kroner i 2013, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 345,2 mrd. kroner. Det er 28,0 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og 2,1 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.12.

Tabell 1.12 Endring i netto kontantstraum frå statleg petroleumsverksemd etter nysalderinga (tal i mill. kroner)

Auka petroleumsskattar og CO2-/NOx-avgift

726

+

reduserte inntekter frå statleg petroleumsverksemd (SDØE) og utbyte frå Statoil ASA

-1 720

+

auka investeringsutgifter (SDØE)

-1 083

=

Netto endring i petroleumsinntekter

-2 078

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kapittel 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2013 vart 227,8 mrd. kroner. I kapittel 3 er det gjort nærare greie for resultat og verdiutvikling i Statens pensjonsfond utland.

Fotnotar

1.

I tabellane i statsrekneskapen kan det vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.

Nysaldert budsjett, vedteke av Stortinget desember 2013.
Til forsida