Meld. St. 8 (2009-2010)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2007 og 2008. Meldinga omtalar enkelte aktuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2007 og 2008 enkelte saker frå 2009.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 29. februar 2008, jf. St. meld. nr. 13 (2007-2008) Om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 2005 og 2006 og Innst. S. nr. 197 (2007-2008).

Utforminga av meldinga er gjort på same vis som førre melding. Meldinga gir ei utgreiing om gjennomføringa av og kontrollen med omsetninga i første hand i kapittel 2 og 3, og ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane for 2007 og 2008 frå styret til Eksportutvalet for fisk utgjer vedlegg 1 til meldinga, mens tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga utgjer vedlegga 2 – 7.

I kapittel 1.2 vert det mellom anna drøfta om det er behov for å fortsetje med å leggje fram denne meldinga kvart andre år.

1.2 Bakgrunnen for meldinga

Råfisklova av 1951 vart vedteken som ei permanent lov til erstatning for ei tidlegare mellombels lov. Den nye lova var forma som ei fullmaktslov som gir salslaga vid sjølvstendig kompetanse når det gjeld omsetninga av råfisk i første hand. For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av lova vart det derfor vedteken ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at vedkomande departement årleg skulle leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning av råfisk.

Den første meldinga kom i 1953, jf. St.meld. nr. 42 (1953) Råfisklovens gjennomføring i 1952. Den eittårlege meldinga utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho dessutan slått saman med meldingar om andre lover, mellom anna til­verkarlova som no er oppheva, og seinare fiske­eksportlova. I samband med St.meld. nr. 35 (1983-84) om råfisklovens gjennomføring i 1981 og 1982 rådde Fiskeridepartementet til at meldinga av rasjonaliseringsomsyn berre skulle leggjast fram kvart andre eller fjerde år. Sjøfarts- og fiskerikomiteen gav si tilslutning til toårlege meldingsperiodar, men frårådde fireårlege.

Føresegna i § 10 som påla departementet å gi ut årlege meldingar, vart oppheva ved lov 11. juli 1986 nr. 51. Opphevinga var ein del av eit større arbeid med å forenkle meldingssystemet til Stortinget, jf. Ot. prp. nr. 38 (1985-86) Om lov om endringer i diverse lover om periodiske meldinger til Stortinget. Sjølv om lovkravet om melding til Stortinget vart oppheva, tok Sjøfarts- og fiskerikomiteen opp eit framlegg om toårleg melding på nytt i Innst. S. nr. 172 (1985-86) og gjorde slikt vedtak 4. juni 1986:

«Stortinget ber Regjeringen framlegge 2-årlige meldinger om gjennomføringa av lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk (råfiskloven) og lov av 18. desember 1970 nr. 91 om omsetning av fisk frå tilvirker (tilvirkerloven).»

Tilverkarlova vart oppheva med verknad frå 1. juli 1993, jf. Ot. prp. nr. 61 (1991-92), og siste gong omtala i St. meld. nr. 18 (1993-94) Om gjennomføring av råfiskloven og tilvirkerloven i 1991 og 1992. Etter kvart har departementet omtala fiskeeksporten i den toårlege meldinga, noko som er spegla i tittelen på meldinga frå og med St.meld. nr. 23 (1999-2000) Om gjennomføring av råfiskloven og fiskeeksportloven i 1997 og 1998.

I dei seinaste åra har meldinga hovudsakleg innehalde ei deskriptiv framstelling av nokre aktuelle saker som kjem salslaga eller fiskeeksporten ved, forutan at omfattande utdrag frå årsmeldingane til Eksportutvalet for fisk og salslaga er tekne inn som vedlegg.

Fiskeri- og kystdepartementet meiner at det no er grunn til å stille spørsmål ved om det framleis er formålstenleg å leggje fram for Stortinget ei toårleg melding om gjennomføringa av råfisklova og fiskeeksportlova. I og med at framstellinga i meldinga er deskriptiv, har ho avgrensa verdi for Stortinget. Mykje av informasjonen i meldinga, som til dømes årsmeldingane, er dessutan offentleg tilgjengeleg på dei respektive organisasjonane sine nettstader. Det same gjeld dei ulike høyringane som er omtala, og som er tilgjengelege på nettstaden til Fiskeri- og kystdepartementet eller annan ansvarleg etat. Ein må kunne leggje til grunn at departementet vil halde Stortinget orientert om sentrale saker som er omtala i meldinga, i samband med budsjettproposisjonar, lovproposisjonar eller andre høve. Dessutan tilseier rasjonaliseringsomsyn at meldinga ikkje vert ført vidare.

Fiskeri- og kystdepartementet vil likevel ikkje med dette gjere framlegg om å avskaffe meldinga, men invitere Stortinget til å kome med synspunkt på om det er formålstenleg å halde fram med ho.

1.3 Status i lovverket

Den viktigaste endringa i lovverket i perioden etter førre melding til Stortinget er vedtakinga av lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), der også endringar i råfisklova inngår. I høve til salslaga er det særleg verdt å merke seg at havressurslova inneheld nye føresegner om den nasjonale ressurskontrollen som gir fiskesalslaga ei viktigare rolle enn før. Forslaget er omtala i Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) kapittel 8.1.9.

Eit sentralt grep i havressurslova er at ho skal regulere forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar. Samtidig med havressurslova vart det vedteke endringar i andre sentrale lover på villfiskforvaltninga sitt område slik at dei fekk eit tilsvarande verkeområde. Mellom anna vart råfisklova endra slik at Kongen no har kompetanse til å gjere ho gjeldande for alle viltlevande marine ressursar. Forslaget er omtala i Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) kapittel 11.

Som ei oppfølging har departementet sendt på høyring forslag til ny forskrift om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar til erstatning for nogjeldande forskrift 29. juni 1990 nr. 485 om førstehåndsomsetningen av råfisk (råfisk­forskrifta). Det sentrale i høyringsforslaget er å utvide verkeområdet til forskrifta slik at ho gjeld alle viltlevande marine ressursar, tilsvarande verkeområdet til havressurslova, jf. kapittel 2.6.

Det er ikkje gjort endringar i fiskeeksportlova sidan førre melding med unntak for ei lita justering i ordlyden som følgje av innføringa av samvirkelova i 2007.

Til forsida