Prop. 1 S (2014 – 2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2014 – 2015) frå Klima- og miljødepartementet består av fire delar:

Del I presenterer hovudutfordringane i miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementets budsjett i 2015. Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøpolitiske satsingar i andre departement. I del I er det òg omtalt oppfølging av oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar.

Del III er ein presentasjon av verkemidla og resultatområda i klima- og miljøpolitikken. Inndelinga i verkemiddel og resultatområde med nasjonale mål på dei enkelte områda, dekkjer breidda i klima- og miljøpolitikken på ein heilskapleg måte. Ein kan lese om marin naturforvaltning, akvakultur, tareskog, oljeforureining og strandsona samla under Resultatområde 1 Naturmangfald. Samtidig kjem det fram korleis forskinga er nytta for å få fram meir kunnskap innan desse områda i omtala av verkemidla. Status og utvikling på områda blir vist ved spesielle indikatorar som ein finn på www.miljostatus.no.

Verkemidla som blir presenterte i Del III gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda, og dei er eit viktig grunnlag for å kunne oppnå resultat i miljøpolitikken. Verkemidla er delt inn i tre bolkar: kunnskap, regelverk og internasjonalt samarbeid.

Frå 2015 vil Klima- og miljødepartementet redusere talet på resultatområde frå 11 til 6, desse er:

  1. Naturmangfald: Omfattar ivaretaking av arter, naturtypar og økosystemtenester i hav, kyst, elvar, innsjøar, våtmarker, skogar, fjell og kulturlandskap.

  2. Kulturminne og kulturmiljø: Omfattar vedtaksfreda, automatisk freda og verneverdige kulturminne, kulturmiljø og landskap.

  3. Friluftsliv: Dekkjer naturretta aktivitetar og tilretteleging for menneske.

  4. Forureining: Inneheld både giftforureining i miljøet og forureining i lufta.

  5. Klima: Dekkjer regjeringa og Stortinget sine ambisjonar på klimaområdet.

  6. Polarområda: Omfattar Noregs spesielle ansvar for å forvalte dei sårbare nordområda og Antarktis.

Godt bymiljø er ikkje eit eige resultatområde, men er ein naturleg del av dei andre resultatområda, spesielt kulturminne og kulturmiljø, forureining og klima.

Inndelinga i verkemiddel og resultatområde gjer det mogleg å sortere og samle alle dei ulike problemstillingane i ulike typar kategoriar eller temaområde på ein praktisk måte.

Del IV gir ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Til forsida