Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter for alle

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon. Kunnskap er fundamentet for moglegheitene for den einskilde og for utviklinga av samfunnet. Høg kvalitet i alle ledd frå barnehage og skole til høgre utdanning og forsking gir kompetente arbeidstakarar og gode føresetnader for nyskaping, verdiskaping og velferd. Sundvolden-erklæringa viser regjeringa sine ambisjonar for auka kvalitet i alle ledda i læringskjeda.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  1. Utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

  2. Kompetanse som trengst i dag og i framtida

  3. Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Dei tre måla utgjer mandatet og samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla rettar seg mot samfunnseffektane av barnehage, opplæring og høgre utdanning og forsking. Samtidig er moglegheitene for kvar einskild til eit godt liv i kunnskapssamfunnet nå og i framtida det viktigaste for denne regjeringa.

Utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

Regjeringa vil realisere eit inkluderande kunnskapssamfunn der mangfald og samhald er kjennemerke. Kunnskap er ei kjelde til sjølvstende, sosial mobilitet, demokratisk forståing og medverknad, og til å lykkast i yrkeslivet og kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Utdanning gjer at alle kan forme si eiga framtid basert på evner, innsats og interesser. Samtidig byr kunnskapssamfunnet på utfordringar. Når kunnskap i så stor grad påverkar livet til den einskilde, blir også konsekvensane store for dei som fell utanfor. Offentleg finansiert utdanning skal vere tilgjengeleg for og gi auka kunnskap til alle – uavhengig av sosial, kulturell og økonomisk bakgrunn.

Arbeidet med å skape det inkluderande kunnskapssamfunnet må starte tidleg, og regjeringa prioriterer derfor å løfte kvaliteten i barnehagesektoren. Alle barnehagebarn skal ha trygge rammer for utvikling og læring i gode barnehagar med nok tilsette med høveleg fagkompetanse. Eit hovudfunn i barnehageforskinga er at kompetansen til personalet er den viktigaste enkeltfaktoren for at barn skal trivast og utvikle seg i barnehagen. Hovudutfordringa i barnehagesektoren er den store variasjonen i kvaliteten på tilbodet, særleg når det gjeld kompetanse. Over 40 pst. av dei tilsette har ikkje formell kompetanse til å arbeide med barn, og det manglar om lag 4 400 barnehagelærarar for å oppfylle kravet i pedagognorma. Regjeringa vil derfor heve kvaliteten gjennom å utdanne fleire pedagogar og ved å styrkje etter- og vidareutdanninga av dei tilsette. Regjeringa vil òg gjere den sosiale profilen på foreldrebetalinga betre for å sikre at alle barn for moglegheit til deltaking i barnehage. Ein god barndom og eit barnehagetilbod av høg kvalitet legg grunnlaget for positiv utvikling for barna.

Tidleg innsats er avgjerande for meistring og stort læringsutbytte. Alle elevar i norsk skole skal få høve til å tileigne seg grunnleggjande lese- og reknedugleikar, evne til munnleg og skriftleg framstilling, og kompetanse i å bruke digitale verktøy. Alle elevar skal få opplæring tilpassa sine behov. Vidare er det avgjerande at alle med behov for særskilt språkopplæring og spesialundervisning, får dette. Ei av hovudutfordringane i norsk skole er at for mange elevar ikkje tileignar seg dei grunnleggjande kunnskapane gjennom grunnskoleløpet. Resultat frå internasjonale undersøkingar syner at mange norske elevar har for svak kompetanse på sentrale område, og spesielt i matematikk. Det er for mange elevar på dei lågaste nivåa. Samstundes er det for få elevar på dei høgste prestasjonsnivåa samanlikna med andre land.

Nøkkelen til å løfte kunnskapsnivået til elevane er å satse på kompetansen til lærarane. Vi har allereie mange gode lærarar i Noreg, men gode lærarar kan bli enda betre, og dei treng fagleg påfyll undervegs i lærargjerninga.

Gode lærarar blir også betre av å jobbe i gode arbeidsfellesskap der dei kan reflektere over sin eigen praksis og utvikle sitt eige pedagogiske arbeid, og gjennom å dele kompetanse og erfaringar i kollegiet. Regjeringa gjennomfører derfor eit lærarløft. Dette går mellom anna ut på å gi eit utvida tilbod om etter- og vidareutdanning, særleg gjennom eit krafttak i matematikk og naturfag. Regjeringa vil arbeide vidare med korleis ordninga med rett og plikt til etter- og vidareutdanning av lærarar kan rettast inn i lys av erfaringane med den pågåande satsinga på vidareutdanning av lærarar. Regjeringa vil leggje til rette for god skoleutvikling. Lærarane og skoleleiinga skal få meir tid til å arbeide med kjerneoppgåvene. Skoleeigarane må også ha eit overordna perspektiv i planarbeidet og vere bevisste korleis skolane nyttar andre yrkesgrupper og deira kompetanse.

Skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Regjeringa vil sikre alle elevar eit godt læringsmiljø gjennom kontinuerleg arbeid for å førebyggje og kjempe mot mobbing. Det blir arbeidd med dette på mange nivå, og i 2015 vil òg utvalet som er leidd av fylkesmann i Aust-Agder Øystein Djupedal, avleggje utgreiinga si. Utvalet har fått i oppdrag å vurdere kva som må til for å betre skolemiljøet og redusere mobbinga.

Noreg har ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader over heile landet, og tilbod om fagskoleutdanning i alle fylka. Saman med offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir dette god tilgang til høgre utdanning og fagskoleutdanning. Høgre utdanning skal gi den einskilde moglegheiter til sjølvrealisering, ny erkjenning og danning og gi betre føresetnader for å delta i samfunns- og arbeidsliv. For å sikre dette må institusjonane ha høg kvalitet innanfor forsking og utdanning. Høgre utdanning skal vere basert på oppdatert forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Fagevalueringar frå Forskingsrådet viser stor variasjon i forskingskvalitet mellom ulike fagmiljø ved universitet og høgskolar. Enkelte fagmiljø held svært god kvalitet, og det gir eit godt grunnlag for godt innhald i utdanningane. Samstundes er det også fagmiljø som er små og sårbare, og regjeringa er særleg uroleg for kvaliteten i desse miljøa. Regjeringa arbeider med tiltak som sikrar betre kvalitet på og utnytting av ressursane i universitets- og høgskolesektoren.

Kompetanse som trengst i dag og i framtida

Dei investeringane i kunnskap som vi gjer i dag, formar arbeids- og næringslivet i framtida. Satsing på kunnskap og kompetanse gjer arbeidsplassane tryggare, aukar velferda og medverkar til at vi får løyst samfunnsutfordringar. Regjeringa vil investere i utdanning og kompetanseheving.

Hausten 2013 publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar av behovet for arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn. Rapporten viser at medan 58 pst. av dei sysselsette i 1972 hadde grunnskole som si høgste fullførte utdanning, hadde denne delen falle til 22 pst. i 2010. Denne gruppa omfattar òg personar med uoppgitt utdanning, og storleiken på gruppa blir derfor påverka av innvandringa. Like fullt er utviklinga med fallande etterspurnad i arbeidslivet etter dei som berre har grunnskoleutdanning, venta å halde fram, jf. figuren nedanfor.

Figur 1.1 Sysselsetjing etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figur 1.1 Sysselsetjing etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Etter 2010 viser figuren framskrivingar av etterspurnaden etter arbeidskraft (etter utdanningsnivå).

Kjelde: SSB

SSB framskriv òg tilbodet av arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn fram mot 2030. Framskrivingane tyder på at etterspurnaden etter arbeidskraft med vidaregåande fagutdanning vil vekse raskare enn tilbodet. SSB peiker på den svake gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa som ei mogleg forklaring på denne udekte etterspurnaden. Framskrivingane indikerer vidare udekt etterspurnad etter arbeidskraft med lærarutdanning, og særleg arbeidskraft med sjukepleiarutdanning. Tilbodet ser ut til å auke meir enn etterspurnaden særleg for høgre utdanning innanfor økonomi og administrasjon, men òg for høgre utdanning i humanistiske og estetiske fag og samfunnsvitskaplege og juridiske fag.

Utdannings- og opplæringssektoren kan medverke til å dekkje framtidas kompetansebehov ikkje berre ved at det blir rekruttert nok elevar til dei utdanningane samfunnet treng, men òg ved at fråfallet frå desse utdanningane blir redusert. Ved å leggje til rette for etter- og vidareutdanning av arbeidsstyrken vil ein både handtere kompetansebehova i arbeidslivet og medverke til at fleire eldre arbeidstakarar kan stå lenger i arbeid.

Det er særleg personar med lite formell utdanning og med lese- og skrivevanskar som står i størst fare for å hamne utanfor arbeidslivet i åra framover, og vegen inn att i arbeidslivet kan ofte vere lang. Om lag 400 000 vaksne har svake grunnleggjande dugleikar, og mange av desse er innvandrarar som har komme til Noreg med låg eller inga utdanning. Regjeringa vil leggje betre til rette for livslang læring og kompetanseheving, særleg overfor vaksne med svake grunnleggjande dugleikar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om livslang læring og utanforskap. Regjeringa ønskjer at fleire vaksne skal få opplæring i lesing, skriving, rekning og IKT gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA).

Fråfall frå eit utdanningsløp er ikkje berre eit stort problem for den einskilde, men òg for samfunnet, som ikkje får nytta ressursane godt nok. Fråfallet er spesielt høgt innanfor yrkesfaga i vidaregåande opplæring. Det er fleire årsaker til at mange fell frå eller ikkje består vidaregåande opplæring, og utilstrekkelege grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen er ei viktig årsak. Dersom ein kontrollerer for grunnskolepoeng, er forskjellen i delen som fullfører og består mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram, relativt liten. Andre årsaker til fråfall kan vere for få læreplassar, forhold på arbeidsmarknaden, utdanning som ikkje vart opplevd som relevant, sosial bakgrunn og andre faktorar utanfor skolen. Regjeringa har som mål at gjennomføringsgraden i vidaregåande opplæring skal blir merkbart høgre.

Regjeringa vil derfor sette i verk Program for bedre gjennomføring i videregående opplæring.

Regjeringa held fram med arbeidet for å styrkje fag- og yrkesopplæringa gjennom Yrkesfagløftet. I yrkesfagløftet vil regjeringa arbeide for at fleire får læreplass, og for at skole og arbeidsliv blir knytt betre saman. Regjeringa vil leggje til rette for alternative opplæringsløp fram mot fag- eller sveinebrev og for at det skal vere mogleg å gå over til høgre utdanning.

Som omtalt under mål 1) arbeider regjeringa med å styrkje moglegheitene for lærarane til å utvikle kompetansen sin i jobben. Gode lærarar er avgjerande for at elevane skal få utvikle kompetansen sin på best mogleg måte. Parallelt med det vil regjeringa også styrkje lærarutdanninga slik at ho trekkjer til seg høgt kvalifiserte og motiverte studentar som representerer mangfaldet i befolkninga. Regjeringa vil utfordre og følgje opp lærarutdanningane slik at dei blir påakta som solide, godt kvalifiserande og krevjande utdanningar. Vidare vil regjeringa vidareutvikle lærarutdanninga til ei femårig mastergradsutdanning og samstundes stille strengare opptakskrav.

Universitets- og høgskolesektoren utdannar årleg om lag 37 000 kandidatar, og stadig fleire søkjer seg til høgre utdanning. Kompetansen til kandidatane er avgjerande for framtidig velferd og verdiskaping. Arbeidslivet har behov for dyktige arbeidstakarar med rett kompetanse. Det er derfor viktig å sikre god kvalitet i studietilboda og mellom anna at faga som blir tilbydde, er relevante for arbeidslivet. Det er klare indikasjonar på at det ved mange institusjonar er for låge forventningar til kva studentane skal lære. Studiebarometeret, som blir utført av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), viser at 81 pst. av studentane ser på studia som relevante og etterspurde i arbeidslivet. Samstundes er berre 38 pst. av studentane nøgde med den faglege oppfølginga frå institusjonane. Heiltidsstudentane bruker i gjennomsnitt 29 timar kvar veke på studiearbeid. Dette viser at det er rom for å auke ambisjonane hos både studentane og institusjonane som tilbyr utdanningane. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding i 2015 om strukturelle endringar i universitets- og høgskolesektoren som skal styrkje kvaliteten i utdanning og forsking.

Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Kunnskap er den viktigaste konkurransefaktoren vi har. Kunnskap og kompetanse er utgangspunktet for korleis vi løyser store samfunnsutfordringar og legg til rette for verdiskaping, både i offentleg sektor og i næringslivet. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap til ny løysingar og produkt. Ei kunnskapsbasert tilnærming er òg vesentleg for å finne løysingar på nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor, til dømes klimaendringane, betre behandlingsmetodar på sjukehusa og korleis vi skal produsere trygg og sunn mat frå havet. Korleis vi satsar på forsking og høgre utdanning, er avgjerande for kva resultat vi får. Regjeringa vil vri ressursane inn mot satsingar der forsking og høgre utdanning kan spele ei rolle og bidra vesentleg til å møte dei utfordringane vi står overfor. Regjeringa legg derfor fram Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 saman med statsbudsjettet for 2015, jf. Meld. St. 7 (2014–2015). I langtidsplanen legg regjeringa fram ein ambisiøs politikk for forsking og høgre utdanning. Satsinga gir føreseielege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar. Regjeringa vil auke løyvingane til forsking og høgre utdanning for å følgje opp prioriteringane i planen.

Regjeringa vil prioritere å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø innanfor høgre utdanning og forsking. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er òg viktig i denne samanhengen. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid gjer det mogleg å dele kostnader ved kostbar forskingsinfrastruktur og gir betre tilgang til slike. Utvikling av forskarnettverk og større høve for karriereutvikling for den einskilde forskaren er også viktige tiltak. Aktørar som deltek, er i tillegg meir synlege og attraktive som samarbeidspartnarar både i Europa og internasjonalt. Samstundes er erfaring frå eiga forsking og utvikling ein føresetnad for å kunne forstå og bruke den kunnskapen som blir utvikla internasjonalt. Ved å bidra internasjonalt vil Noreg trekkje til seg dei beste forskarane på verdsmarknaden, og internasjonal forsking kan nyttast på best mogleg vis i Noreg. I tillegg vil vi vere eit attraktivt land for framtidige investeringar i kunnskapsbasert næringsliv og bidra til å komme fram til nye måtar å skape eit berekraftig samfunn på.

For eit globalt arbeidsliv har det stor verdi at norske studentar tek heile eller delar av utdanninga i utlandet, og at norske utdanningsinstitusjonar trekkjer til seg dyktige studentar frå utlandet.

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdanningsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet, og som utnyttar ressursane på ein meir effektiv måte. Det er eit stort potensial for betre kvalitet i høgre utdanning, men det er i dag for mange små, spreidde og svake fagmiljø innanfor utdanning og forsking. Sjølv om det har vore ei positiv utvikling mot meir samarbeid i sektoren dei seinare åra, har det vore færre eksempel på arbeidsdeling og konsentrasjon. Regjeringa meiner derfor at det er behov for meir omfattande strukturendringar og samanslåingar.

Regjeringa vil auke støtta til den frie forskinga og dei opne programma med avgjerande vekt på kvalitet, for slik å fremme banebrytande utvikling på nye område og gjennombrot innanfor etablerte forskingsområde. Regjeringa er vidare oppteken av å auke løyvingane til forskingsinfrastruktur. Godt utvikla forskingsinfrastruktur er eit direkte bidrag til å nå det målet regjeringa har om å utvikle verdsleiande fagmiljø, og er dessutan avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering.

Regjeringa har ambisjonar om at Noreg skal vere blant dei mest innovative landa i Europa. Evna til å utvikle og ta i bruk kunnskap er ein av dei viktigaste konkurransefaktorane i norsk næringsliv nå og i framtida. Det er avgjerande for at næringslivet kan vere omstillingsdyktig, og er grunnlaget for nye næringar.

Det å auke offentleg ressursbruk på forsking og høgre utdanning er ikkje i seg sjølv nok for å nå ambisjonane våre. Det er sentralt for samfunnet kvar og korleis vi investerer i forsking og høgre utdanning, og korleis nasjonale og regionale forskingsmidlar speler saman med europeiske og andre internasjonale verkemidlar. Regjeringa vil derfor stimulere til større investeringar i forsking og utvikling i næringslivet og til betre samarbeid mellom akademia og næringslivet. Sentralt i dette arbeidet er Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehagar

Norske barnehagar skal fremme trivsel, leik og læring og vere tilgjengelege for alle barn.

Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar med 100 kroner reelt per månad, til 2 580 kroner frå 1. januar 2015. Regjeringa vil òg innføre ein betre sosial profil på foreldrebetalinga for å sikre at alle barn får moglegheit til deltaking i barnehage. Regjeringa foreslår å løyve 112 mill. kroner til å innføre eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Departementet tek sikte på ikraftsetjing 1. august 2015. Forslaget vil medverke til at fleire får moglegheit til å nytte tilbodet om barnehageplass. Regjeringa legg til grunn at den auka løyvinga kjem i tillegg til dei ressursane kommunane allereie brukar på moderasjons- og fritaksordningar, slik at barnefamiliane får tilsvarande eller høgare moderasjon enn dei har i dag.

Regjeringa vil arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket. I budsjettet for 2015 foreslår regjeringa å løyve 100 mill. kroner til kommunane for meir fleksible opptaksordningar. Tiltaket vil leggje til rette for redusert ventetid for ein barnehageplass for familiar med barn fødde 1. september eller seinare.

Regjeringa vil styrkje satsinga på kompetanseheving i 2015 og foreslår å auke løyvinga med 60 mill. kroner. Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet. Regjeringa vil styrkje arbeidet med kompetanseheving i barnehagesektoren, mellom anna ved å utdanne fleire pedagogar og styrkje etter- og vidareutdanninga, slik at fleire tilsette får barnefagleg kompetanse. Leiarutdanninga skal førast vidare, og assistentar skal få betre moglegheit til å ta fagbrev eller arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.

I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2014, vedtok Stortinget å løyve 175,1 mill. kroner til fleire barnehageplassar i kommunane. Bakgrunnen for auken var høgre søkjartal til barnehageopptaket i 2014 enn det vart anslått i statsbudsjettet for 2014. For å dekkje heilårseffekten av denne auken foreslår departementet å løyve 252,5 mill. kroner i budsjettet for 2015.

Grunnopplæringa

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på vidareutdanning for lærarar innanfor strategien Kompetanse for kvalitet. Styrkinga inneber ein auke på 1 500 nye plassar i vidareutdanninga. Auken blir fordelt med 500 nye plassar i vikarordninga og 1 000 nye plassar i stipendordninga. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 143,6 mill. kroner i 2015. Totalt vil det vere 5 050 plassar til vidareutdanning i 2015.

Regjeringa foreslår å fase inn 3 mrd. kroner til ordninga med rentekompensasjon til investering i og rehabilitering av skole- og symjeanlegg. Budsjetteffekten av forslaget er 45 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på realfag ytterlegare med 20 mill. kroner. Departementet vil innføre ei ordning med realfagskommunar for å stimulere til at kommunane tek eit overordna og strategisk ansvar for å forbetre dugleikar og kunnskapar i realfag. Departementet ønskjer gjennom ordninga å fremje både kommunar som gjennomgåande har svake resultat og kommunar som allereie kan vise til gode resultat. Realfagskommunane skal vere inspirasjonskjelder for andre kommunar.

Vaksenopplæring m.m.

Ei av utfordringane for Noreg som kunnskapsnasjon er manglande evne til å sikre alle vaksne som treng det, ein sjanse til å skaffe seg naudsynte grunnleggjande dugleikar og kompetanse som arbeids- og næringslivet etterspør.

Svake grunnleggjande dugleikar og låg kompetanse gir større risiko for å falle ut av utdanning og arbeid, eller for å ikkje komme inn i arbeid. Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner til å utvikle kartleggingsverktøy for grunnleggjande dugleikar tilpassa vaksne. Formålet er å utvikle enkle, standardiserte kartleggingsverktøy som dei ulike aktørane på området, deriblant Nav og kommunale tilbydarar av vaksenopplæring, kan ta i bruk.

Departementet foreslår å løyve 15 mill. kroner meir til Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) i 2015. Ved behandlinga av tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2014 slutta Stortinget seg til forslaget om å løyve 25 mill. kroner til å utvide BKA, slik at det òg omfattar grunnleggjande dugleikar i munnleg norsk. Det er forventa større etterspurnad på dette området etter kvart som utvidinga blir kjend.

Samstundes foreslår departementet å greie ut og dokumentere behova til dei som berre treng opplæring i munnleg norsk, men elles ikkje manglar andre grunnleggjande dugleikar.

Basiskompetanse i frivilligheita (BKF) skal ha til formål å styrkje grunnleggjande dugleikar hos vaksne både i og utanfor arbeidslivet. Dette vil kunne gi fleire vaksne som treng det tilbod om opplæring. Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til denne ordninga. Departementet foreslår å redusere løyvinga til studieforbunda med 40 mill. kroner i 2015.

For at vi skal kunne følgje med i utviklinga og dra nytte av det som skjer i andre land på forskingsfelt innanfor læringsvitskap, er det behov for å byggje opp eit fagmiljø for læringsanalyse i Noreg. Frå 2015 foreslår Kunnskapsdepartementet å løyve 5 mill. kroner til å opprette eit fagmiljø for læringsanalyse.

Høgre utdanning og forsking

Regjeringa legg saman med budsjettforslaget fram ein langtidsplan for forsking og høgre utdanning, jf. Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024. Tiltak som bidrar til auka kvalitet i forsking og høgre utdanning, at næringslivet forskar meir eller bidrar til god deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020, vil bli prioritert. Regjeringa vil innan 2018 gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar, styrkje løyvingane til infrastruktur med 400 mill. kroner og styrkje løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner. Nytt bygg for livsvitskap, kjemi og farmasi ved Universitetet i Oslo og oppgradering av Marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre, er dei viktigaste byggeprosjekta for å følgje opp langtidsplanen.

Regjeringa har ambisjonar om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Det krev ei målretta satsing på institusjonar og fagmiljø som har særlege føresetnader for å lykkast. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor 100 mill. kroner for å styrkje arbeidet med framifrå kvalitet med mål om å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø.

Regjeringa meiner det er viktig å leggje til rette for større norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram, Horisont 2020. For å følgje opp den nasjonale strategien for samarbeid med EU om forsking og innovasjon, foreslår regjeringa å styrkje øyremerkte tiltak, mellom anna STIM-EU, ordninga med nasjonale kontaktpunkt, prosjektetableringsstøtte og posisjoneringsstøtte, med 115 mill. kroner i 2015.

Regjeringa er oppteken av å støtte opp om dei opne forskingsarenaene og foreslår derfor å styrkje fri prosjektstøtte (FRIPRO) med 60 mill. kroner i 2015 for å fremme banebrytande forsking.

Regjeringa foreslår å auke midlane til forskingsinfrastruktur med 100 mill. kroner i 2015. Satsing på forskingsinfrastruktur er eit direkte bidrag til å nå det målet regjeringa har om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig bidrar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering.

Kunnskapsdepartementet foreslår 53,4 mill. kroner til 47 nye rekrutteringsstillingar innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning og ingeniørutdanning, som del av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning. Departementet foreslår òg 3,4 mill. kroner til tre nye stillingar til stipendiatprogrammet i Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU).

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdanningsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet, og ein sektor som brukar ressursane meir effektivt. Departementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om strukturen i universitets- og høgskolesektoren i 2015. Departementet foreslår å auke løyvinga for å stimulere til samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåingar til 75 mill. kroner.

Oppdaterte bygg og utstyr er ein føresetnad for ambisjonen om fleire framifrå forskings- og undervisningsmiljø. Regjeringa foreslår ei løyving på 85 mill. kroner til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar sin eigen bygningsmasse.

Regjeringa har mål om å styrkje grunnfinansieringa av universitet og høgskolar og foreslår å auke den samla økonomiske ramma til institusjonane med 53,7 mill. kroner. Dette er ei oppfølging av Innst. 260 S (2013–2014), der det vart vedteke å auke ramma til universitet og høgskolar.

For at kapasitetsauken i høgre utdanning skal halde fram, foreslår regjeringa 202,8 mill. kroner til vidareføring og opptak av nye kull for studieplassar oppretta over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Samla gir dette om lag 1 500 fleire studieplassar i 2015 samanlikna med i 2014.

Departementet foreslår 30 mill. kroner til utstyr til bruk i sjukepleiar- og ingeniørutdanningane. Det er behov for meir og betre utstyr i desse utdanningane, slik at studentane blir betre førebudd på det som ventar dei i arbeidslivet.

Kunnskapsdepartementet foreslår å tildele Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) midlar til å fullføre oppgraderinga av IKT-systemet for å sikre god og effektiv sakshandsaming. Investeringane er berekna til å koste inntil 27 mill. kroner.

Regjeringa foreslår at universitet og statlege høgskolar får høve til å krevje studieavgift for studentar frå land utanfor EØS-området og Sveits frå og med haustsemesteret 2015. Dette gjeld ikkje for studentar med rett på utdanningsstøtte frå Lånekassen og utvekslingsstudentar på avtale. I samband med denne endringa foreslår regjeringa at budsjettrammene til dei statlege institusjonane blir reduserte med 80,5 mill. kroner. Det er ikkje aktuelt for regjeringa å opne for studieavgift for norske studentar eller studentar frå EØS-området og Sveits.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Desse teknologiane gir eit viktig grunnlag for fornying og omstilling i næringslivet og i offentleg sektor. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) auka regjeringa løyvingane til programma BIOTEK2021 (Bioteknologi for verdiskaping), NANO2021 (Nanoteknologi og avanserte materialer), VERDIKT (Kjernekompetanse og verdiskaping i IKT) og ELSA (Etiske, rettslige og samfunnsmessige aspekter ved bio-, nano- og nevroteknologi) i Forskingsrådet med 25 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår å styrkje løyvingane ytterlegare til desse programma, med særleg vekt på IKT i 2015. Departementet foreslår ein auke i løyvingane på 20 mill. kroner i 2015.

I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2014 vart løyvinga til forskingsinstitutta styrkt med 15 mill. kroner. Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga på kap. 287 post 21 med 15 mill. kroner som ei vidareføring av auken.

Regjeringa er oppteken av å ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforming av forskings- og innovasjonspolitikken. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvingane til forskingsprogrammet FORFI (Kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken) med 4 mill. kroner i 2015.

I 2014 vart ei ny gåveforsterkingsordning innført. Ordninga inneber at staten yter eit tillegg på 25 pst. av gåvebeløpet ved private pengegåver til Noregs forskingsråd. Kunnskapsdepartementet vil frå 2015 utvide ordninga til å omfatte høgskolar utan doktorgradsrett når gåva er eit gåveprofessorat.

Studentvelferd og utdanningsstøtte

Gode studentvelferdstilbod er viktig for å kunne ta høgre utdanning. Eit av dei viktigaste velferdstilboda er studentbustader. Regjeringa har som mål å byggje fleire studentbustader og foreslår å auke løyvinga til totalt 380 mill. kroner til bygging av om lag 1 500 nye studentbustader i 2015. Dette er om lag 200 fleire nye studentbustader enn i 2014.

Regjeringa held fram med å auke kjøpekrafta til studentane, og foreslår derfor å styrkje basisstøtta med 3,1 pst. i undervisningsåret 2015–16, noko som svarer til ein vekst på eitt prosentpoeng ut over venta prisvekst per august 2014.

Regjeringa har tillit til at den einskilde studenten sjølv klarer å gjere gode vurderingar kring kvaliteten på dei utanlandsstudia som er aktuelle for han eller henne. Det blir derfor foreslått å fjerne koplinga til internasjonale rankinglister for rett til utdanningsstøtte til første året av bachelorutdanninga i USA (freshman-året) og i ikkje-vestlege land. Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,9 mill. kroner i 2015.

For å redusere den risikoen som valutasvingingar utgjer for utanlandsstudentane, foreslår departementet at heile den skolepengestøtta som blir gitt til desse studentane, skal bli valutajustert frå undervisningsåret 2015–16.

Departementet foreslår å innføre fast, årleg kontroll av bustatus til eit større utval studentar som har opplyst at dei er bortebuarar. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 72 mill. kroner som følgje av forslaget.

Departementet foreslår ei endring i sjukestipendordninga som vil gjere det mogleg å kombinere sjukepengar frå folketrygda med sjukestipend frå Lånekassen. Sjukepengane vil gå til frådrag før utdanningsstøtta kan bli gjord om til sjukestipend.

Regjeringa er oppteken av at offentlege støtteordningar skal vere målretta, og det blir foreslått større endringar i vilkåra for rett til grunnstipend til vidaregåande opplæring. Endringane i dei vilkåra som avgjer kven som har rett til grunnstipendet, er berekna til å gi ei innsparing på 355,7 mill. kroner i 2015. Samstundes foreslår regjeringa at satsane blir auka. Det blir foreslått å styrkje løyvinga med 84,1 mill. kroner til dette tiltaket.

Departementet foreslår også å innføre behovsprøving av bustipendet til elevar i vidaregåande opplæring. Behovsprøving skal gjennomførast mot høg forsørgjarinntekt og eventuelt mot elevens eiga lærlinginntekt. Samla blir løyvinga foreslått redusert med i underkant av 86 mill. kroner.

Departementet foreslår å avvikle dagens låneordning for elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring. Men det blir samstundes foreslått å etablere ei ikkje-behovsprøvd låneordning, avgrensa til dei som har nådd myndigalderen, og som bur utanfor foreldreheimen.

Departementet foreslår å redusere støtteperioden for elevar i folkehøgskole med ein månad, slik at det også til denne typen opplæring blir gitt støtte for den perioden undervisninga varer. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga med 11,5 mill. kroner.

Departementet foreslår enkelte endringar i vilkåra for utdanningsstøtte for å sikre at Noreg etterlever forpliktingane etter EØS-avtalen. Som følgje av dette foreslår departementet å auke løyvinga til utdanningsstøtte med 46,3 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke påslaget på renta på lån i Lånekassen med 0,25 prosentpoeng med verknad frå 1. januar 2015, slik at påslaget frå denne datoen er på 1,25 prosentpoeng. Forslaget vil auke renteinntektene med om lag 314 mill. kroner, men krev auka løyving til rentestøtte med om lag 110 mill. kroner.

Andre saker

Den årlege produktivitetsveksten er viktig for å auke velstanden i eit land. Regjeringa følgjer opp dette i Sundvolden-erklæringa og har sett ned ein eigen produktivitetskommisjon. Regjeringa vil byggje politikken på effektiv bruk av ressursane til fellesskapet, og føreset derfor at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar innfører regjeringa ei reform for avbyråkratisering og effektivisering av offentleg sektor. Delar av gevinstane frå redusert byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir i dei årlege budsjetta tekne inn til fellesskapet. Denne innhentinga er sett til 0,5 pst. av driftsutgiftene til verksemdene. For å sikre at ordninga er føreseieleg, er berekningsgrunnlaget saldert budsjett året før. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. Verknaden for Kunnskapsdepartementet er at løyvinga totalt blir redusert med 183,3 mill. kroner på utgiftssida.

Frå 2015 blir nøytral meirverdiavgift innført for ordinære statlege forvaltningsorgan. Denne ordninga inneber at betalt meirverdiavgift som hovudregel ikkje lenger skal førast som ei driftsutgift på budsjettkapitla til verksemdene, men i staden skal belastast sentralt på kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift, post 01 Driftsutgifter. Driftspostane 01–49 skal frå 2015 budsjetterast utan meirverdiavgift. Ordninga fjernar ei konkurranseulempe for private aktørar. For å unngå nye konkurransevridingar som går ut over private aktørar, vil enkelte forvaltningsorgan bli haldne utanfor ordninga. Ordninga er nærmare omtalt i Gul bok 2015. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga blir redusert med 101,9 mill. kroner.

Figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2015

Figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2015

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

272 425

264 796

268 590

1,4

Sum kategori 07.10

272 425

264 796

268 590

1,4

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

328 906

465 259

457 986

-1,6

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 507

14 548

13 859

-4,7

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

98 041

90 774

93 005

2,5

223

Sametinget

37 723

39 043

40 331

3,3

224

Senter for IKT i utdanninga

96 597

91 664

84 738

-7,6

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 161 313

1 705 106

1 669 910

-2,1

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 496 921

1 916 760

2 377 789

24,1

227

Tilskott til særskilde skolar

110 763

125 363

133 798

6,7

228

Tilskott til private skolar o.a.

3 450 316

3 675 955

3 833 484

4,3

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

28 575

23 874

24 319

1,9

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

692 138

690 217

706 235

2,3

Sum kategori 07.20

7 514 800

8 838 563

9 435 454

6,8

Barnehagar

231

Barnehagar

321 249

374 132

443 455

18,5

Sum kategori 07.30

321 249

374 132

443 455

18,5

Vaksenopplæring m.m.

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

249 537

290 360

439 921

51,5

253

Folkehøgskolar

718 206

744 043

748 597

0,6

254

Tilskott til vaksenopplæring

220 951

230 719

168 703

-26,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

76 356

140 173

104 526

-25,4

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

67 818

67 653

65 283

-3,5

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

91 866

139 604

168 716

20,9

258

Tiltak for livslang læring

57 255

91 146

101 700

11,6

Sum kategori 07.50

1 481 989

1 703 698

1 797 446

5,5

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

27 547 599

29 289 917

30 912 271

5,5

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

377 629

452 591

476 699

5,3

276

Fagskoleutdanning

71 236

69 679

66 747

-4,2

280

Felles einingar

394 857

457 034

493 785

8,0

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

406 185

457 639

399 514

-12,7

Sum kategori 07.60

28 797 506

30 726 860

32 349 016

5,3

Forsking

283

Meteorologiformål

332 501

346 620

379 482

9,5

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 935

17 236

18 149

5,3

285

Noregs forskingsråd

2 773 611

2 986 629

3 237 882

8,4

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

475 990

488 440

488 361

0,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 827 566

1 593 468

2 348 726

47,4

Sum kategori 07.70

5 427 603

5 432 393

6 472 600

19,1

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

32 936 566

33 245 713

35 059 547

5,5

Sum kategori 07.80

32 936 566

33 245 713

35 059 547

5,5

Sum utgifter

76 752 138

80 586 155

85 826 108

6,5

Utgifter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-29

Driftsutgifter

3 719 027

4 004 192

4 573 914

14,2

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

144 608

160 337

42 748

-73,3

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

35 544 986

37 527 233

39 766 467

6,0

60-69

Overføring til kommunesektoren

1 440 859

2 290 130

2 266 865

-1,0

70-89

Overføring til private

14 498 058

14 806 328

15 593 000

5,3

90-99

Utlån, avdrag o.a.

21 404 600

21 797 935

23 583 114

8,2

Sum under departementet

76 752 138

80 586 155

85 826 108

6,5

Inntekter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

8 870

Sum kategori 07.10

8 870

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

9 811

4 973

5 111

2,8

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

1

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

12 288

4 898

5 035

2,8

3224

Senter for IKT i utdanninga

7 315

1 553

1 596

2,8

3225

Tiltak i grunnopplæringa

53 719

73 882

69 297

-6,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

7 522

2 706

2 786

3,0

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

52 233

73 051

74 785

2,4

Sum kategori 07.20

142 889

161 063

158 610

-1,5

Vaksenopplæring m.m.

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

12 997

11 027

11 334

2,8

Sum kategori 07.50

12 997

11 027

11 334

2,8

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

2 239

1 263

1 298

2,8

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

50

10

10

0,0

Sum kategori 07.60

2 289

1 273

1 308

2,7

Forsking

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

419 622

219 000

6 000 000

2 639,7

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 199

4 684

4 599

-1,8

Sum kategori 07.70

423 821

223 684

6 004 599

2 584,4

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

9 843 101

13 622 640

14 578 245

7,0

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 578 724

3 868 062

3 757 151

-2,9

Sum kategori 07.80

13 421 825

17 490 702

18 335 396

4,8

Sum inntekter

14 012 691

17 887 749

24 511 247

37,0

Inntekter fordelte på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

216 746

228 498

239 378

4,8

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

3 875 050

4 205 731

4 020 764

-4,4

90-99

Utlån, avdrag o. a.

9 920 895

13 453 520

20 251 105

50,5

Sum under departementet

14 012 691

17 887 749

24 511 247

37,0

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 525, 10. juni 2013. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70 Forsking.

«Stortinget ber regjeringen foreslå å øke investeringene i avansert vitenskapelig utstyr og annen infrastruktur for forskning slik at norske forskere får tilgang til utstyr av verdensklasse.»

Vedtak nr. 29, 26. november 2013. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

«Stortinget ber regjeringen utrede studentenes levekårssituasjon med sikte på å realisere heltidsstudenten. En slik utredning skal også innebære en plan for økning av studiestøtten og studiestøttens lengde. Studentenes organisasjoner skal involveres i dette arbeidet.»

Vedtak nr. 35, 26. november 2013. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar.

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2014 vurdere skjermingsordninger for barnefamilier med dårlig råd og barn i barnehage.»

Vedtak nr. 586, 20. juni 2014. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar.

«Stortinget ber regjeringen etablere en ny metode for å beregne etterspørselseffekter av endringer i kontantstøtten og foreldrebetalingen i barnehagene. Bevilgningsendringene ved endret kontantstøtte og foreldrebetaling i perioden 2012–2014 gjennomgås sammen med KS som en del av arbeidet. Det forutsettes at dette danner grunnlaget for beregning av endringer i innbyggertilskudd som følge av etterspørselsendringer på barnehageområdet fra og med 2015.»

Vedtak nr. 591, 13. juni 2014. Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.20 Grunnopplæringa

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med budsjettet for 2015 gi vurderinger av aktuelle byråkratikutt i skolesektoren som skal ha som mål å redusere antall skjemaer og rapporteringer.»