Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 800–868, 2530 Inntektskapittel: 3821, 3822, 3842, 3855, 3856, 3858, 3859

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, likestilling, ikkje-diskriminering, barn og unges oppvekst og levekår, barnevern, forbrukarinteresser og integrering.

Regjeringa har som mål å styrkje familien si stilling i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring barns oppvekst. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod og leggje til rette for at alle barn og unge har gode moglegheiter til å utvikle seg, utan omsyn til foreldra sin bakgrunn, livssituasjon og kvar i landet dei bur.

Regjeringa legg stor vekt på førebygging og tidleg innsats. I dette arbeidet er det viktig med sektorovergripande samhandling og kunnskapsutveksling. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å gi barn og unge trygge og gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår. Det er eit viktig mål for regjeringa at barnevernet over heile landet skal kunne gi rett hjelp til utsette barn og unge tidleg. På denne måten kan ein førebyggje før tilhøva blir kritiske.

Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og regjeringa arbeider både for å førebyggje valden og for å gi gode tilbod til personar som er utsette for vald.

Regjeringa har som mål at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Arbeidet med å hindre tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom er viktig i den samanhengen.

Regjeringa har som mål at kvinner og menn skal kunne delta fullt ut i arbeidslivet, og at både kvinner og menn kan få brukt og utvikla evnane sine på ulike arenar. Regjeringa vil arbeide for å utvikle vidare eit samfunn med like moglegheiter og fråvær av diskriminering for alle. Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den enkelte og heile samfunnet. Likestilling tyder at individa skal ha like rettar, plikter og moglegheiter på alle område i livet, uavhengig av mellom anna kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonsevne.

Noreg har blitt eit mangfaldig samfunn. Regjeringa arbeider for rask busetjing av flyktningar og god integrering, slik at innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet. Regjeringa vil stille krav til den enkelte innvandrar om å ta i bruk dei moglegheiter som blir gitt til å forsørgje seg sjølve. På denne måten vil regjeringa bidra til eit samfunn der innvandrarar og barna deira har same moglegheiter for deltaking og levekår som andre.

Gjennom forbrukarpolitikken vil regjeringa gi forbrukarane ei sterk stilling. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for løysing av tvistar mellom kjøparar og seljarar og at forbrukarane har kunnskapar som gjer det mogleg å ta informerte og ansvarlege val.

I tråd med dette vil regjeringa mellom anna styrkje det utanrettslege systemet for løysing av tvistar som forbrukarane har med næringsdrivande om kjøp av varer og tenester, og satse på nye digitale informasjonsløysingar retta mot forbrukarane. Medan styrkinga av tvisteløysingssystemet vil gi forbrukarane eit tilbod om utanrettsleg tvisteløysing på mange fleire område enn i dag, vil nye informasjonløysingar medverke til aukt konkurranse og gjere det lettare for forbrukarane å velje mellom produkt frå ulike tilbydarar.

Forslaget til statsbudsjett for 2015 for BLD omfattar programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har desse hovudmåla for politikkområda sine:

  1. God og effektiv forvalting

  2. Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

  3. Trygge rammer for familiane

  4. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

  5. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

  6. Eit godt og effektivt barnevern

  7. Ei sterk stilling for forbrukarane

1.1 God og effektiv forvalting

Departementet vil utvikle vidare ei god og effektiv forvalting med god kvalitet gjennom styring, organisering og drift av sektoren.

Gode og effektive etatar er viktige for å nå måla for sektoren. Departementet har ei målretta styring og oppfølging av underliggjande etatar for å medverke til dette. Departementet arbeider systematisk gjennom den interne og eksterne styringa, for å kunne bli ytterlegare effektive.

Den årlige produktivitetsveksten er viktig for velstandsauken i eit land. Regjeringa vil byggje politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Regjeringa føreset at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. For å gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skape handlingsrom for prioriteringar, blir det innført ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform. Sjå nærmare omtale under delmål 1.1 Effektiv organisering og drift av departementet.

BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område som også gjeld andre departement. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata for regjeringa sin politikk. Departementet har eit særleg ansvar for områda gjennom til dømes lovforvalting, men har ikkje sjølv alle verkemidla.

Hovudmålet til BLD for beredskapsarbeidet er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle oppstå, og departementet arbeider systematisk for å nå målet.

1.2 Innvandrarar og barna deira skal få bruke ressursane sine og bidra til fellesskapet

Noreg har hatt ei kraftig vekst i innvandring dei siste tiåra. Innvandring har kome både frå våre nærområde i EU og frå land i Afrika og Asia. I sum har dette bidrege til økonomisk vekst og gjort Noreg til ein meir mangfaldig nasjon, samtidig som det gir utfordringar knytte til integrering.

Busetjing av flyktningar i første halvår 2014 er 24 prosent høgare enn på same tid i fjor, og talet på flyktningar i mottak som ventar på busetjing er noko redusert. Det er framleis ei utfordring at flyktningar som har fått opphald i Noreg, ventar i lang tid på å bli busett etter avtale i ein kommune. Mange som har utdanning og kompetanse frå heimlandet sitt får i liten grad godkjent og brukt kompetansen sin. Det er òg ei utfordring, både for samfunnet og den enkelte, at det er låg yrkesdeltaking blant nokre grupper av innvandrarar, både kvinner og menn.

I plattforma si har regjeringa ein offensiv integreringspolitikk som inneheld både krav til den enkelte og tilbod frå det offentlege. Dette er utdjupa i samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre.

For å nå regjeringa sitt mål for integreringspolitikken må samfunnet vere ope og inkluderande. Fellesskapet skal ha rom for mangfald, men med ei verdiforankring i rettsstaten og demokratiske prinsipp, og den kristne og humanistiske kulturarv.

Regjeringa vil byggje politikken sin på at alle menneske har universelle rettar. Regjeringa vil arbeide for å spreie kunnskap om menneskerettar og bekjempe vald og undertrykking, til dømes kjønnslemlesting, tvangsekteskap og ekstrem kontroll.

Innvandrarar skal møtast med krav om å bidra og delta i samfunnet på linje med alle andre. Nøklane til integrering i det norske samfunnet ligg i å delta i arbeidsliv og ha gode norskkunnskapar. Arbeid gir tilhøyrsle, fellesskap, nettverk og moglegheit til å forsørgje seg sjølv og til å kome inn på bustadmarknaden.

I Noreg er om lag 759 200 personar, eller 15 prosent av befolkninga, sjølve innvandrarar eller har to foreldre med innvandrarbakgrunn – samanlikna med 5 prosent for 20 år sidan. Av desse har om lag 633 100 personar innvandra sjølve, og om lag 126 100 er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre.

Det bur innvandrarar og norskfødde med innvandrarbakgrunn i alle kommunar i Noreg. Størst del er det i Oslo med 31 prosent av innbyggjarane.

Innvandrarane kjem frå over 220 ulike land, og dei har kome til Noreg av ulike grunnar. Arbeid er den vanlegaste innvandringsgrunnen. Det er elles store variasjonar i kven det er som vandrar inn, årsakene til innvandringa, om dei kjem aleine eller saman med familie, og kor lenge dei har vore i landet. Desse variasjonane har mykje å seie for livsløpa deira i Noreg.

På viktige område er det systematiske skilnader mellom innvandrarar som gruppe og befolkninga elles. Dette gjeld område som arbeid, utdanning og helse. Kor lenge ein har budd i Noreg har mykje å seie: jo lenger butid i Noreg, dess større deltaking. Andre faktorar er innvandringsårsak og utdanning. Skilnadene på fleire av desse områda er langt mindre for norskfødde med innvandrarforeldre.

Regjeringa sin politikk må møte variasjonane blant innvandrarar og barna deira og skilnadene i deltaking og levekår.

Integreringspolitikken femner om mange samfunnsområde. BLD har eit ansvar for mellom anna busetjing av flyktningar, forvalting av introduksjonslova og statsborgarlova og for å leggje til rette for tolking til og frå andre språk i offentleg sektor. BLD har i tillegg det overordna ansvaret for samordning av integreringspolitikken, medan den enkelte fagstyresmakta har ansvar for tenestetilbodet til alle innbyggjarar, medrekna innvandrarar og barna deira. Frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet speler òg ei viktig rolle for god integrering.

Tilgang på kunnskap om innvandrarar og barna deira er ein føresetnad for at BLD skal kunne utøve samordningsansvaret for integreringspolitikken på ein god måte, men òg for at fagdepartementa skal kunne ta sin del av ansvaret.

Regjeringa har revidert og styrkt ordninga Mål for integrering som eit indikatorverktøy for samordning av integreringspolitikken. Formålet er å forankre det ansvaret styresmaktane har for integrering på eigne område. Frå 2015 er indikatorane delt inn i fire temaområde som er sentrale for integreringa: arbeid og sysselsetjing; utdanning og kvalifisering; levekår; fellesskap og deltaking. Det er åtte departement som no er med i ordninga, og kvart departement rapporterar på sine indikatorar i sin eigen budsjettproposisjon. BLD vil arbeide vidare med å utvikle indikatorane saman med dei andre departementa. Den samla rapporteringa for 2014 er å finne i Del III.

Regjeringa vil vidareutvikle integreringspolitikken. Det er mellom anna sett i gang arbeid med to nye stortingsmeldingar som er relevante for integreringspolitikken: ei melding om livslang læring og utanforskap og ei melding om tiltak for å få fleire i arbeid. I tillegg vil BLD sine eigne stortingsmeldingar om likestilling og familiepolitikk, ha eit integreringsperspektiv.

Regjeringa vil halde fram arbeidet for å førebyggje radikalisering og valdelig ekstremisme, jf. Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme. Regjeringa har satt i gang eit arbeid med å greie ut om det bør innførast reglar om tap av norsk statsborgerskap dersom ein statsborgar opptrer sterkt til skade for staten sine vitale interesser eller frivillig har tenestegjort i ei framand militær teneste.

BLD viser òg til at Regjeringa føreslår å styrkje tilskotet til utleigebustadar med 50 mill. kroner over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett.

Boks 1.1 Regjeringa si hovudsatsing på integreringsområdet vil i 2015 vere å:

  • auke integreringstilskotet med 50 mill. kroner. Satsinga skal medverke til raskare busetjing av flyktningar og betre resultat i introduksjonsordninga. Regjeringa føreslår å auke tilskotet til kommunane ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar til innslagspunktet for toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester. Dette skal medverke til raskare busetjing av flyktningar som krev særskild oppfølging eller tilrettelegging i kommunane

  • vidareføre tilleggskvota frå 2014 på 500 plassar frå Syria, og setje av 500 plassar i den ordinære kvota til syrere

  • setje i gang eit prøveprosjekt med overføring av enkelte busetjingsoppgåver til Fylkesmannen i Hordaland og Østfold. Regjeringa omprioriterer 2 mill. kroner til prosjektet

  • omprioritere 7,5 mill. kroner til utvikling av eit nytt IKT-system i IMDi

  • styrkje forsøket med gratis kjernetid i barnehage med 20 mill. kroner

  • omprioritere midlar til arbeidet mot tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege avgrensingar av unges fridom og styrking av arbeidet med tolk

  • setje i gang arbeid med ei ny, stor undersøking om levekår blant innvandrarar.

1.3 Trygge rammer for familiane

Familiane er våre sterkaste sosiale fellesskap, og er viktige berarar av tradisjon, kultur og læring. Regjeringa ønskjer å styrkje familien si stilling i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme omkring barns oppvekst, same kva form den enkelte familie måtte ha.

Barn og familiar er ulike og dei har ulike behov. Derfor må ein gi kvar enkelt familie fleksibilitet og fridom til å velje dei løysingane som passar dei best. Velfungerande familiar gir tryggleik og tilhøyrsle, og skaper rom for utvikling. Regjeringa vil gi familiane valfridom ved å tilby eit større mangfald av løysingar for barnefamiliane.

Stortinget har allereie vedteke endringar som vil gi familiane større valfridom. Frå 1. juli 2014 er fellesdelen i foreldrepengeperioden auka med åtte veker. Frå 1. august 2014 er kontantstøtta for alle eittåringar auka til 6 000 kroner i månaden.

Eit forslag om ei utvida unntaksordning for fedre- og mødrekvoten i foreldrepengeordninga er sendt på offentleg høyring. Det er lagt opp til at ordninga skal vere enkel og tillitsbasert. I dag kan ein gi unntak frå kvoten berre i dei tilfella far eller mor er sjuk eller skada og derfor heilt avhengig av hjelp til å ta seg av barnet. Dersom det er andre grunnar som hindrar mor eller far i å ta ut kvoten, mistar familien foreldrepengedagar. Forslaget som er sendt på høyring vil gjere foreldrepengeordninga meir fleksibel og gir barna meir tid med foreldra.

Regjeringa vil at foreldra skal vere likestilte som omsorgspersonar og ha like rettar. Samtidig skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet alltid veg tyngst i saker om barnefordeling og samvær. Departementet har sett i gang arbeidet med å greie ut spørsmålet om likestilt foreldreskap.

Hovudsatsinga på familieområdet i dette budsjettforslaget er ei styrking av det førebyggjande arbeidet og familievernet. Familievernet blei styrka på fleire område i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2014. I Revidert nasjonalbudsjett for 2014 blei det løyvt midlar for å styrkje familievernet sin kompetanse og kapasitet i arbeidet med å følgje opp biologiske foreldre etter omsorgsovertaking av barnevernet. Desse satsingane blir førte vidare i 2015. I budsjettet for 2015 føreslår regjeringa å auke løyvinga til familievernet sitt førebyggjande arbeid og tilbodet til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå. Satsinga vil auke kapasiteten i familievernet slik at fleire kan få eit tilbod. Det vil òg bli satsa på digitalisering av informasjon og program som er til nytte for brukarane av familieverntenesta. Dette vil gi auka tilgjenge for brukarane og gi ei meir effektiv teneste. Arbeidet med førebygging og tidleg innsats vil bli styrkt gjennom samarbeid med tenester som til dømes helsestasjonar, barnehagar og skolar.

Det førebyggjande arbeidet til familievernet har som mål å bidra til stabile samliv, betre foreldra sitt samspel og styrkje omsorgskompetansen deira. Å styrkje dette arbeidet vil bidra til å gi fleire barn gode og trygge oppvekstvilkår.

Styrkinga av hjelpetilbodet til familiar med høgt konfliktnivå er viktig for å førebyggje at konfliktar og skadeverknader for barna aukar. Det er mellom anna ei målsetjing å redusere talet på foreldretvistsaker for domstolane.

Styrkinga av familievernet sitt tilbod til familiar som er utsette for vald vil vere ein del av regjeringa sitt samla arbeid mot vald og overgrep. Regjeringa har som mål å styrkje kompetansen i det samla offentlege hjelpeapparatet og betre koordineringa av arbeidet mot vald og overgrep i nære relasjonar.

Vald i nære relasjonar har store økonomiske konsekvensar for samfunnet og den einskilde. Regjeringa ser eit særskilt behov for tiltak som kan bidra til betre meistring av kvardagen for barn som har vore utsette for vald. Departementet føreslår derfor å opprette ei ny tilskotsordning for å kunne gi støtte til slike tiltak. Sjå omtale under hovudmål 1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom.

I 2015 vil regjeringa følgje opp tiltak i handlingsplanar og strategiar på valdsfeltet, og utvikle og styrkje innsatsen mot vald ytterlegare. Regjeringa vil mellom anna følgje opp arbeidet med Barndommen kommer ikke i reprise – Strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017) og lansere regjeringa sin prioriterte tiltaksplan for å styrkje innsatsen på dette området. Regjeringa vil òg sette i gang arbeidet med å gjennomføre ei omfangsundersøking av barn utsett for vald og overgrep. I 2015 vil departementet få utvikla ei etisk og forsvarleg utforming for ei slik omfangsundersøking.

Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om familiepolitikken. I arbeidet med meldinga har ein som utgangspunkt at det må vere ei tydeleg kopling mellom familie- og oppvekstpolitikken. Dei overordna måla for oppvekstpolitikken er nærmare omtalte under hovudmål 1.5 under.

Boks 1.2 Regjeringa si hovudsatsing på familieområdet vil i 2015 vere å:

  • auke løyvinga til familievernet med 15 mill. kroner for å styrkje familievernet sitt førebyggjande arbeid og tilbodet til valdsutsette familiar og familiar med høgt konfliktnivå

  • setje i gang eit forprosjekt for å utvikle ei etisk og forsvarleg utforming for ei undersøking om omfanget av vald og seksuelle overgrep blant barn og unge.

1.4 Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

Alle skal ha like moglegheiter og fridom til å treffe eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom eit betre diskrimineringsvern. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal sikrast like rettar og høve til innverknad på eigne liv.

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammer både den enkelte og heile samfunnet. I dag blir omgrepet likestilling nytta i vidare forstand enn berre om likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. BLD har ei koordineringsrolle overfor andre departement i arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.

Regjeringa tek sikte på å sende forslag til ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov på høyring i 2015. Målet er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Regjeringa vil fremme ei stortingsmelding om likestilling mellom kvinner og menn. Sentrale tema for meldinga skal mellom anna vere oppvekst, utdanning og arbeid, entreprenørskap, vald og helse. Både manns- og minoritetsperspektiv vil vere gjennomgåande.

Høg yrkesdeltaking blant begge kjønn er viktig for å utvikle velferdsstaten vidare. Den gode økonomiske utviklinga i Noreg er mellom anna eit resultat av målretta satsing på ordningar som gjer det mogleg for både menn og kvinner å kombinere yrkesliv og familieliv. Regjeringa er samstidig oppteken av å gi familiar valfridom til å organisere sin eigen kvardag og å finne løysningar som passar den enkelte familie. Regjeringa er spesielt oppteken av å styrkje tilknytinga til arbeidsmarknaden for kvinner med innvandrarbakgrunn og å stimulere til at fleire unge tek utradisjonelle utdanningsval som bidreg til ein mindre kjønnsdelt arbeidsmarknad.

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil føre vidare trepartssamarbeidet om likestilling i arbeidslivet.

Frivillige organisasjonar har hatt ei viktig rolle i utviklinga av likestillingspolitikken. Regjeringa føreslår å føre vidare støtta til familie- og likestillingspolitiske organisasjonar.

Regjeringa si visjon er eit samfunn der alle kan delta. Regjeringa vil arbeide vidare for eit universelt utforma samfunn. Det er derfor sette i gang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. Det blir innhenta synspunkt frå fagmiljø og organisasjonar gjennom breie innspelsprosessar. Planen utarbeidast i samarbeid med andre aktuelle departement. Stortinget har oppmoda Regjeringa om å leggje fram eit forslag til ein framdriftsplan for å nå visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025. Regjeringa vil vurdere korleis dette eventuelt kan følgjast opp.

Eit samla storting stilte seg bak innstillinga frå komiteen da Meld. St. 45 (2012–2013) Frihet og likeverd – Om mennesker med utviklingshemming blei behandla. Regjeringa følgjer oppmodingsvedtaket om å setje ned eit utval som skal føreslå høvelege og konkrete tiltak for å styrkje dei grunnleggjande rettane til personar med utviklingshemming.

Regjeringa vil arbeide for å gi grunnleggjande rettar for lhbt-personar og aktivt motarbeide diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet. Noreg er, og skal vere, eit føregangsland når det gjeld lhbt-rettar. Gjennom å involvere dei frivillige organisasjonane på feltet skal regjeringa arbeide vidare med ein målretta og systematisk innsats frå 2015.

Etnisk diskriminering er eit hinder for at personar i det norske samfunnet kan delta på like fot med andre. Det finns utfordringar på fleire samfunnsområde, som i arbeidsmarknaden og innanfor offentlege tenester. Rettslege verkemiddel er nødvendige for å fremme likestilling og hindre diskriminering, men førebyggjande arbeid er òg nødvendig. I samråd med andre departement vil BLD vurdere ein målretta og systematisk innsats mot etnisk diskriminering frå 2015 gjennom konkrete tiltak som er i tråd med hovudutfordringane på ulike samfunnsområde.

Boks 1.3 Regjeringa si hovudsatsing på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet vil i 2015 vere å:

  • sende forslag til ei ny, felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov på høyring

  • utarbeide ei stortingsmelding om likestilling mellom kvinner og menn

  • setje i gang eit arbeid for å utvikle ein ny handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha hovudvekt på IKT og velferdsteknologi

  • opprette eit offentleg utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak for å styrkje dei grunnleggjande rettane til personar med utviklingshemming

  • gjennomføre ein innsats mot diskriminering på grunn av seksuell orientering og kjønnsidentitet

  • utarbeide tiltak for å motverke diskriminering på grunn av etnisitet, mellom anna i arbeidsliv, offentleg tenesteyting og i samfunnet generelt.

1.5 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet for å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep. Det er særs viktig å leggje til rette for brei deltaking for å motverke utanforskap og ekstremisme. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit kritisk og levande demokrati for framtida.

Departementet har eit ansvar for samordninga av den statlege politikken på barne- og ungdomsområdet, og for oppfølging av FNs barnekonvensjon. Samarbeidet mellom ulike departement om ein gjennomgåande politikk for barn og unge vil bli ført vidare. Dette skjer mellom anna gjennom samarbeid om handlingsplanar, felles strategiar, forskings- og utviklingsarbeid og spreiing av kompetanse.

I den varsla stortingsmeldinga om familiepolitikken vil ein drøfte oppvekstpolitikken og tema som ligg i skjeringspunktet mellom familie- og oppvekstpolitikk. Målet er å utvikle vidare politikken slik at ein betre kan møte dei utfordringane barn, ungdom og familiar står overfor.

Befolkninga har dei seinare åra fått ta del i ei velstandsauke. Men framleis er det personar som står utanfor viktige sosiale arena på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Fattigdom råkar òg barn og ungdom. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at familiar som lever i fattigdom skal få delta i samfunnet og få betra sine levekår.

Regjeringa vil styrkje og samordne innsatsen mot fattigdom som råkar barna. Det viktigaste i arbeidet med å motvirke fattigdom blant barn, er å stimulere til at foreldra blir yrkesaktive og kan forsørgje seg sjølv. Nokre grupper har utfordringar med å komme seg i arbeid, eller halde seg i arbeid over tid.

Regjeringa vil utvikle ein strategi mot barnefattigdom. Strategien vil byggje på samarbeidsavtalen mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Fremstegspartiet og Høgre om å auke innsatsen mot barnefattigdom jf. forslag frå Dokument 8:125 S (2012–2013). Arbeidet vil og ta omsyn til tilrådingane som kom fram i Riksrevisjonen si undersøking av barnefattigdom (Dokument 3: 11 (2013–2014)). Ei rekkje tiltak er sett i gang og vil inngå i arbeidet med å utvikle ein samla strategi.

Regjeringa vil at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, uavhengig av inntekta til foreldra. Eit tiltak mot barnefattigdom er den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom som blei etablert i 2014. Regjeringa har òg starta eit arbeid med å betre koordineringa mellom barnevernet og arbeids- og velferdsforvaltninga for å hindre at barnevernsbarn fell utanfor arbeidslivet i overgangen til vaksenlivet. Sjå nærmare omtale om arbeidet mot barnefattigdom under delmål 5.2 Effektive tiltak mot fattigdom blant barn og unge.

Regjeringa fører vidare den særskilte innsatsen retta mot ungdom som står i fare for å falle utanfor opplæring og arbeidsliv. Losprosjektet og tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom har gitt nyttige erfaringar som ein vil byggje på i arbeidet framover. Det er òg sett i gang eit arbeid som skal gi barn i barnevernet ei betre tilpassa skolegang i samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Bufdir, sjå nærmare om dette under delmål 6.2 Tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse i barneverntenestene, under Skolegang for barnevernsbarn.

Dei aller fleste barn og unge greier seg bra, men delen som blir råka av dårlege oppvekst- og levekår er høgare i storbyane enn på landsbasis. Det er derfor behov for å styrkje den særskilte satsinga retta mot barn og unge i større byar. Departementet føreslår å auke løyvinga til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga vil i 2015 bli innretta mot opne møteplassar for barn og ungdom med særskilte behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø.

BLD ser det som viktig at barn og unge blir gitt høve til deltaking og innverknad, både i samfunnet og i eigne liv. Departementet vil òg stimulere til at enda fleire kommunar arbeider for ein brei medverknad frå barn og unge.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken, og regjeringa støttar det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane. Støtta er eit viktig verkemiddel for å oppnå barn og unge si deltaking og engasjement. Det er òg ein viktig arena for demokratiutvikling.

Regjeringa ser eit særskilt behov for tiltak for barn som har vore utsette for vald og seksuelle overgrep. Forsking viser at vald og overgrep i barndommen er ei sentral årsak til utvikling av helseproblem (psykiske og fysiske) i vaksen alder. Ein stor del av dei som har blitt utsett for vald blir avhengig av offentlege stønadar som vaksne og mange valdsutøvarar har sjølv levd med vald i barndommen.

Boks 1.4 Regjeringa si hovudsatsing på barne- og ungdomsområdet vil i 2015 vere å:

  • auke løyvinga til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn med 5 mill. kroner

  • opprette ei ny tilskotsordning for å kunne gi støtte til tiltak retta mot barn som har vore utsett for vald. Løyvinga for tilskotsordninga vil i 2015 vere på 11,5 mill. kroner

  • utvikle ein strategi mot barnefattigdom som vil byggje på samarbeidsavtalen mellom Venstre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet og Høgre om å auke innsatsen mot barnefattigdom, sjå forslag frå Dokument 8: 125 S (2012–2013).

Regjeringa føreslår derfor å opprette ei ny tilskotsordning for å kunne gi støtte til tiltak retta mot barn som har vore utsett for vald. Målet med den nye tilskotsordninga er å støtte etablering og drift av tiltak som kan auke livskvaliteten for barn som har blitt utsett for vald. Tilskotsmottakar kan være stiftingar, frivillige organisasjonar og andre aktørar. Ordninga er nærmare gjort greie for under omtalen under kap. 857 Barne- og ungdomstiltak, post 72 (ny).

1.6 Eit godt og effektivt barnevern

Alle barn i Noreg som treng hjelp på grunn av omsorgssvikt og overgrep skal raskt få eit godt tilbod. Barnevernet skal arbeide førebyggjande og vere eit tryggleiksnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Barnevernet skal møte barn og foreldre med omsorg og anerkjenne barna sitt behov for tryggleik og omsorg. Kunnskap om behova til barn og familiar og kompetanse til å gi god hjelp er heilt nødvendig. Eit verdifullt arbeid vert gjort kvar dag av tilsette i barnevernet, og regjeringa har som mål å betre denne tenesta ytterlegare.

Departementet vil styrkje det førebyggjande arbeidet retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at ein kan kome tidleg inn med gode tiltak og unngå problemutvikling. Det er viktig å støtte og utvikle tiltak og metodar som kan betre omsorgsevna til foreldra for å unngå plassering i fosterheim og på institusjon.

Veksten i talet på barn i tiltak med finansiering frå det statlege barnevernet har auka betydeleg gjennom mange år. Dette knyter seg særleg til forsterka fosterheimar. Det statlege tilbodet består av ein stor del private tiltak. Bruken av institusjon har gått ned med åtte prosent i perioden 2011 til 2013. Dette tilbodet er dei seinaste år differensiert og spesialisert. På den måten kan ein ta vare på særskilt utsette barn og unge og unngå at unge blir utsette for negativ sosial læring i barneverninstitusjonar.

Barn i barnevernet har større risiko enn andre barn for å ikkje kome i utdanning eller arbeid, og dei har større helseutfordringar enn andre. Det inneber at barnevernet må samarbeide med andre tenester.

Forsking viser at å meistre skole og utdanning er ein svært viktig føresetnad for at utsette barn og unge skal få ei god utvikling. Regjeringa ønskjer derfor å utvikle vidare det pågåande arbeidet med å styrkje skole- og utdanningstilbodet for barn og unge med tiltak i barnevernet.

Regjeringa vil utvikle vidare det kunnskapsbaserte barnevernet. Målet er at barn og foreldre møter ei teneste med høg kvalitet, slik at dei får nyttig hjelp gjennom alle tiltaka frå barnevernet. Kommunalt og statleg barnevern må tilby hjelp som er tilpassa behova til barna, anten det gjeld hjelp i heimen (hjelpetiltak) eller hjelp for dei som bur i fosterheim eller på institusjon.

For å bidra til eit barnevern med høg kvalitet, vil departementet halde fram arbeidet med å utvikle Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) til eit fagdirektorat, jf. Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven. Bufdir har derfor frå 2014 fått fagdirektoratsoppgåver for både det kommunale og det statlege barnevernet, og gjeld alle kommunane i landet. Direktoratet vil gi faglege tilrådingar, utvikle vidare indikatorar på barnevernsområdet, spreie kunnskap og vere ein pådrivar for at alle delar av barnevernet tek i bruk dei seks nasjonale kvalitetsmåla som gjeld for heile barnevernet:

  • gi hjelp som er verksam

  • trygge og sikre tenester

  • medverknad frå barn og foreldre

  • god samordning og kontinuitet i tilbodet

  • god ressursutnytting

  • likeverdige tenester.

Desse måla vil liggje til grunn for den vidare utviklinga av barnevernet i 2015. Kunnskapsutvikling og kompetansestyrking er nødvendig for å nå måla, og eit godt samarbeid mellom utdanning, forsking og praksis skal medverke til eit betre barnevern. Det er òg ein føresetnad at Bufdir som fagdirektorat samarbeider med fylkesmannsembeta i høve til uvikling av barneverntenestene.

BLD vil hausten 2014 sette ned eit lovutval som skal gå gjennom barnevernlova. Målet er å tilpasse regelverket til den generelle samfunns- og kunnskapsutviklinga som har funne stad etter at barnevernlova trådde i kraft for over 20 år sidan. Utvalet skal gjere språkleg, teknisk og strukturell forenkling av lova og vurdere korleis lova elles kan forenklast. I tillegg skal enkelte tema og problemstillingar greiast ut som fastsetjing av rettar. Utvalet skal utarbeide utkast til ny forenkla barnevernlov og vil legge fram sitt arbeid i 2016.

Regjeringa legg opp ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane gis eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Regjeringas ambisjon er eit betre barnevern som gjør at fleire barn får rett hjelp til rett tid. Departementet har starta arbeidet med strukturendringar og tek sikte på å prøve ut ny organisering i form av forsøksverksemd i eit lite utval av kommunar med oppstart i 2015 eller 2016. Dette vil innebere overføring av nokre statlege oppgåver til dei kommunane som deltek i forsøksverksemda.

Barnevernstenesta i kommunane har blitt styrkt med 890 nye stillingar frå 2010 til 2014. Satsinga har medverka til ei positiv utvikling på sentrale indikatorar som færre fristbrot og auke i talet på barn med tiltaks- og omsorgsplan. Regjeringa er oppteken av at midlane skal ha den tilsikta verknaden og gi ein langsiktig effekt, og vil derfor å halde fram øyremerkinga av dei 890 stillingane i det kommunale barnevernet i 2015.

Fosterheimsområdet står overfor store utfordringar. Regjeringa vil derfor sørgje for ein brei gjennomgang av politikken på dette området, og vil innan utgangen av 2015 legge frem ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen, i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak nr. 440 av 5. juni 2014.

BLD har sett i gang ei evaluering av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som skal vere ferdig i 2015. Formålet er å få meir kunnskap om fylkesnemndene fungerer etter intensjonen og med særleg merksemd på ressursbruk, organisering og rettstryggleik.

Boks 1.5 Regjeringa si hovudsatsing på barnevernsområdet vil i 2015 vere å:

  • styrkje det statlege barnevernet med 150 mill. kroner til kjøp av offentlege og private barneverntiltak

  • oppretthalde øyremerkinga til det kommunale barnevernet i 2015

  • halde fram satsinga på skole- og utdanningssituasjonen for barn med tiltak i barnevernet

  • legge fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen

  • setje ned eit lovutval som skal gå gjennom barnevernlova

  • arbeide med ei ny ansvarsdeling mellom det kommunale og det statlege barnevernet, der kommunane får eit større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet.

1.7 Ei sterk stilling for forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i marknaden. Det føreset at forbrukarane har gode rammevilkår og rettar, at det finst gode og effektive system for tvisteløysing i konfliktar som oppstår mellom kjøparar og seljarar og at forbrukarane har kunnskapar som gjer det mogleg å ta informerte og ansvarlege val. Forbrukarane skal vite nok til å til dømes kunne velje bort varer som er skadelege for helsa eller omgivnadene.

Vare- og tenestetilbodet som forbrukarane møter blir stadig utvida og endra. Samtidig gjer kompleksiteten og mangfaldet som forbrukarane står overfor, at det er krevjande å få oversikt over risikoforhold. Derfor er gode informasjonsløysingar er ein viktig del av forbrukarpolitikken. Skal konkurransen i marknaden fungere tilfredsstillande, er det avgjerande at forbrukarane har tilstrekkeleg kunnskap både om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Slik kunnskap fremmar forbrukarmakt.

Regjeringa satsar på å utvikle gode, digitale løysingar for informasjon om marknadsforhold som er tilpassa behova til forbrukarane. I 2015 skal det mellom anna utviklast ein ny portal med meir fullstendig informasjon om pris- og avtalevilkåra på straummarknaden. Den nye portalen vil erstatte Kraftprisoversikta til Konkurransetilsynet, som har blitt utdatert. I tillegg skal Finansportalen (finansportalen.no) og Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) utviklast vidare med nye funksjonar. Mellom anna skal Finansportalen få nye modular om pensjonsprodukt og personleg økonomi for ungdom.

Regjeringa føreslår i dette budsjettet ei betydeleg styrking av det utanrettslege systemet for løysing av tvistar som forbrukarar har med næringsdrivande om kjøp av varer og tenester. Systemet skal utvidast til å omfatte ei rekkje nye saksområde. Forbrukarrådet vil få ansvar for å mekle på dei nye saksområda, og det er derfor nødvendig å tilføre Forbrukarrådet auka ressursar til å ta seg av desse. For å leggje til rette for eit sterkt fagmiljø går regjeringa inn for å samle dei nye ressursane på ein stad. Ressursane skal lokaliserast til Forbrukarrådet sitt regionkontor i Tromsø. I tillegg vil Forbrukar Europa få utvida ansvar og ressursar til ei nettbasert løysing for tvisteløysing, for å hjelpe forbrukarar som har handla via Internett i EØS-området. Forbrukartvistutvalet skal òg styrkjast for å kunne behandle tvistar av prinsipiell karakter som fell utanfor den noverande klageordninga (Forbrukartvistutvalet og ulike frivillige og offentlege tvistenemnder).

Styrkinga av det utanrettslege tvisteløysingstilbodet til forbrukarane har bakgrunn i at nye EU-reglar om alternativ tvisteløysing krev tilpassingar i norsk rett.

Frivillige merkeordningar er viktige for å formidle standardisert og kvalitetssikra informasjon om val som er gode for miljøet og medverkar til etisk forbruk. BLD vil i tråd med dette halde fram med å støtte opp under dei offisielle miljømerka i Noreg, Svana og EU Ecolabel (miljømerket til EU).

BLD har i 2014 sett i gang eit arbeid med å vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet. Departementet har bedt Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) om sjå nærmare på rolla og oppgåveløysinga til Forbrukarrådet, grenseflatene mellom Forbrukarrådet og Forbrukarombodet, og på kva som eventuelt kan gjerast for å tydeleggjere rolla ombodet har som tilsynsorgan. Vurderinga av verkemiddelapparatet skal leggje grunnlag for ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken.

Boks 1.6 Regjeringa si hovudsatsing på forbrukarområdet vil i 2015 vere å:

  • styrkje løyvinga til det utanrettslege systemet for løysing av tvistar som forbrukarane har med næringsdrivande om kjøp av varer og tenester med totalt 18,9 mill. kroner (fordelt med 17,4 mill. kroner til Forbrukarrådet og 1,5 mill. kroner til Forbrukartvistutvalet)

  • styrkje løyvinga til Forbrukarrådet sitt arbeid med marknadsportalar med 2 mill. kroner til drift av ein ny straumprisportal og utvikling av nye modular i Finansportalen om pensjonsprodukt og personleg økonomi for ungdom

  • vurdere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet for å leggje grunnlag for ei mest mogleg effektiv gjennomføring av forbrukarpolitikken.

Av regjeringsplattforma går det fram at regjeringa vil arbeide for å skape ein enklare kvardag for folk flest, bidra til auka konkurranse som grunnlag for verdiskaping og velferd, og bidra til ein meir effektiv bruk av verkemiddel i offentleg sektor. Satsingane i forbrukarpolitikken som er omtalt over byggjer opp om desse punkta.

Tabell 1.1 Samsvar mellom forbrukarpolitiske satsingar og innsatsområda til regjeringa

Ein enklare kvardag for folk flest

Velfungerande marknader

Ein effektiv offentleg sektor

Gjennomgang av virkemiddelapparatet

X

X

Utvida tvisteløysingstilbod

X

X

X

Digitale informasjonsløysingar

X

X

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon

800

Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet

171 936

171 760

174 644

1,7

Sum kategori 11.00 171 936 171 760 174 644 1,7

Integrering og mangfald

820

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

193 628

191 246

193 093

1,0

821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

5 602 235

6 700 673

7 611 902

13,6

822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

1 767 601

1 700 431

1 606 477

-5,5

823

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene

7 718

6 749

-100,0

Sum kategori 11.05 7 571 182 8 599 099 9 411 472 9,4

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

840

Krisetiltak

112 185

117 312

121 086

3,2

841

Samliv og konfliktløysing

25 025

30 891

31 574

2,2

842

Familievern

375 326

392 498

426 547

8,7

843

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

4 324

4 807

4 843

0,7

844

Kontantstøtte

1 210 693

1 414 000

1 777 500

25,7

845

Barnetrygd

15 190 248

15 110 000

15 235 000

0,8

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

75 763

53 187

47 533

-10,6

847

Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

227 881

221 379

223 621

1,0

849

Likestillings- og diskrimineringsombodet

54 140

54 035

54 035

0,0

Sum kategori 11.10 17 275 585 17 398 109 17 921 739 3,0

Tiltak for barn og ungdom

850

Barneombodet

14 430

13 812

13 621

-1,4

852

Adopsjonsstønad

7 466

12 694

10 663

-16,0

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

168 851

183 879

173 866

-5,4

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

2 526 285

1 836 730

2 059 998

12,2

855

Statleg forvalting av barnevernet

5 952 469

5 957 630

6 352 483

6,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

185 980

200 139

201 877

0,9

857

Barne- og ungdomstiltak

225 008

273 506

287 881

5,3

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

310 347

280 256

255 591

-8,8

859

EUs ungdomsprogram

9 390

7 798

8 038

3,1

Sum kategori 11.20 9 400 226 8 766 444 9 364 018 6,8

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

118 897

123 024

143 783

16,9

862

Positiv miljømerking

6 200

6 917

7 145

3,3

865

Forbrukarpolitiske tiltak

12 908

15 374

11 507

-25,2

866

Statens institutt for forbruksforsking

28 799

26 307

27 039

2,8

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

10 964

9 428

10 403

10,3

868

Forbrukarombodet

25 091

23 037

23 266

1,0

Sum kategori 11.30

202 859

204 087

223 143

9,3

Sum programområde 11

34 621 788

35 139 499

37 095 016

5,6

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

17 107 454

18 583 000

19 010 000

2,3

Sum kategori 28.50

17 107 454

18 583 000

19 010 000

2,3

Sum programområde 28

17 107 454

18 583 000

19 010 000

2,3

Sum utgifter

51 729 242

53 722 499

56 105 016

4,4

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon

3800

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

4 960

Sum kategori 11.00

4 960

Integrering og mangfald

3820

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet

9 405

3821

Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

117 066

187 516

190 911

1,8

3822

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

137 474

158 719

121 037

-23,7

Sum kategori 11.05

263 945

346 235

311 948

-9,9

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

3842

Familievern

5 482

637

658

3,3

3846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

326

Sum kategori 11.10

5 808

637

658

3,3

Tiltak for barn og ungdom

3850

Barneombodet

416

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

2 178

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 087 394

1 096 570

1 296 798

18,3

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

97 974

108 780

112 370

3,3

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

10 166

433

433

0,0

3859

EUs ungdomsprogram

3 831

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 11.20

1 201 959

1 208 083

1 411 901

16,9

Forbrukarpolitikk

3867

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

392

3868

Forbrukarombodet

1 263

Sum kategori 11.30

1 655

Sum programområde 11

1 478 327

1 554 955

1 724 507

10,9

Sum inntekter

1 478 327

1 554 955

1 724 507

10,9

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Drift

7 131 673

7 336 049

7 729 364

5,4

30-49

Nybygg og anlegg

13 153

60 304

54 755

-9,2

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

233 027

240 464

247 886

3,1

60-69

Overføringer til kommuner

10 089 939

10 244 004

11 289 020

10,2

70-98

Overføringer til private

34 261 450

35 841 678

36 783 991

2,6

Sum under departementet

51 729 242

53 722 499

56 105 016

4,4

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30–49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2014

Forslag 2015

821

21

Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling

6 986

39 530

821

60

Integreringstilskot

16 922

6 793 969

822

21

Spesielle driftsutgifter, opplæring i norsk og samfunnskunnskap

158

28 086

846

79

Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid

10 083

3 352

847

71

Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming

3 116

16 229

857

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

16 814

28 175

857

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv.

101

10 321

859

01

Driftsutgifter

0

8 038

865

21

Spesielle driftsutgifter

1 295

4 561

865

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk

1 733

5 646

2.3 Merinntektsfullmakter

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet føreslår at departementet i 2015 kan:

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 820 post 01

kap. 3820 post 01

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01

kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 01

3 Oppmodingsvedtak

3.1 Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt utformet samfunn frem mot 2025.»

Regjeringa har sett igang eit arbeid for å utvikle ein handlingsplan for universell utforming som skal gjelde for perioden 2015–2019. Planen skal ha houvdvekt på IKT og velferdsteknologi. Regjeringa vil vurder korleis oppmodingsvedtaket eventuelt kan bli følgd opp i denne samanhang.

3.2 Vedtak nr. 357, 25. februar 2014

«Stortinget ber regjeringen nedsette et bredt sammensatt utval som skal foreslå egnede og konkrete tiltak som styrker grunnleggende rettigheter til personer med utviklingshemning sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltakelse. Mandatet til utvalget må inkludere mål, tiltak, kompetanse, rettsikkerhet, økonomi og styringssystem som sikrer at nasjonale politiske mål innfris.»

Regjeringa vil setje ned eit breitt samansett utval som skal føreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar for menneske med utviklingshemming med tanke på sjølvstende, privatliv familieliv og deltaking i samfunnet.

3.3 Vedtak nr. 440, 4. juni 2014

«Stortinget ber regjeringen legge frem en egen stortingsmelding om fosterhjemsomsorgen innen utgangen av 2015.»

Regjeringa vil innan utgangen av 2015 leggje fram ei melding til Stortinget om fosterheimsomsorgen.

3.4 Vedtak nr. 590, 20. juni 2014

«Stortinget ber regjeringen vurdere incentiver for raskere bosetting av enslige mindreårige asylsøkere i kommunene.»

Kommunane har dei seinare åra oppfylt behovet for busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Resultata knytte til tidsmåla har òg blitt vesentleg betre dei seinare åra. I 2011 var 27 prosent av dei 618 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader etter at dei hadde fått innvilga opphaldsløyve. I 2013 var 72 prosent av dei 421 busette einslege mindreårige flyktningane busette innan tre månader. I første halvår 2014 var 70 prosent av dei 216 busette einslege mindreårige flyktningane busett innan tre månader. Det er per i dag usikkert om det vil bli nok plassar til busetjing av enslege mindreårige i 2015.

Regjeringa vil styrkje dei økonomiske verkemidla som skal bidra til raskare busetjing av alle flyktningar. Regjeringa føreslår å auke integreringstilskotet og tilskotet til utleigebustadar. Regjeringa føreslår også å auke tilskot 2 i ordninga Tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar. Desse tiltaka skal òg bidra til raskare busetjing av einslege mindreårige flyktningar, sjølv om dette ikkje er særskilde tiltak for einslege mindreårige. Regjeringa vil følgje situasjonen nøye.

Regjeringa føreslår å oppretthalde refusjonsordninga for kommunale utgifter til barnevernstiltak knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet