Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km². Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og det største lokalsamfunnet. Ifølgje befolkningsregisteret for Svalbard er det per 01.09.2014 totalt 2 097 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 494 busette. Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. Ifølgje befolkningsregisteret er det til saman 38 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårsbusette. Talet på busette i Longyearbyen har dei siste 7-8 åra lege nokså stabilt på mellom 2000–2200 busette. For nærare omtale av denne utviklinga, sjå pkt. 2.1.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2006–2014 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

Longyearbyen

1905

2018

2068

2112

2041

2084

2173

2125

2097

Ny-Ålesund

37

37

41

37

43

39

40

34

38

Barentsburg

448

525

440

417

491

450

413

464*

494

* I Prop. 1 S (2013–2014) blei talet ved eit mistak oppgitt til å vere 676

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre (LL) får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2014–2015) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2015 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Det er nedfelt i Politisk plattform for Regjeringa Solberg (Sundvollenerklæringa) at Regjeringa vil føre ein offensiv nordområdepolitikk. Sett i lys av utviklinga i nordområda, med auka aktivitet i form av sjøtransport og ressursutvinning, er god kapasitet innan søk og redning særs viktig.

Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk, markerer at Noreg er ein viktig aktør i nordområda.

Dei overordna måla for norsk svalbardpolitikk gjer – saman med dei årlege svalbardbudsjetta – uttrykk for gjeldande svalbardpolitikk. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken, jf. Innst. S. nr. 336 (2008–2009). Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla for norsk svalbardpolitikk i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Det vert lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Hovudmål og delmål

Justis- og beredskapsdepartementet – som har fag- og koordineringsansvar for norsk polarpolitikk både i Arktis og Antarktis – har følgjande hovudmål og delmål for dette:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justis- og beredskapsdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Redusere sårbarheita i samfunnet og styrkje samhandling i beredskap og krisehandtering

  3. Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

  4. Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

Det er sett ambisiøse mål for svalbardpolitikken. Desse måla, saman med den auka aktiviteten på øygruppa og at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. også omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betydning som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk, jf. nærare omtale under pkt. 2.1.1.

2.1.1 Samordne og koordinere Regjeringas politikk for polarområda

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene fleire verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet (under dette svalbardbudsjettet), Sysselmannen på Svalbard, som statens øvste representant på øygruppa, og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen Lokalstyre (LL).

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av fagdepartementa sin politikk for Svalbard og polarområda elles, er viktig for å nå hovudmåla i polarpolitikken. Det følgjer av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet at det er justis- og beredskapsministeren som leier dette utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret for Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Polarutvalet fungerer som eit verktøy for Justis- og beredskapsdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Statsministerens kontor, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard. Utvalet har møter om lag ti gonger i året.

Figur 2.1 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Figur 2.1 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet.

Plikta til å leggje fram saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker for Polarutvalet, gjer at desse kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk polarpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder, eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis- og beredskapsdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Justis- og beredskapsdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse møta, der mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet òg deltek.

Arktisk råd

Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Rådet vart etablert i 1996, og medlemmane deler på å ha formannskapet, med to år av gongen. Canada har hatt formannskapet sidan våren 2013. Noreg er ein pådrivar i arbeidet med å styrkje Arktisk råd. Styrkinga skjer gjennom opptak av nye observatørar, etablering av eit eige sekretariat – som er lagt til Tromsø, og ved å handtere utfordringar som følgje av klimaendringane og mogligheitene for auka menneskeleg aktivitet i Arktis. Regjeringa arbeider for at Arktisk Råd møter desse utfordringane med sikte på å nytte moglegheitene på eit berekraftig vis. Rådet har dei siste åra utvikla seg frå eit reint drøftande organ til eit forum som òg tek initiativ til å forhandle fram juridisk bindande avtaler mellom medlemslanda i rådet. I 2011 vart det, etter initiativ frå Arktisk Råd, inngått ei avtale mellom dei åtte arktiske landa om søk og redning i Arktis. Etter same modell har landa forhandla fram ei avtale om beredskap og respons for handtering av oljeforureining i dei arktiske farvatna. Denne vart underteikna på ministermøtet våren 2013. Dette har bidrege til å styrkje og sikre Arktisk Råd som den viktigaste internasjonale møteplassen for å forme ny politikk for handtering av utfordringar i Arktis. På same møte blei òg India, Italia, Japan, Kina, Singapore og Sør-Korea tekne opp som permanente observatørar. Det blei òg bestemt at EU skal bli observatør, men dette vil først skje når nokre uteståande spørsmål mellom EU og Canada er avklarte. Opptaket av nye observatørar medverkar til å bekrefte Arktisk Råd si sentrale stilling som internasjonal møteplass for arktiske spørsmål. Utanriksdepartementet leier den norske delegasjonen til møta i Arktisk Råd, der mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet òg deltek.

Lovgiving

Normaliseringa av samfunnsfunksjonane på Svalbard og dei stadig meir omfattande folkerettslege pliktene Noreg tek på seg reint generelt, har over ein lengre periode ført til at nye lover og forskrifter har vorte innførte på Svalbard. Lovgiving er dessutan eit viktig verkemiddel for å sikre ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard innanfor rammene av dei overordna måla i svalbardpolitikken. Ny lovgiving for fastlandet skal innførast for Svalbard òg, med mindre særlege tilhøve taler mot dette.

Sjølv om dette er eit utgangspunkt, vert ikkje all ny lovgiving gjort gjeldande for Svalbard heilt automatisk. Det er slått fast i svalbardlova § 2 at lovgivinga om privatrett, strafferett og om rettspleie gjeld på Svalbard når ikkje anna er fastsett, mens anna såkalla offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld utan når det er fastsett særskilt. Det vert såleis gjort ei spesiell vurdering av tilhøvet til Svalbard ved innføring av såkalla offentlegrettsleg lovgiving, men då altså med det utgangspunktet at lover skal gjelde for Svalbard med mindre særlege grunnar talar imot det.

I dette ligg at ein mellom anna må vurdere om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden, og/eller om det er naudsynt med overgangsordningar. Dette gjeld til dømes brannlovgivinga og nærings- og selskapslovgivinga. Det er òg slått fast at sjølv om Longyearbyen på fleire område liknar på eit lokalsamfunn på fastlandet, og det er eit mål at det òg skal vere eit robust familiesamfunn, skal det likevel ikkje vere eit livsløpssamfunn. Det offentlege tenestetilbodet innanfor helse- og sosialområdet er avgrensa. Utlendingslova gjeld heller ikkje. I ei lovregulering av tenesteytinga innanfor t.d. helsesektoren, må det difor gjerast ei eiga vurdering av kva for reglar som er naudsynte.

2.1.2 Redusere sårbarheita i samfunnet og styrkje samhandling i beredskaps- og krisehandtering

Klimaendringane skaper moglegheiter for og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flytter nord og austover. Mindre is vil på sikt kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. Samstundes skaper desse endringane også nye utfordringar. Longyearbyen vil få auka betydning mellom anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrkt redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning vart utvida ved at Noreg tok ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard opp til polpunktet.

Figur 2.2 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Figur 2.2 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande raskt til unnsetning. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, har Stortinget vedteke at Sysselmannen frå 1. april 2014 fekk to store likeverdige helikopter. Det er inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette styrkjer redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og vil kunne plukke opp 18 naudstilte innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre kommunikasjons- og sikkerheitsutstyr. I tillegg vart utrykkingstida på reservehelikopteret som tidlegare var to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, no redusert til to timar heile døgnet. Vidare har styrkinga auka tryggleiken for mannskapet ved at begge helikoptra har same rekkevidde. For å få tilfredsstillande hangarforhold for dei nye helikoptra vart det bygt ein ny moderne hangar som sto ferdig 1. april 2014. Det er løyvd midlar over svalbardbudsjettets kap. 6 (Sysselmannens transportbudsjett) for å drifte hangaren frå opninga i 2014.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Det nye fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og vil bli sett inn i drift frå hausten 2014. Frå sesongstart våren 2014 og fram til det nye fartøyet kjem i drift vert det sett inn eit erstatningsfartøy i teneste.

For å setje Sysselmannen i stand til betre å løyse nye og større utfordringar innanfor arbeidet med redning og beredskap og for å tilpasse seg dei nye arbeidstidsføresegnene for politiet er politibemanninga styrkt med tre nye stillingar frå 1. juli 2014. Eit nytt stabsrom vil òg bli teke i bruk når Sysselmannen sitt administrasjonsbygg er ferdig utbygd hausten 2014. Gjennom auka kapasitet og moglegheit for meir øving og betre samhandling er dette med å styrkje beredskapen på Svalbard. For ytterlegare omtale av desse tema, sjå del II, kap. 6 Sysselmannens transportteneste.

Auka aktivitet i så vel farvatna rundt Svalbard som i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard, og gir forvaltninga utfordringar som må møtast. Førebygging er sentralt, og eit viktig tiltak som er treft dei siste åra, er mellom anna innføring av hamne- og farvasslova for Svalbard.

Utgreiingar og vurderingar frå Det Norske Veritas og Kystverket har dessutan synt at innføring av losteneste og losplikt på Svalbard, vil redusere risiko for hendingar og miljøskade i moderat til stor grad og styrkje tryggleiken til sjøs. Stortinget har difor i 2011 med verknad frå 1. juli 2012 vedteke å innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Det er gjort enkelte tilpassingar i reglane ut frå lokale forhold på øygruppa.

I eigenskap av fylkesmann skal Sysselmannen i medhald av Instruks for samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet til Fylkesmannen og Sysselmannen på Svalbard av 18. april 2008 vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I eigenskap av både politimeister og fylkesmann har Sysselmannen på Svalbard ei særs sentral og viktig rolle, både med å førebyggje uønskte hendingar og handtere oppståtte hendingar, både ikkje-planlagde som til dømes naturkatastrofar og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme.

Sysselmannen har i 2013 utarbeidd ein ny risiko- og sårbarheitsanalyse for Svalbard. Dokumentet belyser eit utval risikoområde innanfor hovudkategoriane naturhendingar, store ulykker og alvorlege tilsikta hendingar. Analysen er gjort i samarbeid med dei lokale beredskapsaktørane på Svalbard og dannar grunnlag for revisjon og vidareutvikling av eit heilskapleg beredskapsplanverk. Sysselmannen vil fortsetje det gode samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter i utviklinga av tryggleiken på Svalbard.

Det er eit mål for Regjeringa at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og viktige verdiar. Røynsle frå hendingar viser kor viktig det er å ha system for å oppretthalde samfunnets grunnleggjande funksjonsevne når alvorlege hendingar inntreff.

Longyearbyen lokalstyre (LL) har sidan starten i 2002 utvikla seg i retning av å bli meir lik ein vanleg kommune på fastlandet. Frå 2011 er kommunane pålagt ei generell beredskapsplikt gjennom ny lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova). Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunen skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planlegge ut frå dette. 18. desember 2012 blei LL pålagt ei tilsvarande plikt gjennom ei forskrift om dette med heimel i sivilbeskyttelseslova, som gjer delar av lova gjeldande for Svalbard. Forskrifta om beredskapsplikt for LL pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsmessig godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Etter forskrifta skal Sysselmannen på Svalbard føre tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta. Slikt tilsyn vart gjennomført i juni 2014 og viste at LL har god oversikt over eigen risiko og sårbarheit, og arbeider heilskapleg og godt med mellom anna planverk, øvingar og erfaringslæring. Tilsynet avdekka heller ikkje avvik.

Olje- og energidepartementet (OED) og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider om korleis flaum- og skredførebygging bør skje på Svalbard. OED har på bakgrunn av tilrådingar frå Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), komme til at Svalbard skal vurderast på lik line med kommunar på fastlandet ved prioritering av bistand frå NVE innanfor gjeldande løyving.

2.1.3 Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa. Sysselmannen har rolle både som politimeister og fylkesmann og er ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I denne eigenskapen er Sysselmannen òg leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av å vere fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter. I arbeidet med å utøve mynde, vere tilstades og halde beredskap i nordområda, er transporttenesta til Sysselmannen heilt avgjerande. Dette gjeld både helikoptertenesta og tenestefartøyet. Dei nye kontraktane for helikopter og tenestefartøy er med på å styrkje Sysselmannens kjerneoppgåver, og auke tryggleiken på øygruppa.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. På fleire fagområde er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Arbeidet med å reparere og oppgradere sysselmannsgarden vart sluttført i 2012. Garden er viktig som lokale for representasjon. Sysselmannens administrasjonsbygning har i fleire år hatt for liten kapasitet. Bygningen blei frå 2012 innlemma i den statlege husleigeordninga og eit arbeid for å utvide bygningen vert ferdigstilt hausten 2014. Dette vil gi større kontorareal, og mellom anna sikre eit tidsmessig stabsrom til bruk i krisesituasjonar.

2.1.4 Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

Å halde ved lag norske samfunn på øygruppa er eitt av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen, men òg Ny-Ålesund er viktig å nemne. Longyearbyen lokalstyre (LL) har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene, ved at dei innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå LL. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justis- og beredskapsdepartementet (JD). På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar JD om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til LL. JD ser ein stor verdi i denne dialogen. Det er òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom LL og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna skapt behov for fleire bustader, og barnehage- og skuleplassar.

Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at LL skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa planområde, Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Næringsverksemd

Den norske busetjinga på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan forsking, høgare utdanning, turisme og reiseliv og satellittverksemd, først og fremst i Longyearbyen, men òg i Ny-Ålesund.

Turisme

Tabell 2.2 Utvikling i talet på gjestedøgn

År

Gjestedøgn

2009

82 307

2010

81 718

2011

85 785

2012

84 142

2013

107 096

Talet for gjestedøgn har vore nokså stabilt i åra 2009–2012, men auka monaleg i 2013 då talet for første gongen passerte 100 000. Dette heng truleg saman med eit systematisk arbeid for å marknadsføre «skuldersesongane» og auka flykapasitet. Utviklinga styrkjer turismen som ei viktig næring på Svalbard. For lokalsamfunnet er utviklinga med auka aktivitet hos turistaktørane særs positiv, òg i form av auka omsetning i avleidde verksemder.

JD arbeider for tida med ein revisjon av forskrift om turisme og anna reiseverksemd på Svalbard (turistforskrifta). Føremålet er å oppdatere forskrifta og å føreslå endringar som vil gjere det enklare for Sysselmannen å forvalte turismen på ein god måte. Forslaget skal sendast på høyring seinast innan utgangen av 2014.

Bergverk

Utviklinga i kolnæringa er utfordrande, og Store Norske har måtta tilpasse seg utviklinga mellom anna ved å redusere talet på tilsette. Talet på tilsette i Store Norske dei siste åra går fram av tabellen nedanfor:

Tabell 2.3 Talet på tilsette i Store Norske

År

Talet på tilsette

2006

366

2007

396

2008

387

2009

368

2010

337

2011

370

2012

396

2013

336

Etter ein nedgang i talet på tilsette i Store Norske i dei siste åra fram mot 2010, auka talet att i åra 2011 og 2012. Selskapet sette i verk tiltak i 2013 for å redusere talet på tilsette og det var 336 tilsette ved utgangen av 2013. For å få til ein smidig overgang mellom produksjon i Svea Nord og ny produksjon i Lunckefjell, ser det no ut som om talet på tilsette må aukast igjen, med om lag 30 frå hausten 2014. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) følgjer nøye den tilpassinga selskapet no gjennomfører for å ha eit meir robust økonomisk fundament for den vidare drifta.

Forsking

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund. Det vert arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for norsk og internasjonal forsking, sjå nærare under pkt. 4.3.

Satellittverksemd

Satellittverksemda på Svalbard er ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som medverkar til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd, sjå nærare under pkt. 4.2. Verksemda medverkar òg særs positivt til auka sysselsetjing på Svalbard.

Næringsutvikling

Lokale aktørar har teke initiativ til å etablere eit næringsutviklingsselskap i Longyearbyen. Dette er eit positivt initiativ og vil kunne medverke i arbeidet med å etablere og utvikle ny kunnskapsbasert næringsaktivitet i Longyearbyen. Longyearbyen Næringsforeining i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre har i 2013–2014 lage ein strategisk næringsanalyse. Målet er at analysen kan medverke til å utvikle eit meir robust næringsliv i Longyearbyen. NFD, Innovasjon Noreg og JD har til saman tildelt 0,8 mill. kroner til dette arbeidet.

Infrastruktur

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for ei oppgradering til det som er vanlig standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. LL har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast.

Energiforsyning

Dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet påla LL, som eig kraftverket, eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til utgangen av 2015. I budsjetta for 2012–2014 vart det til saman løyvd 114 mill. kroner over svalbardbudsjettet til å byggje reinseanlegget. Anlegget skal etter planen vere ferdigstilt ved utgangen av 2015.

Ein brann i energiverket i Longyearbyen i desember 2012 førte til betydelege skadar og avdekte samtidig fleire svake sider i energiforsyninga i Longyearbyen. Gjennom Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett 2013, vart budsjettet til lokalstyret styrkt med 5,1 mill. kroner for å utbetre forholda ved kraftverket og slik styrkje beredskapen i Longyearbyen.

På bestilling frå JD vart det våren 2013 levert ei tilstands- og levetidsvurdering av energiforsyninga i Longyearbyen. Dei faglege vurderingane i analysen er klare på at det er stort behov for oppgraderingar og investeringar i kraftverket for å sikre leveransen av straum og varme og forlenge levetida til kraftverket. Som eigar av kraftverket i Longyearbyen er LL ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dei faglege tilrådingane i tilstands- og levetidsvurderinga, saman med kritiske brot i nettopp leveransen av varme og energi våren og forsommaren 2013, førte til at lokalstyret prioriterte dette arbeidet straks og sette difor i gang opprustinga av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013.

Ei rehabilitering av kraftverket vil gi verket ei forlenga levetid på om lag 25 år og er kostnadsberekna til om lag 98 mill. kroner i investeringar og ekstraordinære (utover dei ordinære) vedlikehaldskostnader. Lokalstyret har i sitt budsjett for 2014 vedteke å bruke om lag 11 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald. Regjeringa vurderer det som heilt naudsynt å rehabilitere kraftverket og foreslår at dei resterande utgiftene (87,4 mill. kroner) blir delte med 1/3 på Longyearbyen lokalstyre og 2/3 på staten, sjå omtale under kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre i del II.

Stortinget bad gjennom Innst. S. nr. 336 (2008–2009) om ei vurdering om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Det er sett ned ei arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og fiskeridepartementet for å gjere ein slik gjennomgang.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2015

Som ein konsekvens av auka aktivitet på Svalbard og i dei nærliggande havområda og utvida ansvarsområde i Arktis, har Stortinget vedteke å styrkje beredskapen og redningskapasiteten ved at Sysselmannen frå 1. april 2014 har to store likeverdige helikopter. For å få tilfredsstillande hangarforhold for dei nye helikoptra, er det òg bygd ein ny moderne hangar. Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng, mellom anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er fartøyet heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Frå hausten 2014 vert eit nytt moderne fartøy med høge miljøkrav sett inn i teneste for Sysselmannen.

For å setje Sysselmannen betre i stand til å løyse nye og større utfordringar på rednings-, beredskaps- og tryggleiksområdet innanfor dei gjeldande arbeidstidsføresegnene for politiet, vart Sysselmannen òg styrkt med tre politistillingar frå 1. juli 2014.

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2015 er 417,8 mill. kroner. Dette er 37,5 mill. kroner eller 8,2 pst. reduksjon i forhold til vedteke budsjett for 2014.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2015 er stipulert til 283,6 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over JDs budsjettkap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009–2012 var inntektene desse åra uvanleg høge. I 2013 vart situasjon meir normal att og svalbardbudsjettet mottok eit tilskot på om lag 176 mill. kroner.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2015 er budsjettert til 120 mill. kroner, det same som i 2014. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet over kap. 480 post 50 redusert med 39,2 mill. kroner i 2015. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 30,2 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5), Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20) og til LL (kap. 3), der det vert løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som LL har ansvaret for. I tillegg inneheld svalbardbudsjettet fleire små budsjettkapittel, som til dømes løyving til Svalbard kyrkje, Svalbard skattekontor og Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2015 er det foreslått løyvd netto om lag 699 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2014 var om lag 728 mill. kroner.

4.1 Klima- og miljødepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Klima- og miljødepartementet (KLD). Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til miljøvernarbeidet hos Sysselmannen. Over KLDs budsjett vil det bli løyvd om lag 120 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 104 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Miljødirektoratet og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II.

Naturen på Svalbard vert allereie i dag påverka av dei raske klimaendringane i Arktis. Samstundes har lokal verksemd og ferdsel knytt til turisme og forsking auka dei seinare åra. Denne utviklinga skaper nye utfordringar for forvaltninga av miljøet på Svalbard, der ein har satt høge mål for bevaringa av villmarksnaturen.

Gruvedrift er framleis den sentrale næringsverksemda på Svalbard, men òg forsking/utdanning og turisme har blitt viktige næringsvegar. Til dømes auka talet på turistar som besøkte Svalbard med fly frå 40 100 til 47 600 mellom 2012 og 2013, mens det er ein svak nedgang frå 2012 til 2013 i talet på passasjerar som besøker Svalbard med oversjøiske cruiseskip. Skipa hadde òg færre seglingar til Svalbard i 2013 i høve til 2012. Talet på personar om bord på dagturbåtar i Isfjorden og talet på personar på ekspedisjonscruiseskip på Svalbard har auka i same perioden. Også talet på ilandstigningsstader og talet på personar i land har auka frå 2012 til 2013.

Sjølv om folketal og næringsaktivitet framleis er lite i høve til Svalbards areal, påverkar lokal verksemd miljøet både gjennom inngrep, forstyrringar og slitasje knytt til ferdsel, og i utslepp til vatn, luft og grunn. Den lokale påverkinga er moderat og særleg knytt til områda kring busetjingane og gruveområda.

Samstundes vert miljøet på Svalbard påverka på meir gjennomgripande måte gjennom klimaendringar. Temperaturane i Arktis har dei siste tiåra stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. På Svalbard kan ein òg observere rask tilbaketrekking av brefrontane og massetap frå breane. Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør vil føre med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slike som isbjørn og sel. På lengre sikt er det fare for at fleire arter vil forsvinne frå svalbardområdet. Klimaendringane kan òg skape vanskar for infrastrukturen, og påverke forsking og næringsaktivitet.

Miljøvernarbeidet vil i 2015 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne og sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda si kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Forvaltningsplanar for dei store verneområda vil framleis ha høg prioritet. Ein forvaltningsplan skal ta hand om verneformålet og samtidig leggje til rette for bruk som er i samsvar med dette formålet. Det er utarbeidd ein forvaltningsplan for verneområda på Aust-Svalbard som ein tek sikte på å fastsetje hausten 2014. Sysselmannen har starta opp førebuingane til arbeidet med slike planar for nasjonalparkane.

Arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde, vil halde fram. Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområda skal førast vidare. For Ramsar-områda på Svalbard skal det utarbeidast forvaltningsplanar som skal ta omsyn til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

Norsk Polarinstitutt skal i samarbeid med russiske kollegaer gjennomføre ei ny teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn i 2015. Klima- og miljødepartementet vil bidra med 10 mill. kroner i 2015 til denne isbjørnteljinga. Den nye teljinga kan indikere om det har skjedd drastiske endringar sidan siste teljing i 2004, etter ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat og gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med i bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar. Ein handlingsplan for isbjørn, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, er ferdigstilt i 2013 og arbeidet med å implementere planen har starta opp.

Kulturminneverdiane vert påverka av auka utbygging i busetjingane, ferdsel i terrenget og klimaendringar. Klima- og miljødepartementet vil i 2015 bidra med 0,5 mill. kroner til flytting av fangsthytta «Villa Fredheim» på Svalbard, som er trua av kysterosjon. Det er særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen.

Miljøvernarbeidet vil òg ha merksemd på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard. Ein ser her starten på nye omfattande miljøutfordringar, både som følgje av at arter får problem med å tilpasse seg klimaendringane, og som følgje av at nye hav- og kystområde vert isfrie og meir tilgjengelege for ferdsel og anna aktivitet. Miljøvernforvaltninga vil i 2015 difor sjå nærare på ferdsel og konsekvensar for dyrelivet, særleg i/på fjordane på Vest-Spitsbergen. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Norsk Polarinstitutt er gitt i oppdrag å vurdere klimaendringane på Svalbard og kva desse vil bety for naturmangfaldet og naturforvaltninga i framtida.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Samstundes er Svalbards rolle og betydning som forskingsplattform for norsk og internasjonal forsking styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, og kan bli ytterlegare styrkt gjennom initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set styresmaktene i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Omfanget av søknader etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka, først og fremst som ei følgje av meir forskingsaktivitet og turisme. Auka aktivitet og ferdsle på Svalbard gjer at det òg blir eit større behov for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining, og vern av kulturminne i og utanfor busetjingane.

Svalbards miljøvernfond er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Kvart år tildeler fondet no mellom 10 og 16 mill. kroner til ulike prosjekt etter søknad frå private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenopprette miljøtilstanden. Sidan etableringa i 2007 har fondet gitt støtte til 349 prosjekt med ein samla sum på 67,8 mill. kroner. Sysselmannen på Svalbard er sekretariat for fondet og vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av KLD.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt KLD. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. For 2015 er om lag 104 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over KLDs kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard. Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Det er òg ei viktig oppgåve for Norsk Polarinstitutt å frambringe og leggje til rette for miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltninga på Svalbard og for Sysselmannens fortløpande forvaltning og saksbehandling med omsyn til naturforvaltning.

Instituttet har styrkt forskings- og overvakingsverksemda si på Svalbard. Instituttet legg vekt på innhenting av kunnskap om arter og bestandar av arter Noreg har eit særskilt forvaltningsansvar for, spesielt haustbare arter, trekkjande arter, raudlistearter som er under reelt press i Svalbards natur, klimasårbare arter og sentrale arter i det marine-terrestre økosystemet knytt til Svalbard. Det er planlagt ei ny felles norsk-russisk bestandsteljing av isbjørn i 2015. Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) medverkar til vurderingar av om miljøforvaltninga når måla sine, og gir grunnlag for råd til forvaltninga om behov for tiltak.

Norsk Polarinstitutt leier eit stort internasjonalt prosjekt der forskingsskipet Lance vinteren 2015 skal frysast inn i isen nord om Svalbard. Målet er å studere effektane av ein tynnare polis på energiflyt (i havet og mellom hav og atmosfære), vêrsystema, globalt klima, økosystema og isdynamikk. Dei nye dataa vil mellom anna medverke til å betre dei globale og regionale klimamodellane.

Norsk Polarinstitutt produserer fortløpande nye og oppdaterte digitale kart basert på flybileta frå ei ny flyfotografering av Svalbard fullført i 2012. Dei nye karta gjer mellom anna redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg mogleggjer karta betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking.

4.2 Nærings- og fiskeridepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS, og deleigde Pole Position Spitsbergen (55 pst.). Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2013 hadde SNSK-konsernet 336 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta medverkar vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetjinga på Svalbard.

Tabell 4.1 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, driftsresultat, årsresultat og produksjon

År

Driftsresultat

Årsresultat

Produksjon kol

2012

-377,9 mill. kr.

-233,6 mill. kr.

1,2 mill. tonn

2013

-76,0 mill. kr.

-64,2 mill. kr.

1,8 mill. tonn

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i Svea Nord. Ved Stortingets behandling av prosjektet i 2001, jf. Innst. S. nr. 67 (2001–2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skulle drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Stortinget slutta seg 9. juni 2011 til målet med statens eigarskap i SNSK, der føremålet med statens eigarskap i Store Norske Spitsbergen Kulkompani er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen oppretthaldas og vidareutviklas på ein måte som understøtter dei overordna måla i norsk Svalbard-politikk. Selskapet skal drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipper og med sikte på ei marknadsmessig avkastning på investert kapital. Det vart vidare under behandlinga i Stortinget framheva at det er viktig at staten fortsatt er den dominerende aksjonæren i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Arbeidsplassane knytt til kullgruvedrifta har i mange år bidratt vesentlig til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad på Svalbard.

Det er lagt til grunn at gruvedrifta skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske prinsipp og uavhengig av statleg støtte. Samstundes skal selskapet gjennom sitt virke medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde ved lag. Vidare er det lagt til grunn at omsyn til helse, miljø og tryggleik har høgste prioritet i alle vurderingar knytte til gruvedrifta. Koldrifta er framleis den viktigaste berebjelken i svalbardsamfunnet.

Styret i SNSK vedtok i september 2010 ein forretningsplan for kolgruve i Lunckefjell. Miljøverndepartementet gav i desember 2011 SNSG løyve etter svalbardmiljølova til å opne kolgruve i Lunckefjell. Med bakgrunn i dei forretningsvise vurderingane meddelte NFD same dag styret i SNSK at departementet ikkje ville motsetje seg selskapet sine planar for å opne kolgruve i Lunckefjell.

Over ein periode på fleire år har det vore gjennomført omfattande geologisk kartlegging i Svea-området. Resultatet av dette arbeidet har ifølgje selskapet gitt god kunnskap om kolfelta i området. Lunckefjell si plassering gjer det til ein naturleg oppfølgjar etter Svea Nord-gruva.

Fjellet er nær utslaget av Svea Nord-gruva og mogleggjer bruk av eksisterande infrastruktur i Svea. Arbeidet med å opne gruva er i gang. Oppstart i Lunckefjell, og uttak av kol blei gjort første gongen hausten 2013. Selskapet prospekterer etter kol både i Svea- og i Longyearbyområdet.

Kolprisen har den seinare tida hatt ein nedovergåande trend. Dette er ei utfordring for lønsemda og likviditeten i selskapet. Det er naudsynt at selskapet gjennomfører tilpassingar som gir eit meir robust økonomisk fundament. NFD følgjer utviklinga.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 19 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2015.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Pr. 31. desember 2013 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for norsk og internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund der forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, nederlandske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet i Ny-Ålesund har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg strategisk plassert på randa av Polhavet, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ein viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden, stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Ny-Ålesund-symposiet er eit årleg arrangement og vart arrangert for åttande gongen i 2014. Symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring.

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOX, CO2 og partiklar. Det er planar for eit nytt kraftverk, men dette er utsett inntil ein har nye utgreiingar om kost- /nytteeffekt. Det finst enno ikkje tilgjengelege teknologiske løysingar på marknaden som gir reinsa utslepp.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, mellom anna gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krava som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for Direktoratet:

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.

Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål frå og med 2014:

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar

  • redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineraluttak

  • syte for forsvarlege sikringstiltak

  • styrkje kommunikasjon, kompetansebygging og brukarorientering

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar på Svalbard.

For 2015 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av Direktoratet under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i NFD sin Prop. 1 S (2014–2015).

Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Ved utgangen av 2013 hadde Svalbard Reiselivsråd 65 medlemmer. Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Visit Svalbard AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Visit Svalbard AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2015 er det føreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Visit Svalbard AS.

I 2013 vart det registrert 107 096 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Året før var det registrert 84 142 gjestedøgn. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Det er registrert vekst gjennom heile året, men spesielt ser ein at satsingsområdet «mørketid», frå oktober til februar, viser positiv utvikling.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadene er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det eit stort uutnytta potensial, sjå òg pkt. 2.1.4 ovanfor. Visit Svalbard AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar utanfor høgsesongane.

Ein prosess for å få utarbeidd ein masterplan for reiselivsnæringa på Svalbard vart sett i gang ved årsskiftet 2012/2013. Masterplanprosessen «Destinasjon Svalbard 2025» er venta ferdigstilt i 2015.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen. Verksemda ved Svalbard Satelittstasjon er difor ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som bidreg til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det er planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romverksemd og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper òg tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for den norske satellitten AISSAT-1. Denne vart skoten opp i juli 2010, og har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen, og dette nettet gjer det samstundes mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innanfor dei reglane som er sette i forskrifta.

Stortinget gav i juni 2013, jf. Innst. 367 S. (2012–2013), sin tilslutnad til at ein ønskjer å vidareføre utnyttinga av dei geografiske fortrinna Svalbard har for romverksemd.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S vart oppretta i 1997 Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i desember 2011.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Forsking og høgre utdanning medverkar til ein vesentleg del av norsk aktivitet og nærvære på Svalbard og er ein av hovudpilarane i norsk svalbardpolitikk. Svalbard er unik i verdssamanheng med svært godt tilgjenge og godt utbygd infrastruktur til å liggje opp mot 80 grader nord. Det er derfor attraktivt for forskarar frå mange land å kome til Svalbard for å gjere observasjonar og drive forsking på klima, natur og miljø. I tråd med norsk politikk, og ikkje minst som følgje av Det internasjonale polaråret (IPY 2008/2009) har det derfor skjedd ei vesentleg styrking av norsk og internasjonal forsking og høgre utdanning. For Svalbard under eitt har norsk forskingsaktivitet auka meir enn for nokon annan nasjonalitet. Det er eit mål å styrkje norsk fagleg leiarskap og å få til meir samarbeid og sterkare koordinering mellom forskarar av ulik nasjonalitet. Regjeringa legg vekt på å følgje opp dette gjennom ulike tiltak.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Tabell 4.2 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

År

Tildeling (mill. kr)

Talet på tilsette (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar, såkalla II-stillingar)

Talet på studentar (årsverk)

2005

77,5

52 (20)

126

2006

94,9

49 (20)

113

2007

75,5

62 (22)

145

2008

78,7

70 (28)

127

2009

83,7

73 (29)

119

2010

89,5

74 (27)

120

2011

97,22

69 (28)

150

2012

105,27

84 (28)

160

2013

112,22

99 (34)

175

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet.

UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at utdanningsaktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom studentar og tilsette.

Senteret har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og over halvparten av studentane er utanlandske. Senteret skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

UNIS medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, i tillegg til koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2013 viser at UNIS kjøpte 51 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS vart tildelt om lag 117,94 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2014. Regjeringa foreslår å løyve om lag 121,8 mill. kroner til UNIS i 2015 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet (KD) vil føre vidare svalbardsatsinga gjennom Noregs forskingsråd og satsinga vil venteleg bli om lag 65 mill. kroner i 2015. Ein stor del av dette er knytt til polarforskingsprogrammet som starta opp i 2011 og har ei ramme på om lag 50 mill kroner årleg, der svalbardrelevant forsking har høg prioritet (gjeld om lag halvparten av midlane).

I tillegg løyver KD midlar til fleire program i Forskingsrådet som støttar polarforsking, inkludert Svalbardforsking. Det gjeld mellom anna KLIMAFORSK, Havet og kysten, Miljø 2015 og Program for romforsking.

Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske tema. Det finst òg ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard. Til saman er desse to ordningane på om lag 5 mill. kroner årleg. Noregs forskingsråd har gjennom Svalbard Science Forum (SSF) eit særskilt ansvar for koordinering av og informasjon om forskingsverksemd på øygruppa der dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er representerte. SSF er ein viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgiving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og vil bli utvikla vidare.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for norsk og internasjonal forsking. SIOS er eit internasjonalt prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure). SIOS skal opne og koordinere forskartilgangen til forskingsinfrastrukturen på Svalbard retta inn mot jordsystemmodellering. Modellane skal gi sikrare og meir detaljerte klimaprognosar. Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia, Spania, Nederland, Polen, Tsjekkia, Russland, Kina, Sør-Korea, Japan, India og USA er med i den førebuande fasen, som har fått 4 mill. EURO i støtte frå EUs 7. rammeprogram for forsking. Noregs forskingsråd koordinerer prosjektet. SIOS har fått forlenga forprosjektfasen (Preparatory Phase) med eit ekstra år og skal levere den endelege rapporten hausten 2014. Deretter skal Noreg ta endeleg stilling til om og korleis SIOS i så fall skal etablerast på Svalbard. Midlar til dette skal i så fall dekkjast over dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys. Desse er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. På oppdrag frå EISCAT er det Universitetet i Tromsø som driv dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard. Prosjektet, EISCAT-3D, som òg er på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur, arbeider med eit konsept for eit nytt oppgradert radarsamband, men då på fastlandet. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

Grunnopplæringa

Valfag på 10. trinn vart innført frå hausten 2014, jf. Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet. For å dekkje opp heilårsverkinga av dette vert det foreslått å løyve 0,035 mill. kroner i 2015.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt. Utgifter til Meteorologisk institutt sin del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansierte over kap. 19 på Svalbardbudsjettet. Dette budsjettet blir styrkt i 2015 for å dekkje leigeutgifter til eit nytt garasjebygg på Bjørnøya.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre (LL) som barnehagestyresmakt. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i kap. 3 Tilskot til LL i svalbardbudsjettet. Det er foreslått å løyve 0,25 mill. kroner til dekning av nominell vidareføring av maksimalprisen i barnehagar og opptrapping mot to opptak i året.

Tilknyting til telenettet

Svalbard er knytt til telenettet på fastlandet via fiberkabelen som vart etablert i 2004. Kabelen vart primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå satellittstasjonsverksemda på SvalSat, jf. pkt. 4.2. Den erstatta det gamle satellittsambandet og inneber at det òg kan bli tilbydd tenester med stor kapasitet til befolkning, næringsliv og forskingsverksemd i og rundt Longyearbyen.

UNINETT AS har fått tilskot til å leggje ein fiberoptisk kabel mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. For å ha ei reserveløysing for den fiberoptiske kabelen ved eventuelle brot i drifta, blei det i 2013 løyvd 30 mill. kroner til å leggje ein ekstra kabel på denne strekninga. Kabelen aukar kapasiteten på overføring av forskingsdata frå Ny-Ålesund til fastlandet og vidare til andre land. Ein slik auke gjer Svalbard meir attraktivt som plattform for norsk og internasjonal forsking. Kabelen skal etter planen leggjast ut hausten 2014.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to formar for skattlegging; lønstrekk og likning. Etter ordninga med lønstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagt ved likning, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar.

På Svalbard blir løn og pensjon skattlagt etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som t.d. kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagt med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår, jf. pkt. 2.1.1. Med dette som utgangspunkt er det gjort ei rekkje endringar i skattesystemet for Svalbard dei seinare åra.

Som nemnt tidlegare vart dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Mellom anna for å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa, skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (27 pst.) for slike overskot.

Svalbard skattekontor

I samband med at skatteetaten frå 2008 vart organisert i fem regionar, skifta Svalbard likningskontor namn til Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Befolkningsregisteret er administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøvernfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av avgifta til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette blei statistikklova for Svalbard innført i 2007. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barnevernstenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernlova blir utførte av LL for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevernstenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2013 blei det refundert 0,35 mill. kroner til tiltak i barnevernet for barn på Svalbard. Utgiftene er i 2015 budsjetterte til 0,37 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2013 utbetalt barnetrygd til om lag 470 barn busette på Svalbard. Svalbardtillegget i barnetrygda vart avvikla 1. april 2014. I 2015 er det venta at om lag 6 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2015 ikkje budsjettert med utgifter til kontantstøtte for barn busette på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har gjennom Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) ansvar for dei offentlege helsetenestene på Svalbard. Dette inneber at UNN, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetjingane på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. I Barentsburg er det eiga helseteneste, men Longyearbyen sjukehus hjelp til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen sjukehus yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset har vidare tilbod om bedriftshelseteneste. Det blir òg ytt tenester innanfor barne- og ungdomspsykiatri av personell som kjem frå UNN med jamne mellomrom.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Sjukehuset har eit utstrekt samarbeid med UNN om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN.

Den alminnelege helselovgivinga gjeld førebels i lita mon for Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet fremja våren 2013 eit høyringsnotat med forslag om at større delar av helselovgivinga skal gjerast gjeldande for Svalbard. Hovudformålet med forslaga er å gjere helselovgivinga for Svalbard meir moderne og å leggje den nærare fastlandslovgivinga. Departementet foreslår utviding av verkeområdet for ei rekkje lover og forskrifter til å gjelde Svalbard, heilt eller delvis. Forslaga vil mellom anna medverke til å sikre kvalitet og pasienttryggleik i helsetenestene på Svalbard. Framlegga inneber ikkje at det blir innført nye typar tenester på Svalbard.

Helse- og omsorgskomiteen hadde under behandlinga av Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse – og omsorgstenester (helse- og omsorgstjenesteloven) denne merknaden i Innst. 424 L (2010–2011):

«Komiteen har merket seg uttalelser om lovens stedlige virkeområde og slutter seg til nødvendigheten av å vurdere om hele eller deler av lovgivingen skal gjøres gjeldende også for Svalbard. Komiteen ser fram til å få seg forelagt en slik gjennomgang og vurdering.»

I arbeidet med høyringsnotatet har departementet gått gjennom sine ansvarsområde og sett på kva lover som bør innførast mellom anna ut frå dei overordna politiske og rettslege føringane for Svalbard. Departementet kom til at helse- og omsorgstenestelova, pasientrettslova og nokre andre lover ikkje bør gjerast gjeldande, og dei blir difor haldne utanfor framlegginga om utviding av verkeområdet for helselovgivinga på Svalbard. Dette har samanheng med at Svalbard ikkje skal vere eit livsløpssamfunn og at det difor ikkje blir ytt omsorgstenester der, og vidare at helsetenesta på Svalbard ikkje er organisert på same måten som på fastlandet. Det må òg takast omsyn til at utlendingslova ikkje gjeld for Svalbard, i vurderinga av om det skal innførast rett til helsetenester.

Nokre av dei lovene som etter framlegget skal gjelde for Svalbard er helsepersonellova, helsetilsynslova, smittevernlova, helseberedskapslova og matlova. For nokre av lovene er det framlegg om tilpassingar i høve til staden eller overgangsordningar. Det er naudsynt med nokre mindre lovendringar for å få heimel i alle dei aktuelle lovene. Helse- og omsorgsdepartementet fremja difor 12. april 2014 Prop. 71 L (2013–2014) Oppheving av lov om tilvirkning og omsetning av alkoholholdige drikkevarer på Svalbard og endringer i helsetilsynsloven, legemiddelloven og lov om medisinsk utstyr. Det blir her foreslått å endre helsetilsynslova, legemiddellova og lov om medisinsk utstyr slik at det ved forskrift kan fastsetjast at lov og forskrifter i medhald av lova, heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard og Jan Mayen.

Reglane om kva lover og forskrifter som skal gjelde og nærare tilpassingar vil gå fram av ein samla forskrift. Departementet arbeider vidare med saka ut frå høyringsfråsegna.

4.8 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane på Svalbard. Budsjettet for forvaltninga er delt mellom svalbardbudsjettet og statsbudsjettet. Eigedomane som blir forvalta på statsbudsjettet, er innlemma i den statlege husleigeordninga. Dette betyr at bygga er innførte i balansen til Statsbygg, og leigetakarane må dekkje både FDV-kostnader og kapitalkostnader gjennom husleiga. Dette gjeld Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje og administrasjonsbygget til Sysselmannen. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Bygga får løyving over statsbudsjettet kap. 2445 Statsbygg, sjå vedlegg 1 og vedlegg 2.

4.9 Kulturdepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard. Alle dei som ønskjer det kan ha tilgang til Svalbard kyrkje som er døgnopen året rundt.

I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga, eller som studentar ved Universitetet på Svalbard (UNIS). Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russisk-ortodokse kyrkja. Soknepresten i Svalbard kyrkje besøkjer òg Barentsburg ved ulike høve.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av tilsette og friviljuge. Kyrkja har kultur som eit av satsingsområda. Investeringar i lyd og lys og fysiske endringar på kyrkjebygget har gjort det mogleg å satse på profesjonelle konsertar. Trusopplæring er eit anna satsingsområde. I trusopplæringa er vern av klima og miljø naturlege tema. Kyrkja har òg andre ulike tiltak for barn og unge.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i lokal redningssentral (LRS), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Svalbard Museum

Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettets kap. 0004 Svalbard Museum vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard museum får i forslaget til statsbudsjett for 2015 ei løyving på 1,75 mill. kroner over Det nasjonale museumsnettverket.

Nordnorsk Kunstmuseum

Det blir gjort framlegg om eit tilskot på 2,5 mill. kroner til etablering av ein ny formidlingsarena for Nordnorsk Kunstmuseum på Svalbard. Den nye museumsfilialen blir lokalisert saman med Svalbard Museum.

Anna tilskot

På Kulturdepartementets budsjett for 2015 er det sett av 156 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare vert det over kap. 326, post 80 Tilskot til tiltak under Nasjonalbiblioteket, gitt tilskot til bibliotekteneste på Svalbard. Nasjonalbiblioteket forvaltar tilskotet og storleiken blir fastsett på eit seinare tidspunkt. LL yter tilskot til drifta og har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek.

Svalbardposten får mediestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før oktober same året. Svalbardposten fekk 472 071 kroner i produksjonstilskot i 2013.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2015

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2013, vedteke budsjett for 2014 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2015. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Utgifter

327 490

455 326

417 792

Inntekter

151 418

132 546

134 227

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

0001

Svalbard kyrkje

4 189

4 360

4 544

4,2

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

860

0

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

151 113

192 953

142 110

-26,3

0004

Tilskot til Svalbard Museum

10 484

11 200

11 600

3,6

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

39 964

42 515

49 385

16,2

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

84 271

165 580

170 565

3,0

0007

Tilfeldige utgifter

1 706

2 678

1 600

-40,3

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 245

2 300

1 865

-18,9

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 623

1 550

1 600

3,2

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

3 125

3 230

3 340

3,4

0018

Navigasjonsinnretningar

3 860

4 000

6 500

62,5

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 515

6 510

7 050

8,3

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

13 419

15 300

14 113

-7,8

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

3 226

3 150

3 520

11,7

Sum kategori 06.80

326 600

455 326

417 792

-8,2

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-23

Driftsutgifter

159 686

244 243

256 942

5,2

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

1 332

3 700

2 200

-40,5

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

3 125

3 230

3 340

3,4

70-89

Overføringar til private

162 457

204 153

155 310

-23,9

Sum under departementet

326 600

455 326

417 792

-8,2

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

6 396

200

2 900

1350,0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 201

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

0

0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

5 779

4 820

5 020

4,1

3022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

260

0

280

3030

Skattar og avgifter

137 781

127 026

126 027

-0,8

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

176 072

322 780

283 565

-12,1

Sum kategori 06.80

327 490

455 326

417 792

-8,2

Til forsida