Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 101 L (2009–2010)

Endringar i sentralbanklova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Finansdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag om endringar i lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbankloven). Departementet gjer framlegg om å endre rapporteringsmåten for Noregs Banks representantskap slik at meldingane frå representantskapet om tilsynet med bankdrifta skal sendast direkte til Stortinget. I dag skal slik melding (uttalelse) sendast departementet for å leggjast fram for Kongen og gjerast kjent for Stortinget. Departementet gjer likeins framlegg om å innføre enkelte minstekrav til innhaldet i meldinga.

Etter sentralbanklova skal representantskapet oppnemnast av Stortinget, men kompetansen til å fastsetje godtgjersla det skal ha er lagd til Kongen. Kongen har delegert kompetansen til Finansdepartementet. Departementet gjer framlegg om å overføre denne kompetansen til Stortinget.

Lovframlegget blir fremja etter initiativ frå representantskapet. Det er meint å vidareutvikle og styrke tilsynsordninga i Noregs Bank, og vil bringe rutinane for rapportering og fastsetjing av godtgjersle i samsvar med det som gjeld for andre stortingsoppnemnde organ.

Til toppen
Til forsida av dokumentet