Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 101 L (2009–2010)

Endringar i sentralbanklova

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Overføring av kompetansen til å fastsetje godtgjersla til representantskapet vil medføre noko administrativt arbeid for Stortinget. Stortinget fastset alt no godtgjersle for fleire organ og ombod, og departementet går ut frå at meirarbeidet ved å fastsetje godtgjersle for representantskapet vil vere avgrensa. Dette forslaget har ingen andre økonomiske konsekvensar.

Forslaget om å innføre direkte rapportering til Stortinget har ingen direkte økonomiske eller administrative konsekvensar. Minstekrava til meldinga pålegg ikkje representantskapet nye oppgåver, men om denne meldinga i praksis blir bygd ut, vil det kunne krevje større sekretariatsressursar mv. Dette vil representantskapet måtte ta omsyn til i eigne budsjett.

Til toppen
Til forsida av dokumentet