Prop. 101 L (2009–2010)

Endringar i sentralbanklova

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovframlegget

Til utkastet § 7 sjuande ledd.

Endringa overfører kompetansen til å fastsetje godtgjersla for medlemene av representantskapen frå Kongen til Stortinget, jf. omtalen i avsnitt 4.2 foran.

Til utkastet § 30

I overskrifta er «representantskapets uttalelse» føya til for å framheve dette som eit eige dokument.

Første og andre ledd i regelen er uendra. Andre ledd i regelen om rekneskapsplikt etter rekneskapslova er føya til ved lovendring 19. juni 2009 nr. 47 og er enno ikkje sett i kraft.

Endringane i tredje ledd er gjorde for å lausrive meldinga frå representantskapet om hovudstyret sine protokollar og tilsynet med banken frå årsmeldinga og rekneskapen. Slik regelen er føreslegen utforma, skal banken i eige vedtak fastsetje årsrekneskapen for banken. Dette vedtaket skal, saman med revisjonsmeldinga, revidert årsrekneskap og årsmelding sendast departementet for å leggjast fram for Kongen og formidlast til Stortinget. Her legg ein følgjeleg opp til same rapporteringsrutine som i dag.

Fjerde ledd er nytt. Av første punktum går det fram at meldinga frå representantskapet om hovudstyret sine protokollar og tilsynet med banken skal leggjast fram for Stortinget. Av andre punktum følgjer det at gjenpart av meldinga skal sendast departementet. Tredje punktum inneheld minstekrava til meldinga frå representantskapet. Departementet viser til nærare omtale av desse i avsnitt 4.1 foran.

Til ikraftsetjingsregelen

Etter punkt II i lovframlegget gjeld lova frå den tid Kongen fastset. Lovendringa føreset at endringane i sentralbanklova § 30 ved lov 19. juni 2009 nr. 47 vert sette i kraft samstundes.