Prop. 106 S (2009-2010)

Endring i statsbudsjettet for 2010 under Samferdselsdepartementet (kjøp av flyruter)

Til innhaldsliste

1 Kjøp av flyruter

Samferdselsdepartementet foreslår i denne proposisjonen å auka løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, for 2010 med 26,7 mill. kr etter at resultatet av ein gjennomført anbodskonkurranse for drift av regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms blei dyrare enn rekna med.

Kap. 1310 Flytransport

Staten sikrar eit tilbod av flyrutetenester på regionale lufthamner i Noreg gjennom å gje tilskot til flyrutedrift på ruter der marknaden ikkje sørgjer for eit tilstrekkeleg tilbod på kommersielle vilkår. Tilskotet blir gjeve som eit kjøp av tenester frå flyselskapa etter anbodskonkurranse i tråd med EØS-regelverk som er implementert i norsk rett gjennom forskrift til luftfartslova. Samferdselsdepartementet pålegg forpliktingar til offentleg tenesteyting på dei aktuelle flyrutene og tildeler kontraktar som gjev einerett til flyrutedrift for tre år av gongen.

Samferdselsdepartementet lyste 17.9.2009 ut anbod på drift av desse ruteområda:

Ruteområde 1:

Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Alta

Ruteområde 2:

Hasvik - Tromsø v.v., Hasvik - Hammerfest v.v., Sørkjosen - Tromsø v.v.

Ruteområda som er omfatta av anbodet, har flyruter med statleg kjøp i dag. Gjeldande kontraktar går ut 31.3.2010. Samanlikna med dagens flyrutekjøp er det ikkje teke ut eller lagt til nye ruteområde. Krava til rutedrifta er i hovudsak justert i tråd med etterspørselen etter flyruter.

Resultatet av anbodskonkurransen blei klart 26.2.2010. Widerøe's Flyveselskap AS er tildelt begge ruteområda. Kontraktane som er inngått mellom Samferdselsdepartementet og flyselskapet, gjeld frå 1.4.2010.

I Prop. 1 S (2009-2010) blei det opplyst at det var uvisse knytt til kostnadene ved nye kontraktar for flyruter i Finnmark og Nord-Troms. Samanlikna med gjeldande kontraktar fører dei nye kontraktane til ein samla auke i kompensasjonsbehovet på årsbasis for dei ruteområda som er omfatta, på 43,9 mill. kr. For å kunna dekkja utgiftene til dei nye treårskontraktane for desse ruteområda foreslår Samferdselsdepartementet å auka løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 26,7 mill. kr i 2010. Ved inngåing av kontraktane med Widerøe er det teke atterhald om at Stortinget vedtek å auka løyvinga.

Samferdselsdepartementet tek sikte på å evaluera ordninga med kjøp av regionale flyruter med sikte på å redusera kostnadane i framtidige anbodsrundar og sikra at anbodsprosessane blir tilpassa dei ordinære budsjettframlegga. Samferdselsdepartementet vil i samband med dette vurdera korleis ein kan oppnå større konkurranse om anbodsrutene, og effektane av takstreduksjonen på rutene i Finnmark og Nord-Troms.

Til forsida