Prop. 112 S (2009–2010)

Lån frå den norske staten til den latviske staten

Til innhaldsliste

1 Innleiing og oppsummering

23. desember 2008 inngjekk Latvia ein avtale om eit stabiliseringsprogram med Det internasjonale valutafondet (IMF) for å handtere ei akutt finans- og betalingsbalansekrise. Krisa kom etter fleire år med til dels kraftig økonomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den latviske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom hausten 2008 og tilgangen på kapital tørka ut. Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisere den makroøkonomiske situasjonen i landet mellom anna ved å støtte Latvias valutakurspolitikk gjennom auka valutareservar, stabilisere banksektoren ved mellom anna å nasjonalisere og refinansiere den største latvisk­eigde banken i landet, samt sikre statsfinansane.

Lånebehovet under Latvias stabiliseringsprogram er sett til 7,5 mrd. euro over programperioden fram til utgangen av 2011. IMF dekkjer sjølv om lag 1,7 mrd. euro av dette. EU på fellesskapsnivå er den største bidragsytaren med 3,1 mrd. euro i lån, og det er inngått ein eigen avtale mellom EU og Latvia om stabiliseringsprogrammet. I samband med at IMF-styret behandla programmet, gav Danmark, Finland, Noreg og Sverige i fellesskap lovnad om lån til Latvia på til saman 1,8 mrd. euro, med første utbetaling i 2010. Det vart teke atterhald om godkjenning i dei respektive nasjonalforsamlingane. I tillegg gav Verdsbanken, EBRD, Estland, Tsjekkia og Polen lovnader om lån på til saman 0,9 mrd. euro, slik at det samla finansieringsbehovet vart dekt.

På same måte som i arbeidet med støtte til Island, har Regjeringa lagt stor vekt på eit tett nordisk samarbeid om støtte til Latvia. I juli 2009 inngjekk Danmark, Finland, Noreg og Sverige låneavtalar med Island på til saman 1,775 mrd. euro knytte til Islands IMF-program. Fordelinga mellom dei fire nordiske långivarlanda av låna til Latvia og Island er sett i samanheng, og samla reflekterer denne fordelinga dei relative kvotane landa har i IMF. Noregs del er fastsett til 378 mill. euro for Latvia og 480 mill. euro for Island. Dei nordiske långivarlanda samarbeider om lånevilkår og vil inngå ein avtale som sikrar byrdefordelinga ved eit eventuelt misleghald. I tillegg deltek Estland i dette samarbeidet. Frå nordisk side legg ein opp til at Latvia i all hovudsak får same lånevilkår som Island.

Regjeringa ber i denne proposisjonen om fullmakt til å inngå ein avtale om lån på 378 mill. euro frå den norske staten til den latviske staten, knytt til Latvias IMF-program. Med utgangspunkt i valutakursen 8. april tilsvarer det om lag 3,0 mrd. norske kroner. Av dette er det venta at 231 mill. euro kjem til utbetaling i inneverande budsjettår, tilsvarande om lag 1 837 mill. kroner. I tråd med dette foreslår Regjeringa i denne proposisjonen ei løyving på 1 837 mill. kroner til dette formålet i statsbudsjettet for 2010.