Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg med denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av ei vegpakke for Harstad (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån, sjå særleg pkt. 7.

Med Vegpakke Harstad skal det leggjast til rette for tilstrekkeleg kapasitet på hovudvegsystemet i sentrum av byen. Det viktigaste prosjektet er bygginga av ein tunnel utanom sentrum for å avlaste sentrumsgatene og kommunale gater i øvre bydel. Tunnelen vil frigjere areal og legge til rette for å betre vilkåra for kollektivtransport, gåande og syklande.

I utforminga av Vegpakke Harstad er det fokusert på å betre miljøet og trafikktryggleiken. Eit overordna mål for pakka er at Harstad sentrum i 2040 skal ha eit transportsystem som gir eit godt bumiljø og gjer det triveleg å gå, sykle og opphalde seg i sentrum. Pakka omfattar fleire delprosjekt med tiltak for køyrande, syklande og gåande, samt tiltak for auka bruk av kollektive transportmiddel. Tiltaka blir finansierte med bompengar, statlege og fylkeskommunale midlar.

Det er gjennomført konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring (KS1) for Vegpakke Harstad. KVU/KS1 blei handsama i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023, jf. omtale i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2013, side 318. Det er vedteke at kollektiv- og gang/sykkelkonseptet med tunnel skal leggjast til grunn for vidare planlegging. Dette er i tråd med det alternativet som Harstad kommune og Troms fylkeskommune har gått inn for.

Til toppen
Til forsida av dokumentet