Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 av 8. april 2014 vart vedlegg XX (Miljø) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 om endring av vedlegg III til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for Stortingets samtykke til godkjenning, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.

Avgjerda i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.