Prop. 129 S (2009-2010)

Samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Noreg har saman med Island, Sveits og Liechtenstein forhandla fram ein avtale med EU som fastset vilkåra for retten dei tilknytte statane har til deltaking i arbeidet med utfyllande Schengen-regelverk (komitologi): Avtale mellom Den europeiske union og Republikken Island, Fyrstedømmet Liechtenstein, Kongeriket Noreg og Det sveitsiske edsforbund om disse statenes deltakelse i arbeidet i komiteene som bistår Europakommisjonen i utøvelsen av dens myndighet ved gjennomføringen, anvendelsen og videreutviklingen av Schengen-regelverket.

Med tilknytte statar meiner ein her dei statane som deltek i Schengen-samarbeidet utan å vere medlemer i EU. Avtalen skapar gjensidige rettar og plikter i forholdet mellom EU og kvar av dei tilknytte statane.

Regelverket i EU er for ein stor del samansett av såkalla gjennomføringsføresegner som Kommisjonen fastset etter delegering frå Rådet og Europaparlamentet i eit overordna regelverk. Denne ordninga sikrar effektivitet i forvaltinga ved at rutinemessige eller teknisk prega vedtak kan gjerast på ein enklare måte. Samtidig er medlemsstatane sikra innverknad på arbeidet i Kommisjonen med utfyllande regelverk ved at komitear av nasjonale ekspertar assisterer Kommisjonen når han utøver delegert styringsmakt. Det er dette komitésystemet som går under namnet komitologi.

Gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak. Det er difor nødvendig at Stortinget samtykkjer til inngåing av avtalen med heimel i Grunnlova § 26, andre ledd.

Av tidsmessige grunnar vert det teke sikte på at avtalen vert underteikna og godkjend etter at Stortinget har gjeve sitt samtykke.

Avtalen vil vere gyldig på kvart av dei offisielle språka i EU, i tillegg til i norsk og islandsk versjon. Ein mellombels norsk språkversjon av avtalen følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.