Prop. 137 LS (2009–2010)

Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) med verknad frå 1. mai 2010 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2010 som følgje av reguleringa.

Regjeringa har lagt dei retningslinjene Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget. Dermed er pensjonistane sikra ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane.

Reguleringa av grunnbeløpet har vore drøfta mellom Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Partane blei samde om å auke grunnbeløpet med 2760 kroner frå 1. mai i år.

Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå 72 881 kroner til 75 641 kroner frå 1. mai 2010, det vil seie med 3,79 prosent. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,77 prosent frå 2009 til 2010.

I trygdedrøftingane i 2008 blei partane samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet. Første steg i denne planen var å heve den ordinære satsen for særtillegget frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Satsen blei trappa vidare opp til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Siste steg i planen er å trappe han opp til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2010, jf. Prop. 1 S (2009–2010), blei den ordinære satsen for særtillegget auka til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Meirutgiftene for 2010 som følgje av høgare sats er om lag 205 mill. kroner.

Som følgje av auken i særtillegget frå 1. mai 2010, foreslår Regjeringa at satsane for supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg blir auka tilsvarande. Kostnadene ved framlegget er rekna til 3,5 mill. kroner.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar frå 1. mai 2010 med 7704 kroner til 151 272 kroner per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 14 592 kroner til 279 864 kroner per år.

Meirutgiftene for 2010 som følgje av høgare grunnbeløp og auka satsar for supplerande stønad blir om lag 5 603 mill. kroner.

Til forsida