Prop. 18 L (2014–2015)

Lov om forsvunne personar og lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet legg med dette fram eit forslag til ei ny lov om forsvunne personar. Lova vil erstatte gjeldande lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. Departementet legg òg fram forslag om endringar i lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. som inneber ei avvikling av statens rett til arv, slik at i tilfelle der det ikkje er arvingar etter den avdøde, skal formuen fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge.

Framlegget til lov om forsvunne personar (punkt 3 i proposisjonen) inneheld reglar om framgangsmåten når ein person er forsvunnen og ikkje kan finnast korkje levande eller død. Lovframlegget gir reglar om ei meldeplikt ved forsvinningar og reglar om forvalting av buet til den forsvunne personen. Det følgjer av framlegget at forvaltinga skal skje av fylkesmannen og verje i tråd med dei reglane som gjeld for personar under verjemål, med enkelte unntak.

Lovframlegget gir vidare reglar om når ein forsvunnen person skal bli sett på som død. Etter lovframlegget kan tingretten ved orskurd treffe avgjerd om at ein forsvunnen person skal reknast for å vere død, og lovframlegget har reglar om to framgangsmåtar i slike tilfelle. I lovframlegget § 8 er det reglar om framgangsmåten i tilfelle der det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død. Tingretten kan da treffe avgjerd «straks» om at personen skal reknast for å vere død. I framlegget § 9 er det reglar om dødsorskurd i andre høve. Desse reglane skal nyttast der det er større uvisse om forsvinninga. Det kan reisast sak om orskurd etter § 9 anten med ein gong, etter eit år eller etter fem år avhengig av graden av uvisse i saka. Framlegget inneber at fristane for å få ei avgjerd om at ein person skal reknast for å vere død, blir kortare enn i dag, og at reglene blir meir tilpassa vår tid med gode og raske kommunikasjonsformer og stadig sikrare framgangsmåtar for identifisering og gjenfinning av personar. Framlegget inneber òg at ein forsvunnen person kan bli rekna som død utan at dei etterlatne må reise sak mot den forsvunne personen.

Lova inneheld òg reglar om attendeføring av mottatte verdiar om den forsvunne likevel kjem attende. Dette vil særleg gjelde arv og utbetalingar av forsikring og trygdeytingar. Lovframlegget regulerer også kva for verknad ei avgjerd om død skal ha for eit inngått ekteskap.

Reglar om forsvunne personar har ofte ei side til andre statar. Personen kan ha blitt borte på reise eller under kortare eller lengre opphald i eit anna land. Departementet gjer difor framlegg om meir utførlege reglar om lovval og jurisdiksjon for å klargjere kompetansen til norske domstolar og forvaltingsorgan i slike saker. I lys av den internasjonale rettsutviklinga gjer departementet framlegg om at «vanleg bustad» skal nyttast som kriterium for tilknyting for jurisdiksjon i staden for fast bustad.

Departementet gjer som nemnt òg framlegg om å avvikle arveretten for staten etter arvelova (sjå punkt 4 i proposisjonen). Framlegget går ut på å endre arvelova kapittel VII slik at arven etter ein avdød som ikkje let etter seg ektemake, sambuar med rett til arv eller slektningar som arvar han eller henne etter lova, og som heller ikkje har oppretta testament, skal fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge.

Til forsida