Prop. 38 L (2014-2015)

Transplantasjonslov og obduksjonslov

Til innhaldsliste

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Moderniseringa av regelverket og inndelinga i to lover vil samla sett føre til ei forenkling for dei som skal bruke lovene.

Forslaga om endringar i regelverket om donasjon og transplantasjon har anten ingen økonomiske eller administrative konsekvensar eller så medfører dei ein relativt liten auke i kostnadene for spesialisthelsetenesta. Det blir mellom anna vist til endringar i reglane om samtykke, informasjon til donor og den som har samtykkekompetanse og medisinsk og psykologisk utgreiing av levande donorar. Donasjon og transplantasjon utgjer i dag ein relativt liten del av pasientbehandlinga i spesialisthelsetenesta. I 2013 blei det meldt inn 271 potensielle donorar. Av desse blei 111 brukt som donorar. Det blei transplantert 526 organ til 467 pasientar. Ved utgangen av 2013 var det 365 pasientar på venteliste for transplantasjon, av dei var 266 på venteliste for nyrer. Forslaga legg til rette for at det kan gjennomførast fleire organdonasjonar, men endringane vil skje over fleire år. Forslaga kan finansierast innanfor dei gjeldande budsjettrammene for spesialisthelsetenesta. Dei føreslåtte endringane vil ikkje medføre administrative eller økonomiske konsekvensar for Fylkesmennene.

I 2013 blei det utført knapt 2200 medisinske obduksjonar. Forslaga om endringar i regelverket for obduksjon vil kunne bidra til at talet på medisinske obduksjonar aukar, men dette vil skje gradvis over fleire år. Departementet legg til grunn at det ikkje blir nokon stor auke i omfanget. Eit lovpålegg om å vurdere om det skal gjennomførast ein obduksjon, og ein auke i talet på rekvireringar av båretransport, vil pålegge legar i kommunehelsetenesta som blir tilkalla ved eit dødsfall noko meir administrative oppgåver med avgrensa økonomiske konsekvensar. Kostnaden for ein medisinsk obduksjon i sjukehus er om lag 20 000 kroner. For dei som døyr utanfor sjukehus, om lag 12 pst., kjem transport på om lag 20 000 kroner i tillegg. Transportkostnaden blir finansiert over folketrygda. Kostnadsauken i den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og for folketrygda vil avhenge av auken i talet på obduksjonar, og om personen døyr i eller utanfor sjukehus.

Obduksjonar i sjukehus er i dag i hovudsak rammefinansiert av basisløyvingane til dei regionale helseføretaka. Det er etablert to polikliniske takstar på om lag 1 000 og 500 kroner for obduksjon ved dødsfall utanfor sjukehus. Obduksjon utgjer i dag ein relativt liten del av pasientbehandlinga i spesialisthelsetenesta. Forslaga kan finansierast innanfor dei gjeldande budsjettrammene for spesialisthelsetenesta.

Til forsida