Prop. 38 L (2014-2015)

Transplantasjonslov og obduksjonslov

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Helse- og omsorgsdepartementet fram forslag om ei ny lov som regulerer uttak av organ, celler og vev for å behandle sjukdom eller skade hos eit anna menneske (transplantasjonslova) og ei ny lov om obduksjon og avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking (obduksjonslova). Dei nye lovene skal erstatte den gjeldande transplantasjonsloven som tredde i kraft 1. januar 1974. Vidare foreslår departementet å oppheve likbehandlingsloven frå 1898.

Det blir mellom anna foreslått at dei regionale helseføretaka skal sørge for at alle potensielle donorar kan vurderast og gjevast mogelegheit for donasjon. Rammene for når det kan gjevast behandling med sikte på donasjon skal lovfestast. Dei pårørande skal framleis kunne reservere seg mot donasjon frå ein avdød donor som ikkje hadde gitt uttrykk for at vedkommande ønsker donasjon. Lovutkastet styrker dessutan retten til informasjon og medisinsk og psykologisk utgreiing før ein levande donor gir samtykke til donasjon.

Det blir vidare foreslått at dei regionale helseføretaka skal sørge for nødvendig kompetanse og kapasitet til å gjennomføre medisinske obduksjonar. Lova skal regulere alle medisinske obduksjonar, dvs. også når dødsfallet har skjedd utanfor institusjon. Legen som stadfester at døden har inntreft skal ha plikt til å vurdere om den avdøde bør obduserast.

Lovforslaga inneber vidare ei modernisering og ei forenkling av regelverket om transplantasjon og obduksjon.

1.2 Samandrag

1.2.1 Donasjon frå levande donor

Departementet foreslår at hovudregelen framleis skal vere at ein levande donor må vere fylt 18 år for å ha rett til å gi sjølvstendig samtykke til donasjon av organ, celler og vev.

Foreldre og verjer skal framleis i særlege tilfelle ha rett til å samtykke til donasjon av organ, celler og vev frå barn mellom 12 og 18 år. Donasjon kan likevel aldri gjennomførast i strid med viljen til ein donor som ikkje har samtykkekompetanse.

Reglane om at foreldre og verjer unntaksvis skal ha rett til å samtykke til uttak av fornybart vev frå personar under 12 år og vaksne som har mista samtykkekompetansen blir vidareførte. Personar som ikkje sjølv har samtykkekompetanse skal som før, på same måte som andre pasientar, takast med på råd før det blir gitt samtykke på deira vegner. Det blir dessutan foreslått at samtykke som blir gitt på vegner av nokon som ikkje har sjølvstendig samtykkekompetanse skal godkjennast av Fylkesmannen. Det skal gå klart fram av lova at ein donasjon aldri kan gjennomførast dersom den aktuelle donoren motset seg dette.

Departementet foreslår at alle levande donorar skal få rett til nødvendig medisinsk og psykologisk utgreiing før det blir gitt samtykke.

1.2.2 Donasjon frå avdød donor

Det blir foreslått at den nedre aldersgrensa for å ha rett til å gi førehandssamtykke til donasjon etter at ein er død skal vere 16 år. Dersom det ikkje ligg føre forhold som tilseier at den avdøde ville ha motset seg donasjon, foreslår departementet at donasjonen framleis skal kunne baserast på eit antatt samtykke.

Departementet foreslår at det, når døden er konstatert, eller når det er svært sannsynleg at døden vil inntreffe innan kort tid, og vidare livreddande behandling er formålslaus, skal vurderast om pasienten kan vere aktuell som donor. Dei pårørande til ein avdød donor som ikkje har gitt eit samtykke skal framleis kunne reservere seg mot donasjon.

Departementet foreslår også at det skal lovfestast at det, når livreddande behandling er formålslaus og det er svært sannsynleg at pasienten innan kort tid vil døy, skal kunne setjast i verk behandling med sikte på donasjon. Slik behandling skal likevel ikkje kunne gjevast dersom dei pårørande motset seg.

1.2.3 Fellesreglar for donasjon

Departementet foreslår at det skal gå fram av lova at tildeling av organ, celler og vev skal skje etter medisinske kriterium og at partane i ein donasjonsprosess ikkje skal gjerast kjent med identiteten til kvarandre dersom dei ikkje er kjent med kvarandre frå før. Det blir foreslått at forboda mot kommersiell utnytting av donasjon og transplantasjon frå dyr til menneske (xenotransplantasjon) blir oppretthaldne. Det skal gå tydeleg fram av lova at donorar og pårørande til avdøde donorar skal få dekt utgifter og inntektstap i samband med donasjonen.

Departementet foreslår også eit krav om at dei regionale helseføretaka skal sørge for at det er tilstrekkeleg kapasitet til å vurdere og gjennomføre donasjonar og ein heimel for at departementet kan gi forskrifter med krav til donasjons- og transplantasjonsverksemdene.

1.2.4 Obduksjon

Departementet foreslår at dagens skilje mellom obduksjon ved dødsfall i sjukehus og andre institusjonar og dødsfall utanfor institusjonar blir oppheva. Den nye lova skal gjelde alle obduksjonar som er initierte av ein lege (medisinske obduksjonar) uavhengig av kvar dødsfallet finn stad. Legen som konstaterer at døden har inntreft skal, så langt mogeleg, vurdere om det bør gjennomførast ein medisinsk obduksjon og dokumentere at vurderinga er gjort. Departementet foreslår vidare at regelen om at rettsmedisinske obduksjonar som blir kravd etter straffeprosessloven (sakkyndige likundersøkingar) skal ha forrang framfor medisinske obduksjonar blir vidareført.

Hovudregelen skal framleis vere at obduksjonar berre kan gjennomførast dersom det ikkje er grunn til å tru at den avdøde ville ha motset seg ei slik undersøking, og dei pårørande ikkje nektar obduksjon.

Dei regionale helseføretaka skal sikre nødvendig kompetanse og kapasitet til å vareta formålet med obduksjonslova.

1.2.5 Anna behandling av lik

Departementet skal framleis peike ut institusjonar som kan få utlevert lik til forsking og undervisning. Dette gjeld når myndige personar har gitt skriftleg samtykke til at kroppen deira kan brukast til slike formål når dei er døde. Næraste pårørande skal dessutan kunne gi slikt samtykke på vegner av den avdøde dersom det kan godtgjerast at det er i tråd med ønsket til avdøde.

Departementet foreslår å vidareføre regelen om at lik ikkje kan krevjast utlevert dersom det er aktuelt med rettsmedisinsk obduksjon eller det ligg føre særskilte grunnar som talar for at det blir gjennomført ein medisinsk obduksjon, blir vidareført. Det skal framleis krevjast tillating frå politiet for å føre lik ut av landet eller før gravlegging dersom det er grunn til mistanke om at ein persons død er forårsaka ved straffbar handling, eller det elles er grunn til å tru at det vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon. Departementet foreslår dessutan at det blir gitt reglar om nødvendig fjerning av implantat.

1.2.6 Pålegg, administrative sanksjonar og straff

Departementet foreslår at Statens helsetilsyn skal kunne gi pålegg om å rette på ulovlege forhold som kan ha skadelege følgjer for pasienten og i den samanhengen fastsetje tvangsmulkt. Departementet foreslår vidare at den som forsettleg eller grovt aktlaust bryt eller medverkar til å bryte reglar som er gitt i, eller i medhald av, dei nye lovene skal kunne straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader.

Til forsida