Prop. 78 S (2013–2014)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Ved europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 254/2014 av 26. februar 2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020) vart EU-programmet for forbrukarpolitikk (2014–2020) formelt vedteke.

Det vert lagt opp til at EØS-statane skal delta i programmet ved innlemming av Forbrukarprogrammet i EØS-avtala, protokoll 31 om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. EØS/EFTA-statane har delteke i forbrukarprogramma frå og med år 2000. Avgjerda om å innlemme Forbrukarprogrammet 2014–2020 i EØS-avtala inneber ei vidareføring av det tredje rammeprogrammet (2007–2013) for verksemd på forbrukarområdet, men med nokre endringar og nye føresetnader. I det nye programmet er det mellom anna lagt meir vekt på omsynet til sårbare forbrukarar.

Norsk deltaking i programmet gjer det nødvendig med budsjettvedtak over fleire år. I samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det derfor nødvendig med samtykke frå Stortinget til å delta i avgjerda i EØS-komiteen. For at Noreg skal kunne delta i programmet så tidleg som mogleg, vert det lagt opp til at Stortingets samtykke blir innhenta før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i andre kvartal 2014.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og dansk versjon av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 254/2014 av 26. februar 2014 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen. Norsk omsetjing av forordninga vil bli ferdigstilt før avgjerda vert teken i EØS-komiteen, som avtalt med Stortinget.