Prop. 79 L (2013–2014)

Endringar i EØS-høringsloven (europeisk standardisering)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 om europeisk standardisering. Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske regler (EØS-høringsloven). Forordninga medverkar til å utvikle det europeiske standardiseringssystemet. Mellom anna inneheld ho reglar om standardar for tenester, betre medverknad frå små og mellomstore bedrifter og andre samfunnsaktørar i standardiseringsarbeidet og reglar som skal effektivisere samarbeidet mellom Europakommisjonen og dei europeiske standardiseringsorganisasjonane.

I kap. 2 til 4 blir det gjort greie for bakgrunnen for saka, gjeldande rett og innhaldet i forordning (EU) nr. 1025/2012. Arbeidet med regelverket i EU og Noreg blir omtalt i kapittel 5. I kapittel 6 og 7 følgjer departementet sine vurderingar av saka og ein omtale av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget. Kapittel 8 i proposisjonen inneheld lovforslag og kommentarar til kvar enkelt føresegn.