Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2014 foreslår regjeringa følgjande endringar i skatte- og avgiftsreglane som har provenyverknad for 2014:

  • Avgifta på båtmotorar blir fjerna frå 1. juli 2014. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 90 mill. kroner bokført i 2014.

  • Kvoten for avgiftsfri import blir endra frå 1. juli 2014 slik at avgiftsfri kvote for tobakkvarer kan bytast i 1,5 liter avgiftsfri vin eller øl. Forslaget er anslått å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2014.

  • Treforedlingsindustrien får redusert sats i elavgifta frå 1. juli 2014 som ei mellombels ordning. Ordninga vil gjelde fram til ESA eventuelt har godkjent notifikasjon om vidareføring av dagens fritak. Forslaget er anslått å gi eit auka proveny på om lag 8 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2014. Dersom ESA godkjenner ei vidareføring av fritaket frå 1. juli 2014, vil treforedlingsindustrien få avgifta refundert.

Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 165 mill. kroner påløpt og 140 mill. kroner bokført i 2014 samanlikna med saldert budsjett for 2014. Dette inkluderer auka proveny som følgje av utsett iverksetjing av fritak for meirverdiavgift for leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar.

I tillegg foreslår regjeringa å utvide overgangsregelen til endringa i friinntekta i petroleumsskatten for samla prosjekt for utbygging og transport. Det blir òg foreslått å innføre ei tidsavgrensing slik at overgangsregelen endeleg sluttar å gjelde frå og med inntektsåret 2021. Forslaget er anslått å redusere overføringane til Statens pensjonsfond utland med om lag 35 mill. kroner påløpt og 30 mill. kroner bokført i 2014.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter etter skipsarbeidslova, overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy, skal skattleggjast på same måte som finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga.

  • Det blir gjort endringar i meirverdiavgiftsreglane for frivillig registrerte for utleige av fast eigedom m.m. slik at søknadskravet for allereie avgiftsregistrerte blir oppheva. Vidare blir verknadstidspunktet endra slik at utleigarane får noko lengre tid til å områ seg.

  • Opplysningar om kven som har søkt i skattelista blir gjort tilgjengeleg for skattytar elektronisk på skatteetaten.no. Endringane får verknad for skattelistene for inntektsåret 2013, som blir lagt ut hausten 2014.

  • Offentleglova § 26 blir endra slik at det blir klarare at alle opplysningar i aksjonærregisteret til Skatteetaten er unntekne frå innsyn.

  • Det blir innteken ei føresegn i folketrygdlova om offentleggjering av differensiert arbeidsgivaravgift. Differansen mellom avgift rekna etter full sats og redusert sats skal gjerast offentleg, og opplysningane blir gjorde tilgjengelege på skatteetaten.no.

  • Det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova som gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje særskilde reglar om tilpassa innføring og prøvedrift.

  • Det blir innteken ei føresegn i likningslova § 2-1 om at departementet kan nemne opp særskilde skattekontor for handsaming av bestemde grupper av skattytarar.

  • Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.

I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:

  • lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltningen (ligningsloven)

  • lov om endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

  • lov om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)

  • lov om endring i lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

  • lov om endring i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)

  • lov om endringar i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)

  • lov om endring i lov 22. juni 2012 nr. 43 arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningsloven)

  • lov om endringar i lov 21. juni 2013 nr. 66 om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.

  • vedtak om endring i Stortingets vedtak 5. desember 2013 om avgift på båtmotorer for budsjettåret 2014

  • vedtak om endringar i Stortingets vedtak 5. desember 2013 om avgift på elektrisk kraft for budsjettåret 2014

Til forsida av dokumentet