Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

10 Overgangsføresegn i a-opplysningslova

10.1 Innleiing og samandrag

Finansdepartementet la i Prop. 112 L (2011–2012) fram forslag til lov om ei ny felles ordning (a-ordninga) for arbeidsgivar si innrapportering av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (NAV) og Statistisk sentralbyrå (SSB). Lovforslaget blei vedtatt av Stortinget og lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold med mer (a-opplysningslova) blei sanksjonert 22. juni 2012. Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Ordninga skal etter planen bli innført for dei opplysningspliktige frå 1. januar 2015.

Av omsyn til dei opplysningspliktige og for å få til ei mest mulig smidig innføring av ordninga, vil det kunne vere behov for at det blir gitt særskilte føresegner for einskilde opplysningspliktige i ei overgangsperiode. Det vil òg kunne vere behov for nærare reglar om prøvedrift. Departementet foreslår derfor at det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova som gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje særskilte reglar om tilpassa innføring og prøvedrift.

Det blir vist til ny § 12 a i a-opplysningslova. Departementet forslår at endringa tek til å gjelde straks.

10.2 Vurderingar og forslag

Føremålet med a-ordninga er i første rekkje å forenkle arbeidsgivar si innrapportering av opplysningar om tilsetjings- og inntektstilhøve ved at arbeidsgivar ikkje skal vere nøydd til å gjenta rapportering av opplysningar som allereie er gitt. Ordninga vil òg medverke til auka effektivitet og betre oppgåveløysing i etatane og betre tenester frå det offentlege.

Omlegging til ny ordning vil innebere ei større omstilling både for dei opplysningspliktige, leverandørar av fagsystem på lønns- og personalområdet, etatane og mottaksapparat (Altinn). For å avdekkje utfordringar knytte til den nye ordninga, har det blitt sett i verk prøvedrift med levering av opplysningar etter ny ordning. Ordninga er frivillig, og dei opplysningspliktige som er med i prøvedrifta leverer opplysningar etter gjeldande ordning og regelverk, samtidig som dei leverer ei såkalla a-melding for kvar månad. A-meldinga som blir levert i prøveordninga inneheld reelle opplysningar om mellom anna tilsetjingar, lønn og trekk for arbeidstakarar. Innsamlinga av opplysningane inneber med andre ord handsaming av personopplysningar. Skattestyresmaktene kan innhente og handsame slike opplysningar med heimel i likningslova og skattebetalingslova. Etter kvart vil prøvedrifta òg omfatte utlevering av opplysningar til dei andre etatane som skal omfattast av ordninga. Det er usikkert om gjeldande reglar gir heimel for ei slik handsaming. Det er derfor ønskjeleg med ein klar heimel for prøvedrifta, jf. personopplysningslova § 8.

I medhald av personopplysningslova § 8 kan personopplysningar «behandles dersom den registrerte har samtykket, eller det er fastsatt i lov at det er adgang til slik behandling». Etter departementet si vurdering vil det ikkje vere praktisk å hente inn samtykke frå kvar einskild arbeidstakar ved gjennomføring av prøvedrifta. Den opplysningspliktige kan heller ikkje samtykke på arbeidstakaren sine vegne. Departementet foreslår derfor at det blir gitt ei overgangsføresegn i a-opplysningslova, som gir departementet heimel til i forskrift å fastsetje nærare reglar om prøvedrift. I forskrifta vil det mellom anna bli gitt nærare reglar om handsamingsansvar for personopplysningar som blir samla inn, slik at personvernet òg blir godt teke omsyn til i prøvedrifta. Det blir vist til ny § 12 a første ledd i a-opplysningslova.

Dei opplysningspliktige etter ny ordning er ei samansett gruppe på om lag 220 000 arbeidsgivarar med svært ulike rutinar og føresetnader. Det er viktig at dei opplysningspliktige får tilstrekkeleg tid til førebuingar og naudsynt omstilling. Etter departementet si vurdering vil omlegginga særleg kunne krevje meir av dei større verksemdene med mange tilsette, men òg mindre verksemder med ulike og samansette lønnsordningar.

Av omsyn til dei opplysningspliktige og for å få til ei mest mulig smidig innføring av ordninga, vil det etter departementet si vurdering kunne vere behov for at det blir gitt særskilte føresegner i forskrift for nokre opplysningspliktige i ei overgangsperiode. Departementet foreslår derfor at overgangsføresegn i a-opplysningslova ny § 12 a òg gir heimel til å gi nærare reglar om såkalla tilpassa innføring for einskilde opplysningspliktige. Det vil mellom anna kunne vere aktuelt å gi reglar som lempar på nokre av dei opplysningspliktige sine plikter etter lova. Det blir vist til ny § 12 a andre ledd i a-opplysningslova.

10.3 Iverksetjing

Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde straks.

Til forsida av dokumentet