Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Notifikasjon til ESA av meirverdiavgiftsfritak for leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri

I statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke å frita leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri frå meirverdiavgift (null-sats), sjå Innst. 4 L (2013–2014). Iverksetjinga blei satt til den tid departementet fastset. Utsatt iverksetjing blei grunngitt med at vedtaket kunne reise EØS-rettslege problemstillingar, og at ein måtte fastsetje dei regeltekniske sidene i forskrift. Finansdepartementet har no klarlagt dei regeltekniske sidene av saka. Departementet har i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet også nøye vurdert fritaka opp mot EØS-avtalen. Etter departementa si meining bør tiltaka notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA). Dersom ESA finn at ein må rekne tiltaka som støtte vil ESA heilt eller delvis kunne godkjenne dette som lovleg støtte.

Finansdepartementet har i samråd med dei aktuelle departementa starta arbeidet med å notifisere fritaka for leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri. I same høve vil departementet også notifisere det eksisterande fritaket for omsetning av nye elbilar. Iverksetjinga av dei nye fritaka vert utsett til utfallet av notifikasjonen er klar.

I statsbudsjettet for 2014 blei det budsjettert med eit provenytap for fritaka for leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri på 47 mill. kroner bokført. I anslaget vart det lagt til grunn at fritaka blei innført frå 1. januar 2014. Provenytapet i 2014 vert mindre når innføringa av fritaka skjer seinare. Det er for tidleg å seie når notifikasjonsprosessen kan vere ferdig, og dermed når ein eventuelt kan setje fritaka i verk. Provenytapet blir redusert med om lag 28 mill. kroner påløpt og bokført i 2014 dersom ein set fritaka i verk frå 1. juli 2014. Fordi prosessen med ESA kan ta tid, kan iverksetjinga likevel bli seinare enn dette.

Til forsida av dokumentet