Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

13 Petroleumsskatt – særregel for avskriving av investeringar i nytt LNG-anlegg

Selskapa som driv utvinning og røyrleidningstransport av petroleum på norsk kontinentalsokkel, blir skattlagt etter særreglane i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v. (heretter petroleumsskattelova).

Kostnader til erverv av røyrleidning og produksjonsinnretning med dei installasjonar som er ein del av eller tilknytt slik innretning, kan avskrivast lineært med inntil 16 2/3 pst. per år, dvs. over 6 år, jf. petroleumsskattelova § 3 b andre punktum.

For å sikre utbygging av Snøhvit-feltet i Barentshavet blei det i 2001 vedteke ein særleg regel for avskriving med inntil 33 1/3 pst. per år, dvs. over 3 år, av investeringar i nytt storskala LNG-anlegg, jf. Ot.prp. nr. 16 (2001–2002). Ordninga blei klaga inn for EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) med ein påstand om at ho var i strid med statsstøttereglane. For å sikre ei rask avklaring, og for å klargjere rammevilkåra for Snøhvit-utbygginga, blei særregelen i petroleumsskattelova endra til å gjelde nytt storskala LNG-anlegg som ligg i Finnmark fylke eller i kommunane Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa eller Kvænangen i Troms fylke, jf. petroleumsskattelova § 3 b tredje punktum:

«Utgifter til erverv av driftsmidler som nevnt i foregående punktum kan kreves avskrevet med inntil 33 1/3 pst. pr. år fra og med det år utgiften er pådratt, når formålet i henhold til godkjent plan for utbygging og drift og særskilt tillatelse til anlegg og drift etter petroleumsloven er produksjon, rørledningstransport og behandling av gass som skal nedkjøles til flytende form i nytt storskala nedkjølingsanlegg som ligger i Finnmark fylke eller i kommunene Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa eller Kvænangen i Troms fylke.»

Departementet viser til Ot.prp. nr. 84 (2001–2002) for ein nærare omtale av den geografisk avgrensa særregelen i petroleumsskattelova. Ordninga blei godkjend av ESA i 2002 og 2006 som ei regional støtteordning etter EØS-avtalen artikkel 61 tredje ledd.

Gjeldande retningslinjer frå ESA om regionalstøtte gjeld fram til 30. juni 2014. På det same tidspunktet fell godkjenninga frå ESA om støtte etter petroleumsskattelova § 3 b tredje punktum bort.

Regjeringa ønskjer å vidareføre den geografiske avgrensa særregelen i petroleumsskattelova. Da må ordninga notifiserast og bli godkjend av ESA for ein ny periode.

ESA har fastsett nye retningslinjer for regionalstøtte med verknad frå 1. juli 2014. Energisektoren er ikkje lenger omfatta av dei nye retningslinjene for regionalstøtte. Støtte til denne sektoren skal i staden bli handsama etter retningslinjene for miljø- og energistøtte. Retningslinjene frå EU-kommisjonen av 9. april 2014 om miljø- og energistøtte fastset likevel at oppstraums petroleumsverksemd ikkje er omfatta av reglane.

Utviklinga i reglane om tillaten statsstøtte gjer det usikkert om ordninga i petroleumsskattelova vil bli godkjend av ESA for ein ny periode med verknad frå 1. juli 2014. Regjeringa fortset arbeidet med å kartleggje handlingsrommet for støtte til energisektoren med sikte på å få støtteordninga i petroleumsskattelova godkjend etter reglane i EØS-avtalen om statsstøtte.

Til forsida av dokumentet