Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

14 Opprettingar og klargjeringar i lovtekst

14.1 Attlevande sambuar i uskifte bu

Ved fjerning av arveavgifta ved lov 13. desember 2013 nr. 117, blei det innført eit kontinuitetsprinsipp ved arv og gåve. Kontinuitet inneber at mottakar overtek føregjengarens skattemessige verdi på eigedelar, og andre skatteposisjonar. Etter skatteloven § 9-7 første ledd gjeld kontinuitetsprinsippet for dødsbu og einearving. Det følgjer av første ledd andre punktum at det også gjeld for attlevande ektemake som tek over buet uskifta. Etter arvelova kapittel III A har også ein attlevande sambuar rett til å ta over visse eigedelar i uskifta bu. Det er ingen grunn til at attlevande sambuar i uskifta bu skal komme i ei anna stilling enn attlevande ektemake, og det er ein feil at sambuar ikkje er nemnd på linje med ektemake i lovteksten i skattelova § 9-7 første ledd andre punktum. Departementet foreslår at dette vert retta opp.

14.2 Endringar i skattebetalingslova

Etter skattebetalingslova § 11-5 skal rentetillegg og rentegodtgjering ved skatteavrekninga reknast ut med rentesats etter skattebetalingslova § 11-6 andre ledd andre punktum som er lik styringsrenta i Norges Bank, redusert med 28 pst., dvs. styringsrenta minus skatt. Som følgje av at skattesatsen for alminneleg inntekt er redusert frå 28 pst. til 27 pst., foreslår departementet at skattebetalingslova § 11-5 blir endra slik at det ved utrekninga blir teke utgangspunkt i styringsrenta, redusert med 27 pst. Departementet foreslår vidare å endre skattebetalingslova § 11-5 tredje ledd bokstav b då det ved ein feil er vist til likningsåret i staden for inntektsåret.

Ved lov 13. desember 2013 nr. 122 blei skattebetalingslova § 1-1 bokstav c endra ved at lova også omfattar tvangsmulkter etter lov 19. mai 1933 om særavgifter § 5a, lov 19. juni 1959 nr. 2 om avgifter som gjeld motorkjøretøy og båtar § 5a og tollova § 16-16. Tvangsmulkt etter desse føresegnene gjeld ved bokføringspålegg, jf. Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 kapittel 18. Skattebetalingslova 1-1 bokstav c omfattar også andre tvangsmulkter. For desse følgjer det av skattebetalingslova § 10-51 når dei forfell til betaling. Tilsvarande reglar vart ikkje gitt for dei krav som vart tatt inn i skattebetalingslova § 1-1 bokstav c ved lov 13. desember 2013 nr. 122. Departementet foreslår no tilsvarande reglar om betaling i § 10-51, og foreslår dette ved ei endring av § 10-51 bokstav a. I staden for at det i § 10-51 blir vist til det enkelte krav foreslår departementet at det blir vist til tvangsmulkter som omhandla i § 1-1 bokstav c. Bokstav g i § 10-51 kan da opphevast.

14.3 Tollova § 3-3

Tollova § 3-3 regulerer meldeplikt for fartøy til stad i tollområdet. Ved ein inkurie under handsaminga i Stortinget av Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014 er overskrifta til § 3-3 blitt misvisande, jf. Innst. 3 S (2013–2014). Departementet viser til forslag til oppretting av overskrifta til tollova § 3-3.

14.4 Meirverdiavgiftslova § 6-6 andre ledd

I samband med budsjettet for 2014 fjerna Stortinget omregistreringsavgifta for kjøretøy med tillaten totalvekt på 7 500 kg eller meir, sjå Innst. 4 L (2013–2014). Endringa vart gjennomført ved ei endring i stortingsvedtaket om omregistreringsavgift § 1 avgiftsgruppe c, der ein presiserte at omregistreringsavgifta berre omfattar motorvogner med tillaten totalvekt inntil 7 500 kg.

Meirverdiavgiftslova § 6-6 andre ledd fritek kjøretøy som er omfatta av stortingsvedtaket om omregistreringsavgift frå meirverdiavgift. Det kan derfor sjå ut som om fritaket no ikkje lenger omfattar kjøretøy med tillate totalvekt på 7 500 kg eller meir. Dette har ikkje vore meininga. Departementet foreslår derfor å endre § 6-6 andre ledd slik at det kjem klart fram at fritaket også omfattar kjøretøy med tillate totalvekt på 7 500 kg eller meir. Departementet viser til forslag til oppretting av meirverdiavgiftslova § 6-6 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

14.5 Endringane i overgangsstønaden frå 1. april 2014

Overgangsstønad til einsleg mor og far er lagt om for nye mottakarar frå 1. april 2014 og for alle mottakarar frå 2017. Stønaden skal skattleggjast som lønnsinntekt, og ikkje som pensjonsinntekt som tidlegare. Nivået på stønaden er auka frå 2 gonger grunnbeløpet til 2,25 gonger grunnbeløpet for å kompensere for høgare skatt. Frå same tid er reglane for avkorting av overgangsstønaden mot arbeidsinntekt endra slik at stønaden vert redusert med 45 pst. av arbeidsinntekt over halvparten av grunnbeløpet. For mottakarar av stønaden før 1. april skal stønaden framleis skattleggjast som pensjonsinntekt. Desse beheld stønadsnivået på 2 gonger grunnbeløpet og avkortingssats på 40 pst.

Forslag til endringane i skattelova blei fremja i Prop. 1 LS Tillegg 1 (2013–2014). I føresegna om iverksetjing står det at endringane «trer i kraft straks med virkning fra og med inntektsåret 2014 for enslig mor og far som får innvilget overgangsstønad etter folketrygdloven § 15-6 tidligst fra 1. april 2014. For enslig forsørger som mottar overgangsstønad 31. mars 2014 eller tidligere, skattlegges overgangsstønaden som pensjonsinntekt og kvalifiserer til skattlegging etter skatteloven § 17-1 om skattebegrensning ved lav alminnelig inntekt

Forslag til endringane i nivået for overgangsstønaden blei fremja i Prop. 198 L (2012–2013). Her står det at endringane skal gjelde for nye tilfelle, og at dei tidlegare reglane skal gjelde for einsleg mor og far som har søkt og fyller vilkåra for overgangsstønad før regelendringane trer i kraft. Utfyllande reglar er gitt av Arbeids- og sosialdepartementet i forskrift 13. mars 2014 nr. 270 om overgangsregler i forbindelse med endringer i folketrygdloven kapittel 15 fra 1. april 2014.

Departementet har blitt merksam på at det ikkje er heilt samsvar mellom føresegna om iverksetjing av endringane i skattelova og folketrygdlova. For å unngå tvil om kva tilfelle som skal skattleggjast som lønnsinntekt, vil departementet presisere at endringane i skattereglane berre gjeld for dei som har motteke overgangsstønad etter satsen på 2,25 gonger grunnbeløpet. For mottakarar av overgangsstønad som fell inn under overgangsreglane av 13. mars 2014, skal stønaden skattleggjast som pensjonsinntekt til og med inntektsåret 2016.

14.6 Økonomiske og administrative følgjer

Endringane vil ikkje ha økonomiske eller administrative følgjer.

Til forsida av dokumentet