Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

3 Reiarlagskatteordninga – solidaransvar for arbeidsgivarplikter

3.1 Innleiing og samandrag

Regjeringa foreslår at inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter etter skipsarbeidslova, overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar og oppdragstakarar om bord på ikkje tillatne fartøy, skal skattleggjast på same måte som finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga.

Selskap som driv verksemd i form av drift og utleige av visse typar fartøy, kan velje å skattleggjast etter den særskilte reiarlagskatteordninga, jf. skattelova §§ 8-10 til 8-20. Ordninga inneber at det ikkje skal gjennomførast skattlegging av skipsfartsinntekter, heller ikkje ved utdeling av utbytte eller når selskapa trer ut av ordninga. Netto finansinntekter i selskapa skal skattleggjast, jf. skattelova § 8-15. Selskapa skal i tillegg svare ein særskild tonnasjeskatt, jf. skattelova § 8-16.

I den nye skipsarbeidslova er det teke inn reglar om reiarlaga sitt solidaransvar overfor arbeidstakarar m.m. som ikkje er selskapet sine eigne tilsette, men som arbeider om bord på eit av skipa i reiarlagkonsernet. Skattelovforskrifta (forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14) blei i august 2013 justert i samsvar med dette, slik at solidaransvaret blei tillate innanfor reiarlagskatteordninga.

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i ettertid gitt uttrykk for at ansvaret er for omfattande til at det kan godkjennast som tillaten verksemd innanfor reiarlagskatteordninga. Finansdepartementet sende derfor 3. desember 2013 på høyring eit forslag om å innskrenke høvet for reiarlagsskatta selskap til å ha eit solidaransvar for arbeidsgivarplikter. Dette kunne gjennomførast ved ei endring i skattelovforskrifta.

Norges Rederiforbund hadde innvendingar mot forslaget og viste til at det inneber at nokre reiarlag må omorganisere seg.

Regjeringa foreslår etter dette ei ny løysing som går ut på at inntekter frå solidaransvaret overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy skal skattleggjast ordinært som finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga. Dette fører til at føresegna i skattelova om skattepliktig finansinntekt innanfor reiarlagskatteordninga må endrast.

Departementet viser til forslag til endring av skattelova § 8-15 andre ledd.

3.2 Gjeldande rett

3.2.1 Skattefri skipsfartsinntekt

Selskap innanfor reiarlagskatteordninga kan i utgangspunktet berre ha verksemd i form av utleige og drift av eigne og innleidde skip eller hjelpefartøy som nemnde i skattelova § 8-11. Slik verksemd er rekna som skattefri skipsfartsverksemd og er unnteken frå skattlegging etter skattelova § 8-15 første ledd.

Skattelova § 8-13 første ledd opnar likevel for at reiarlagselskap òg kan drive verksemd som er nært knytt til kjerneverksemda i selskapa. I skattelovforskrifta § 8-13-1 er det gitt nærare reglar om dette. Inntekt av slik verksemd er såleis omfatta av skattefritaket for skipsfartsinntekter.

Dette gjeld for det første verksemd i form av strategisk og kommersiell leiing og dagleg teknisk drift og vedlikehald av eigne og innleidde skip, samt fartøy i konsernforbunde selskap. Vidare gjeld dette anna verksemd med nær tilknyting til skipsfartsverksemda i det aktuelle selskapet eller eit konsernforbunde reiarlagskatta selskap.

Gevinst ved sal av skip som er eigd direkte samt partar eller aksjar i underliggande reiarlagskatta selskap skal ikkje skattleggjast. Aksjar i andre selskap vil følgje dei alminnelege reglane for skattlegging, som mellom anna inneber fritak for utbytte og gevinst dersom aksjane er omfatta av fritaksmetoden, jf. skattelova § 2-38.

Selskapa innanfor ordninga betalar ein tonnasjeskatt, basert på skipa sin tonnasje, jf. skattelova § 8-16.

Skattlegging etter dei særlege reglane i skattelova §§ 8-10 til 8-20 kan berre gjennomførast i tilfelle der alle inntekter i selskapet skriv seg frå aktivitetar som ligg innanfor den positive opprekninga i skattelova § 8-13 og skattelovforskrifta § 8-13 av tillaten verksemd innanfor ordninga. Skattelova § 8-13 opnar ikkje for utøving av aktivitetar som ligg utanfor definisjonen av tillaten verksemd, sjølv om aktivitetane er av uvesentleg eller bagatellmessig art.

3.2.2 Skattepliktig finansinntekt

Reiarlagskatta selskap kan eige finansaktiva. Vinning frå desse er ikkje unnteken frå skattlegging, og er derfor å rekne som skattepliktig finansinntekt som skal skattleggjast ordinært. Skattelova § 8-15 andre ledd slår fast at renteinntekter, gevinstar ved realisasjon av aksjar, gevinstar som følgje av kurssvingingar på valuta og andre finansielle inntekter, er skattepliktige. Tilsvarande kostnader og tap kan frådragsførast.

Brutto finansinntekter i selskap innanfor reiarlagskatteordninga er inntekt av bankinnskot og fordringar, utbytte på aksjar i børsnoterte selskap utanfor ordninga, gevinst ved sal av aksjar og andre finansaktiva samt eventuelle andre finansinntekter.

Netto finansunderskot kan førast fram til frådrag i netto finansinntekter for seinare år etter dei alminnelege reglane for framføring av underskot, jf. skattelova § 6-3 fjerde ledd og § 14-6.

3.2.3 Solidaransvar for arbeidsgivarplikter

Reiarlaga sitt solidaransvar for arbeidsgivarplikter er regulert i ny skipsarbeidslov. Bakgrunnen for dette er gjennomføringa av pliktene etter ILO sin Maritime Labour Convention 2006. Lova blei vedtatt 21. juni 2013 og tredde i kraft 20. august 2013.

Ansvaret inneber at reiarlagkonserna må peike ut eit selskap i konsernet som har ansvar for arbeidsgivarpliktene. Dette selskapet (tryggingsstyringsselskapet) skal ha ansvar for eigne arbeidstakarar m.m. og arbeidstakarar m.m. i andre selskap i same reiarlagkonsern. I tillegg har selskapet ansvar for arbeidstakarar m.m. som ikkje er tilsett i eit av selskapa i reiarlagkonsernet, men som arbeider i verksemd om bord på eit av fartøya til konsernet. Tryggingsstyringsselskapet kan være eit reiarlagselskap som blir likna etter reiarlagskatteordninga. Pliktene gjeld óg overfor oppdragstakarar.

Solidaransvaret inneber at reiarlaga er ansvarlege på same måte som arbeidsgivarar for arbeidstakarane m.m. sin rett til mellom anna lønn og feriepengar. Dette gjeld i utgangspunktet utan omsyn til kva slags verksemd arbeidstakarane m.m. er knytt til og utan omsyn til kva slags fartøy arbeidstakarane m.m. er om bord på, jf. skipsarbeidslova § 2-4 tredje ledd.

Omsorgspliktene etter skipsarbeidslova kapittel 8 inneber at reiarlaga er ansvarlege for arbeidstakarar m.m. sin rett til mellom anna forsvarleg sjukepleie samt gravferd eller heimsending av båre ved dødsfall. Kostnader som reiarlaga får ved gjennomføringa av slike plikter, kan reiarlaga krevje dekka av arbeidsgivar, jf. skipsarbeidslova § 8-3. Omsorgspliktene gjeld òg utan omsyn til kva slags verksemd arbeidstakarane m.m. er knytt til eller kva slags fartøy dei er om bord på.

Solidaransvaret inneber såleis at arbeidstakaren m.m. kan rette kravet sitt direkte mot reiarlaget. Når reiarlag innanfor reiarlagskatteordninga tek på seg denne risikoen, er det i skatterettsleg samanheng naudsynt å rekne ut ein pris for dette.

Det lovpålagte ansvaret kan med dette gi opphav til verksemdsinntekter. Etter gjeldande rett er slike inntekter å rekne som skattefrie skipsfartsinntekter. Dette blei vedteke 16. august 2013, med verknad frå og med 20. august 2013, jf. skattelovforskrifta § 8-13-1 første ledd bokstav f. Endringa blei notifisert til ESA 6. september 2013. I brev av 7. november 2013 konkluderte ESA med at dei vedtekne endringane i reiarlagskatteordninga er ei utviding av ordninga som er i strid med regelverket om statsstøtte til sjøtransportsektoren, fordi ansvaret potensielt kan innebere eit fortenesteelement.

3.3 Høyringa

På bakgrunn av ESA sitt brev av 7. november 2013, jf. punkt 3.2.3, sende departementet 3. desember 2013 på høyring eit forslag om å innskrenke reiarlagskatta selskap sitt høve til å ha eit solidaransvar for arbeidsgivarplikter innanfor ordninga. Saka blei send til ti høyringsinstansar.

Forslaget som blei send på høyring inneber at det blir slått fast i skattelovforskrifta § 8-13-1 bokstav f at reiarlag berre kan ha solidaransvar for arbeidsgivarplikter, medrekna omsorgsplikter, for arbeidstakarar og oppdragstakarar som er engasjert i tillaten verksemd, og som er om bord på tillatne fartøy.

Norges Rederiforbund er negative til forslaget og viser til at det er svært urimeleg om desse pliktene fører til at selskap ikkje lenger kvalifiserer for ordninga. Dette vil særleg vere eit problem for dei reiarlaga som driv det meste av verksemda i eitt selskap. For å kvalifisere for ordninga må slike reiarlag eventuelt omorganisere seg, slik at arbeidsgivarpliktene blir skilde ut til eit selskap som er utanfor reiarlagskatteordninga. Dette kan være både kostnads- og tidkrevjande.

Landsorganisasjonen i Norge har ingen merknader til forslaget så lenge dette kan gjennomførast utan å være i strid med ILOs Maritime Labour Convention.

Ingen av dei andre høyringsinstansane har hatt merknader til innhaldet i forslaget.

3.4 Vurderingar og forslag

Departementetviser til brevet frå ESA av 7. november 2013, der det går fram at skattefritaket for reiarlagskattaselskap sine moglege inntekter frå solidaransvaret for arbeidsgivarplikter er i strid med regelverket om statsstøtte til sjøtransportsektoren.

Departementet viser vidare til høyringssvaret frå Norges Rederiforbund, der det blir sagt at nokre reiarlag må omorganisere seg for å tilpasse seg dei foreslåtte endringane i skattelovforskrifta. For nokre reiarlag vil det ikkje vere mogleg å omorganisere seg og dei må derfor tre ut av ordninga. Dette har si årsak i at skipsarbeidslova ikkje tillèt at ansvaret berre gjeld for dei arbeidstakarane m.m. som er engasjert i tillaten verksemd. Ansvaret må omfatte alle arbeidstakarar m.m. som er om bord på eit fartøy.

På bakgrunn av ESAs vurderingar, og for å unngå tvil om høvet til statsstøtteføresegnene i EØS-avtalen, meiner departementet at inntekter som har sitt opphav i solidaransvaret for arbeidsgivarplikter overfor arbeidstakarar m.m. i ikkje tillaten verksemd eller overfor arbeidstakarar m.m. om bord på ikkje tillatne fartøy bør skattleggjast på same måte som finansinntekt innanfor ordninga. Det vil seie at reiarlagselskapa skal skattleggjast ordinært for slik inntekt. Kostnader og tap knytt til solidaransvaret kan førast til frådrag, jf. skattelova § 8-15 andre ledd andre punktum. Skattemessige prisingsprinsipp vil innebere at selskapa rekner ut eit fortenesteelement i tilknyting til dette ansvaret. Departementet legg til grunn at skatteauken knytt til dette forslaget vil bli svært liten.

Forslaget om at inntekter frå solidaransvaret skal reknast som skattepliktig inntekt, tyder at det ikkje vil være naudsynt for selskapa å omorganisere seg for å kvalifisere for reiarlagskatteordninga. Ei slik løysing vil ikkje komme i konflikt med statsstøttereglane.

3.5 Økonomiske og administrative følgjer

Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.

3.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa i skattelova tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2014.

Til forsida av dokumentet