Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

5 Oppheve båtmotoravgifta

Båtmotoravgifta er ei fiskal avgift og gjeld båtmotorar med minst 9 hestekrefter. Statens inntekter frå avgifta er for 2014 berekna til 175 mill. kroner.

Særavgifta på båtmotorar blei innført i 1978 i samband med økonomiske innstrammingstiltak og for å dempe auken i det private forbruket. Det blei òg vist til at særavgifta kunne medverke til å vri etterspurnaden mot mindre og billegare motorar, noko som blei rekna for tenleg ut frå ein miljø- og ressurssynsvinkel. Det har i seinare tid skjedd ei stor utvikling for motorar kor både forureining og støy er redusert. Det er eksempel på motorar kor forbruket av drivstoff er redusert mellom 20 og 50 pst. jamført med tidlegare utgåve av motoren. Lokal forureining frå båtmotorar er truleg også mindre frå nyare båtmotorar enn frå eldre motorar. Drivstoff til båtar har dessutan CO2-avgift som prisar utsleppet av CO2.

I praksis er båtmotoravgifta den av dei tradisjonelle vareavgiftene som har flest saker overfor privatpersonar for ulovleg innførsel. Det er dessutan fleire tilfelle med feilklassifisering av motorar. Dette gjer at avgifta er forholdsvis ressurskrevjande for avgiftsstyresmaktene. Til skilnad frå eingongsavgifta som gjeld bilar, kor det blir tatt omsyn til eit bruksfrådrag i avgifta ved import av brukte bilar, har båtmotoravgifta same sats uavhengig av om det er ein ny eller brukt motor.

Regjeringa foreslår å oppheve særavgifta på båtmotorar med verknad frå 1. juli 2014. Endringa blir anteken å gi eit provenytap på om lag 100 mill. kroner påløpt og 90 mill. kroner bokført i 2014. Ei oppheving av avgifta kan medverke til utskifting til meir drivstoffgjerrige og miljøvenlege båtmotorar.

Det kan bli seld nokre færre båtmotorar frå forslaget blir offentleggjort til avgifta blir oppheva 1. juli. Det kan ha mellombelse negative økonomiske verknader for mellom anna dei som forhandlar båtmotorar. Når avgifta er oppheva, vil etterspurnaden bli høgare enn i dag som følgje av at det blir rimelegare å kjøpe båtmotorar. Dei som eig båtmotorar, vil få eit verdifall på motorane. Fordi avgifta utgjer ein relativt liten del av prisen på motorar og båtar, er dei uheldige verknadene små, og det er derfor forsvarleg å oppheve avgifta frå 1. juli, og ikkje redusere den over noko tid.

Forhandlarane kan ha ubrukte motorar og båtar med motor kor avgifta allereie er betalt. Departementet foreslår ei fullmakt til å gi reglar om opphevinga, og om at avgift kan bli refundert for ubrukte motorar som er på lager. Det kan auke provenytapet i 2014 noko, men omfanget er usikkert. Det må setjast klare vilkår og fristar for slik attendebetaling, og det er ikkje ønskjeleg at avgiftsstyresmaktene skal bruke store ressursar for å handtere dette i ein overgangsperiode.

Departementet viser til forslag til vedtak om endring i vedtak om avgift på båtmotorer.

Til forsida av dokumentet