Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

6 Endring av avgiftsfrie kvotar ved privat innførsel av alkohol og tobakk

Den avgiftsfrie kvoten for innførsel av tobakk er på 200 sigarettar eller 250 gram andre tobakkvarer, til dømes snus eller rulletobakk, og 200 blad sigarettpapir. Av alkohol kan ein ha med seg 1 liter brennevin, 1,5 liter vin og 2 liter øl. Ein kan bytte ut brennevinskvoten i 1,5 liter av anten vin eller øl, medan ein kan bytte ut vinkvoten i øl, liter for liter. Kvoten er til eige personleg/privat bruk og ein kan ikkje selje den vidare til andre. Kvoten for avgiftsfri innførsel av alkohol og tobakkvarer går fram av Finansdepartementet si forskrift 17. desember 2008 nr. 1502 til lov om toll og vareførsel (tollforskrifta).

Eit avgrensa avgiftsfritak for personar som reiser til eller frå utlandet medverkar til ei smidig grensepassering. Samtidig kan taxfree-handel bidra til noko auka forbruk av taxfree-varer og til at avgiftspliktig innanlandsk omsetning, mellom anna gjennom Vinmonopolet, vert redusert.

Som nemnt er kvoten til eige personleg/privat bruk, men det er grunn til å tru at nokre tar inn avgiftsfrie tobakkvarer for andre. Det er stor privat vinning ved å kjøpe i utlandet eller i taxfree-butikkane på grunn av det særskilt høge avgiftsnivået på tobakkvarer i Noreg.

Av omsyn til dei reisande foreslår regjeringa ei endring i reglane slik at ein kan bytte ut heile kvoten for tobakkvarer med maksimalt 1,5 liter vin. I tråd med reglane i dag bør ein kunne bytte den nye kvoten for vin i øl, liter for liter. Forslaget inneber at reisande kan ta med seg meir vin eller øl frå andre land eller frå taxfree-butikkar på ferjer og flyplassar dersom dei ikkje bruker kvoten sin for tobakk. Auka privat innførsel fører til at innanlandsk avgiftspliktig omsetning går ned. Samtidig forventar ein ein liten reduksjon i avgiftsfri omsetning av tobakkvarer. Dette skuldast at endringa truleg vil bidra til at nokre vil nytte kvoten for vin eller øl sjølve framfor å kjøpe med tobakkvarer for andre.

På usikkert grunnlag kan ein anslå at moglegheita til å bytte den avgiftsfrie kvoten for tobakkvarer med 1,5 liter avgiftsfri vin eller øl gir eit provenytap på rundt 100 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2014. Det er lagt til grunn at ein gjennomfører endringa frå 1. juli 2014.

Finansministeren har kompetanse til å justere tollforskrifta, men endra inntektsløyving krev eit eige stortingsvedtak. Ein vil komme tilbake til meir detaljerte reglar om ordninga etter at Stortinget sitt vedtak ligg føre. Det er på vanleg måte Toll- og avgiftsetaten som må stå for den praktiske gjennomføringa av endringane gjennom endringar av gjeldande løyver for tollager C, jf. tollforskrifta § 4-30-13. Regjeringa foreslår at ein reduserer inntektsløyvinga i statsbudsjettet for 2014 under kapittel 5521 post 70 Merverdiavgift med 20 mill. kroner og kapittel 5526 post 70 Avgift på alkohol med 100 mill. kroner. Ein aukar samtidig inntektsløyvinga under kapittel 5531 post 70 Avgift på tobakkvarer mv. med 40 mill. kroner. Departementet viser til forslag til vedtak i Prop. 93 S (2013–2014) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2014.

Til forsida av dokumentet