Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

7 Elavgift – redusert sats til industrien m.m. og fritak for treforedlingsindustrien

Særavgifta på elektrisk kraft er 12,39 øre per kWh i 2014. Kraft som blir brukt til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske og mineralogiske prosessar er friteken. Fritaket omfattar storparten av forbruket i den kraftintensive industrien. Annan industri betalar redusert sats (0,45 øre per kWh) for kraft som blir nytta i produksjonsprosessen, medan energiintensive foretak i treforedlingsindustrien som deltek i godkjent program for energieffektivisering (PFE-ordninga) har fritak for kraft som blir nytta i produksjonsprosessen. EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har godkjent redusert sats til industrien m.m. og fritak for treforedlingsindustrien som deltek i PFE-ordninga som offentleg støtte fram til 30. juni 2014.

Den reduserte satsen til industrien m.m. kan halde fram etter retningslinjene for miljøstøtte og fell inn under det alminnelege gruppeunntaket for støtte til miljøtiltak. Nærings- og fiskeridepartementet vil i samråd med Finansdepartementet sende ei forenkla melding til ESA om vidareføring av den låge satsen til industrien m.m.

PFE-ordninga omfattar storparten av forbruket av elektrisk kraft i treforedlingsindustrien. Det er i dag åtte bedrifter som brukar ordninga, medan til saman 13 bedrifter har vore inne i ordninga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak konkursar og nedleggingar pga. svak lønnsemd. Bedriftene som deltek i ordninga i dag, sparar om lag 16 mill. kroner årleg i avgift. Bedriftene forpliktar seg samtidig til å innføre system for energileiing og å kartleggje og gjennomføre ulike effektiviseringstiltak.

Finansdepartementet vil i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet notifisere ei vidareføring av fritaket for treforedlingsindustrien til ESA. Fordi førebuingsarbeidet med notifikasjonen vil krevje noko tid og på grunn av tida til sakshandsaming i ESA, er det ikkje truleg at ESA kan gjere eit vedtak før 1. juli 2014. Finansdepartementet må derfor mellombels oppheve gjeldande fritak frå 1. juli 2014. Opphevinga inneber at treforedlingsindustrien må betale redusert sats inntil avklaring med ESA. Regjeringa vil uansett arbeide for at ESA skal godkjenne fritaket slik at det gjeld frå 1. juli 2014. Dersom ESA godkjenner fritaket med verknad frå 1. juli 2014 vil treforedlingsindustrien få avgifta refundert. Departementet viser til forslag om mellombels oppheving av vedtaket om avgift på elektrisk kraft § 2 fyrste ledd bokstav h.

Til forsida av dokumentet