Historisk arkiv

Rundskriv N-1/2010 Overgangsreglar ved endring av garantisum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Tillegg til rundskriv N-4/2009

Rundskriv fra Samferdselsdepartementet av 2. mars 2010, vedrørende overgangsregler knyttet til garantisum i forbindelse med transportløyver. OPPHEVET AV RUNDSKRIV N-2/2014

OPPHEVET AV RUNDSKRIV N-2/2014

Samferdselsdepartementet viser til rundskriv N-4/2009 av 23. november 2009 om garantisum for perioden 2010 til 2014. Samferdselsdepartementet vil her klargjere nokre overgangsføresegner.

1. Ombyting av garantiar
Det går fram av N-4/2009 at det ikkje skal gjerast endringar i eksisterande garantiar.

Når ein garanti avløyser ein annan, reknast det som ombyting av garanti. Dette gjeld både ved skifte av garantist og ved opptrapping og nedtrapping i talet på løyve. Ved ombyting av garanti må garantisummen reknast på grunnlag av dei nye garantisummane for alle løyva til løyvesøkjaren.

2. Søknader frå før 2010
Søknader om tildeling av løyve frå før 1. januar 2010 kan følgje garantisum som gjaldt ved søkjetidspunktet.

3. Historiske garantisummar
Som følgje av at det skal ikkje gjerast endringar i eksisterande garantiar, vil gamle garantisummar gjelde for desse. Historiske garantisummar er som følgjer:

År Første løyve i kvar løyvekategori  Påføljande løyve i kvar løyvekategori
2010-2014 77 000 kr 43 000 kr
2005-2009 75 000 kr  42 000 kr
2000-2004 75 000 kr 42 000 kr

 Det skal ikkje vere garantiar frå før denne tida. Garantiar som var stilte før garantisum for perioden 2000-2004 vart fastsett, skal vere bytt ut innan 1. november 2001, jf. rundskriv N-4/2000.

Rundskrivet i pdf-format