Rundskriv til lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kva ho skal gå ut på, men gjev reglar om kva som skal skje frå det er teke initiativ til ei endring og til endringa er gjennomført.

Fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser blir regulert av lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova). Dei seinaste endringane i inndelingslova er omtalt i (Prop.109 L (2012–2013), Innst.393 L (2012–2013) og Lovvedtak 109 (2012–2013).

Inndelingslova i seg sjølv seier ikkje noko om når ei grense bør endrast eller kva ho skal gå ut på, men gjev reglar om kva som skal skje frå det er teke initiativ til ei endring og til endringa er gjennomført.

Kommune- og fylkesgrensene avgrensar den stadlege kompetansen til kommunen, fylkeskommunen og fylkesmannen. Det er den administrative grensa som avgjer kva område dei lokale styresmaktene kan ta avgjerder om. Ei kommunegrense treng ikkje falle saman med grensa mellom to private eigedomar som ligg i kvar sin kommune eller i kvart sitt fylke. Kommunegrensa er avgjerande for rettar og plikter som innbyggjarane har. Ei endring av ei kommunegrense kan mellom anna avgjere kva for skattar og avgifter som gjeld, kva for offentlege tenester som kan nyttast (til dømes skule- og barnehagetilbod) og kva kommune ein kan stemme i.