Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 10 (2007-2008)

Knutepunkt— Kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget

Til innhaldsliste

1 Innleiing og om formålet med meldinga

Gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av løyvingane over statsbudsjettet til kunst-, kultur- og frivillig arbeid, gjennomfører regjeringa Kulturløftet. Løyvingane til kunst- og kulturformål har fått eit markert løft også for 2008. Målet er at 1 pst. av statsbudsjettet skal gå til kulturformål innan 2014.

Den viktigaste oppgåva for kulturpolitikken er å leggje til rette for at alle kan oppleve eit mangfald av ulike kulturtilbod og kunstnarlege uttrykk og ta del i eit aktivt kulturliv. Den skapande kunsten gjev bidrag til fornying og utvikling av samfunnet og enkeltmennesket ved formidling av eit mangfald av kunstopplevingar. Tilgang til kunst- og kulturopplevingar og ønsket om å uttrykke seg gjennom kunst og kultur skal ikkje vere avhengig av geografi eller sosiale skiljeliner. Det er nødvendig med eit offensivt offentleg engasjement for å sikre breidde og mangfald.

Eit viktig verkemiddel for å oppnå ei tydeleggjering av det offentlege ansvaret for kultursektoren er Kulturlova, som vart sett i verk 1. august 2007. Kulturlova lovfestar ansvaret staten, fylkeskommunen og kommunen har for kulturverksemd og gjer det til ei plikt å sikre at flest mogleg har tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod.

Det er viktig å sørgje for at offentlege midlar til kulturformål blir forvalta og avgjerder blir tekne på ein effektiv og ubyråkratisk måte slik at mest mogleg av kulturmidlane kjem kulturlivet til gode. Dessutan må ordningane på feltet vere innretta i samsvar med behova sektoren har. Viktige prinsipp er: armlengds avstand, desentralisering, spreiing av avgjerder og utøving av kunstfagleg skjønn, å gjere institusjonane ansvarlege og redusere kostnadskrevjande byråkrati for å kanalisere meir pengar til skapande kunstnarleg verksemd, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Kunst- og kulturinstitusjonar med eit monaleg offentleg tilskot – med unnatak av institusjonar innanfor det nasjonale museumsnettverket og arkivverket – inngår i det funksjonsdelingssystemet som vart etablert på midten av 1990-talet. I dette systemet er institusjonane kategoriserte i nasjonale institusjonar, region-/landsdelsinstitusjonar og knutepunkt. Denne meldinga omhandlar knutepunkta.

Formålet med meldinga er å gje knutepunktomgrepet eit fornya innhald ved å presisere kulturansvaret og oppdraget som følgjer av det offentlege tilskotet til verksemder med status som knutepunkt.

Siktemålet med meldinga er å sikre at det vert stilt klare forventningar til verksemder med status som knutepunkt. Departementet har på denne bakgrunnen hatt ein gjennomgang av korleis knutepunktoppdraga skal bli gjennomførte og vurderte, jf. St.prp. nr 1 (2006-2007).

Også innanfor det gjeldande funksjonsdelingssystemet er det ein føresetnad for statstilskotet at institusjonar som får fast årleg statstilskot, skal gjere greie for oppnådde resultat. Mål- og resultatkrav blir utforma ut frå verkeområdet og funksjonen til institusjonane. Det er ikkje gjort vesentlege endringar i dette systemet etter 1997. I St.prp. nr. 1 (2007-2008) er det også gjort greie for det økonomiske styringssystemet. I dag blir det i hovudsak rapportert om kvantitative mål. Departementet ser det som viktig at det i tillegg vert utvikla kriterium for vurdering av korleis dei kulturpolitiske måla av meir kvalitativ art kan bli oppnådde.

Meldinga drøftar kva for kriterium og krav som bør bli stilte til festivalar og festspel som har status som knutepunkt, og legg fram forslag til eit justert system for vurdering av resultat og oppnådde mål som også inkluderer resultat av kvalitativ art.

Meldinga omhandlar vidare oppnemning av medlemmer til styre for knutepunkta og den allmenne organisasjonsforma for slike verksemder.

Dei fleste verksemdene som har knutepunktstatus i dag, er festspel eller festivalar med musikk som tyngdepunkt i programtilbodet.

Samstundes ser departementet med bakgrunn i dagens knutepunkt at det ikkje bør gå «inflasjon» i knutepunktoppdrag. Nye knutepunkt skal ha ei særskilt grunngjeving anten i form av nasjonalt sjangeransvar eller regionalt breiddeansvar.

Den infrastrukturen som festivalane representerer i form av kunnskapsrike personar, aktive samarbeidsrelasjonar og fysiske anlegg, er viktige føresetnader for det lokale kunstlivet gjennom året. Knutepunkta har også, men i ulik grad, ei internasjonalt retta verksemd og eit internasjonalt renommé gjennom samarbeid med festivalar i utlandet om programverksemd og booking av internasjonale artistar.

Det kunstfaglege nivået i verksemdene med knutepunktstatus er gjennomgåande høgt. Knutepunkta sikrar eit viktig tilbod til publikum både nasjonalt og lokalt med framsyningar og turnéverksemd i festivalperioden.

Framveksten av nye knutepunkt har skjedd over tid og med utgangspunkt i lokalt baserte festivalar oppstått på grunnlag av lokal entusiasme og stor frivillig innsats. Ved å byggje opp arenaer og arrangør-/formidlingskompetanse med forankring i lokale miljø og lokale ressursar, har festivalane ført til ei desentralisering av kunsttilbodet basert på lokalmiljøa sine eigne premissar.

Det økonomiske grunnlaget for knutepunkt er svært ulikt både med omsyn til statleg tilskot og eigeninntekter. Det har innverknad på omfanget av verksemda og dei funksjonar som knutepunkta vil vere i stand til å oppfylle.

Meldinga tek ikkje stilling til kva for verksemder som i framtida skal få knutepunktstatus eller det økonomiske tilskotet knytt til slike oppdrag.

Det er inngått knutepunktavtalar for nokre få kunstmuseum og institusjonar på filmområdet. Som eit resultat av etableringa av det nasjonale museumsnettverket er alle musea likestilte ved at hovudregelen for tilskot til museum i det nasjonale museumsnettverket vil vere 60-40 pst. deling av det offentlege tilskotet mellom stat og regionale/lokale tilskotspartar.

Innanfor filmområdet er det gitt knutepunktfinansiering til Nordnorsk Filmsenter AS og kortfilmfesstivalen i Grimstad. Desse er handsama i St.meld. nr. 22 (2006-2007) Veiviseren For det norske filmløfte, og dei vil difor ikkje bli omtalte i denne meldinga.

Det er foreslått at frå 2008 skal all støtte til filmfestivalar bli utbetalt frå Norsk kino- og filmfond og administrert av FILM&KINO. Som eit resultat av dette vil FILM&KINO også ta over dei plikter staten har etter knutepunktavtalen for Kortfilmfestivalen i Grimstad, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Til toppen
Til forsida av dokumentet