St.meld. nr. 23 (2006-2007)

Kredittmeldinga 2006

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2006.

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og utviklinga i finansmarknaden. Det blir også gitt ein omtale av den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste løyvesakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2006. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2006, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2005. Omtalen i kapittel 4 og 5 bygger i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2006 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Etter lova forvaltar Folketrygdfondet Statens pensjonsfond – Noreg på vegner av Finansdepartementet. Statens pensjonsfond er etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Ein har i tidlegare år omtala verksemda i Folketrygdfondet i dei årlege kredittmeldingane. Framover legg departementet opp til å leggje fram ei årleg melding til Stortinget om den samla forvaltninga av Statens pensjonsfond, første gong i april 2007. I meldinga blir det mellom anna gjort nærare greie for forvaltninga av Statens pensjonsfond – Noreg (tidlegare Folketrygdfondet). På denne bakgrunnen legg ikkje departementet lenger opp til å omtale verksemda i Folketrygdfondet i dei årlege kredittmeldingane.

Til forsida