Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Generelt

Den 61. generalforsamlinga har vore prega av nokre tilbakeslag for reformene som blei vedtekne på den førre generalforsamlinga. Det kommande skiftet av generalsekretær førte dessutan til at haustsesjonen bar preg av ei overgangstid. Kofi Annan freista heilt til siste slutt å bringe reformprosessen han sjølv sette i gang, i hamn, og har i stor grad lukkast med det. Det står att å sjå korleis den nye Generalsekretæren vil føre den prosessen vidare.

Dei underliggjande konfliktane mellom nord og sør og mellom Generalforsamlinga og særleg dei dominerande maktene som har fast plass i Tryggingsrådet, som blei sette på spissen under reformprosessen, har framleis sett sitt preg på arbeidet i organisasjonen. På somme område har det vore tendensar til omkamp frå Den alliansefrie rørsla og utviklingslanda si side (NAM/G-77), noko både arbeidet i Fredsbyggingskommisjonen og Menneskerettsrådet ber eit visst preg av. Budsjettkomiteen i FN, som tradisjonelt har arbeidd på grunnlag av konsensusprinsippet, har til dels blitt hovudarena for omkampane, og det har vore fleire avrøystingar i komiteen om dei implikasjonane politisk sensitive saker har for budsjettet. Atmosfæren har vore prega av konfrontasjon.

Rekneskapen for fjorårssesjonen vil utan tvil måtte bli noko blanda. På den positive sida er det grunn til å merkje seg at arbeidet i Fredsbyggingskommisjonen har komme godt i gang, særleg i det landspesifikke formatet (Burundi og Sierra Leone).

Rapporten frå Reformpanelet under leiing av Noregs statsminister og statsministrane frå Pakistan og Mosambik, som blei lagd fram i midten av november, har fått stor merksemd og vil leggje føringar på det vidare reformarbeidet. Slik sett er det positivt at pilotland for eitt FN på landnivå blir sett i gang raskt og utan ein lang og splittande debatt mellom medlemslanda.

Av konkrete vedtak som er fatta, er det grunn til å trekkje fram avgjerda om å renovere den 54 år gamle FN-bygningen, eit arbeid som er planlagt å vere ferdig i 2014. Eit anna viktig resultat er at ein konvensjon for funksjonshemma blei vedteken. Generalforsamlinga vedtok òg ein konvensjon om vern mot forsvinningar under tvang.

I arbeidet med miljø- og klimaspørsmåla har det vore lite rørsle, sjølv om problematikken stadig kjem høgare på den internasjonale dagsordenen. I forhandlingane om årets korrupsjonsresolusjon blei det avslørt manglande vilje frå somme land til å ta i bruk konkrete verkemiddel. Debatten i Generalforsamlinga om reform av Tryggingsrådet viste lite rørsle, sjølv om det blir utøvd ein viss fleksibilitet når det gjeld vetospørsmålet og arbeidsmetodane i rådet. Hovudskiljet går mellom land som ønskjer fleire faste medlemmer, og land som på prinsipielt grunnlag meiner at medlemmene i Tryggingsrådet ikkje bør vere faste, men heller stille til val i Generalforsamlinga.

Det var eit tilbakeslag at vedtaket om ein urfolkskonvensjon, som blei gjort av Menneskerettsrådet i Genève, blei utsett etter initiativ frå den afrikanske gruppa. Den vidare prosessen i denne saka er uklar.

Frå norsk side har det blitt arbeidd særleg aktivt både i Fredsbyggingskommisjonen, i og med at Noreg har viseformannskapen i organisasjonskomiteen og formannen i Burundi-formatet, og formannskapen i 1. komité. Presidenten i Generalforsamlinga har òg trekt inn Noreg i spørsmålet om tilhøvet mellom FN og det sivile samfunnet. Dei ikkje-statlege organisasjonane kjem med mange lovord om den rolla Noreg har teke på seg på dette feltet.

1.2 Generaldebatten

Temaet for generaldebatten i år var «gjennomføring av ein global partnarskap for utvikling». I det siste innlegget sitt som FNs generalsekretær i opningsdebatten i Generalforsamlinga fokuserte Kofi Annan på tryggleik, utvikling og menneskerettar, og peikte på at ein har ein lang veg å gå når det gjeld desse områda.

Reformprosessen var eit gjennomgåande tema i generaldebatten i år òg. Det blei gjeve støtte til det nye Menneskerettsrådet, og både rådet og den nye Fredsbyggingskommisjonen blei trekte fram som positive reformtiltak. FNs terrorismestrategi blei helst velkommen av mange land både frå nord og sør. Reform av Tryggingsrådet var eit utbreidd tema mellom utviklingslanda, og det blei retta mykje kritikk mot den noverande strukturen til rådet. Handel, og at det er viktig med framgang i WTO-forhandlingane, blei trekt fram av dei fleste av utviklingslanda som sjølve nøkkelen til utvikling, og vestlege land blei bedne om å gje utviklingsland betre tilgang og å opne marknadene sine for handel med utviklingsland.

Når det gjeld regionale konfliktar, fekk situasjonen i Midtausten merksemd i debatten med mykje kritikk frå arabiske land mot Israel etter bombinga av Libanon i sommar. Presidenten i USA fokuserte òg på Midtausten i innlegget sitt og la vekt på den innsatsen USA har gjort for å hjelpe regionen i å konsolidere utvikling, demokrati og framgang. Vidare kritiserte USA leiinga i Iran. Iran blei frå fleire hald bede om å sleppe IAEA inn i landet, og mange oppmoda om å bruke diplomati og dialog når det gjaldt atomprogrammet til Iran. Behovet for å finne ei løysing på konflikten i Darfur blei av mange av dei vestlege landa og av afrikanske land trekt fram som ei av dei store utfordringane verdssamfunnet står overfor.

Noreg ved statsminister Stoltenberg la i sitt innlegg vekt på tilrådingane frå FN-reformpanelet, som den norske statsministeren var med å leie, om at det er viktig med eit samordna og effektivisert FN på landplan for at organisasjonen skal kunne levere meir og betre støtte til utviklingslanda.

1.3 Komitéarbeidet

1. komité:Årets sesjon i 1. komité, under norsk formannskap ved ambassadør Juul, var prega av mindre konsensus i form av talet på avrøystingar, medan debatten og forhandlingane om resolusjonane var konstruktive og konsensusbyggjande over tid. I årets sesjon var det mindre prosedyreproblem enn det som har kjenneteikna arbeidet til komiteen (ofte knytt opp til Midtausten-konflikten), og sesjonen blei gjennomført på ein meir effektiv måte i tråd med dei reformtiltaka som er vedtekne når det gjeld arbeidsmetodane. Nytt av året var at formannskapen innførte eit NGO-segment der fire ikkje-statlege organisasjonar blei inviterte til å innleie om temaa kjernevåpen og handvåpen. Tilbakemeldingane til formannskapen frå andre medlemsland var positive.

2. komité: Arbeidet og forhandlingsklimaet i 2. komité har denne hausten vore mindre konfronterande enn under den førre generalforsamlinga. Komiteen er langt frå å vere ein verkstad for politikkutvikling, og har i liten grad tent som arena for å drive saker framover. Råvareresolusjonen, der Noreg var tilretteleggjar, utgjorde i denne samanhengen eit lyspunkt sidan ein klarte å forhandle fram eit konsensusresultat også i spørsmål som tidlegare har blitt tekne opp til votering.

3. komité:3. komité har i stor grad vore prega av den samme konflikten som óg har prega Menneskerettsrådet. Striden om rapporteringslinjene frå rådet og urfolkserklæringa er døme på dette. Dessutan har vi sett ein samordna innsats frå NAM-land for å hindre landspesifikke resolusjonar.

4. komité: I 4. komité er det tradisjonelt Midtausten og palestinarane si sak som dominerer dagsordenen. Spørsmålet om situasjonen i Vest-Sahara fekk likevel omfattande merksemd etter at Marokko og Algerie ikkje blei samde om ein resolusjon som var identisk med konsensusteksten frå i fjor. Etter lange konsultasjonar og fleire utsetjingar gjekk komiteen omsider til votering over resolusjonen. Resolusjonen blei vedteken med 76 røyster for og 72 avståingar. Resolusjonane om Midtausten og situasjonen til palestinarane blei vedtekne i tråd med røystemønsteret frå tidlegare sesjonar. Debatten om FN-leidde fredsoperasjonar blei prega av dei utfordringane som følgjer av at ein dei seinare åra har hatt ein omfattande auke i talet på personell parallelt med at mandata har blitt meir komplekse.

5. komité: 5. komité har i haust utvikla seg til arena for omkampar, og konsensusprinsippet som tradisjonelt har vore berande for arbeidet i komiteen, har vore under press. Det har i haust vore fleire avrøystingar i komiteen om dei implikasjonane politisk sensitive saker har for budsjettet, og atmosfæren har heilt til siste slutt vore prega av konfrontasjon.

6. komité: Forhandlingane om dei ulike spørsmåla i 6. komité har ikkje skilt seg vesentleg frå tidlegare år. Det er verdt å nemne at svenske Marie Jacobsson blei vald inn som ny nordisk medlem av Folkerettskommisjonen.

1.4 Plenum/Andre viktige saker

Fredsbyggingskommisjonen

Noreg har ei leiarrolle i Fredsbyggingskommisjonen ved at Noreg, ved ambassadør Løvald, er viseformann i organisasjonskomiteen og formann i Burundi-formatet. Arbeidet har i startfasen vore krevjande, men Noreg har hausta stor velvilje og mange lovord for den jobben som er gjort, og som vil krevje mykje også framover.

Menneskerettsrådet

Det var eit tilbakeslag at handsaminga av ei urfolkserklæring som blei vedteken av Menneskerettsrådet i Genève, blei utsett etter initiativ frå den afrikanske gruppa. Den vidare prosessen i denne saka er uklar. Utsetjinga av denne erklæringa vitnar om trongen i somme kretsar i Generalforsamlinga til å vise styrke overfor det nye Menneskerettsrådet. Det faktum at det heller ikkje lét seg gjennomføre, trass i iherdige forsøk, at Menneskerettsrådet skulle rapportere berre direkte i plenum og ikkje gjennom 3. komité òg, ber bod om den same trongen til omkamp.

Havretts- og fiskerispørsmål

Både havrettsresolusjonen og fiskeriresolusjonen blei vedtekne etter til dels svært vanskelege forhandlingar i uformelt plenum.

Terrorisme

Det har ikkje vore framdrift i forhandlingane om terrorismekonvensjonen og definisjonen av terrorisme. Dette trass i at terrorismestrategien blei vedteken på tampen av Generalforsamlinga i fjor, og trass i at FN-toppmøtet i 2005 utan atterhald fordømde alle former for terrorisme.

1.5 Samarbeidet med andre land og grupper

Samarbeidet i den nordiske gruppa er blitt aktivt vidareført. Der det lèt seg gjere, av omsyn til EU-samarbeidet, bør det framleis leggjast vekt på at dei nordiske landa skal opptre samla i FN.

Noreg er aktivt med i vennegruppa for UNMEE og Somalia, kontaktgruppa for Sudan og kjernegruppa for Nord-Uganda.

Arbeidet med det såkalla 7-landsinitiativet om nedrusting og ikkje-spreiing har òg blitt vidareført, og den nye generalsekretæren har vist interesse for ei oppfølging.

Noreg har på somme område hatt ei rolle som brubyggjar mellom G-77 og dei vestlege landa som følgje av at kontakten med G-77 er blitt bygd ut.

Noreg leidde òg arbeidet med ei ministererklæring i høve femårsgjennomgangen av handlingsprogrammet for dei minst utvikla landa (MUL).

Til toppen
Til forsida av dokumentet