St.meld. nr. 37 (2000-2001)

Om vasskrafta og kraftbalansen

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne meldinga drøftar ein ulike sider ved utbygginga i Saltfjellet-Svartisen-området, framset forslag om ei meir effektiv handsaming av vasskraftsaker og klårgjer kvifor ein i energipolitikken må leggja meir vekt på farane for eit tørrår. Energipolitikken vart drøfta i Innst. S. nr. 122 (1999-2000) frå energi- og miljøkomiteen på grunnlag av St.meld. nr. 29 Om energipolitikken (1998-99). I denne meldinga er det ikkje lagt opp til ein ny, samla presentasjon av energipolitikken.

Regjeringa føreslår å seia nei til meir vasskraftutbygging i Saltfjellet-Svartisen området. Forslaget gjer det naturleg å leggja fram nokre retningsliner for dei komande vasskraftsakene. Vasskrafta har spela ei viktig rolle i utviklinga av landet og gitt grunnlag for produksjon og velferd. Frå 1970 til 1990 var det eit høgt tempo i utviklinga av vasskrafta. Samstundes vart det utvikla eit plansystem for å ta vare på heilskapen i utbygginga, og prosessane for godkjenning av nye prosjekt vart tilpassa aukande krav om utgreiing og deltaking. I dei ti siste åra har det vore lite vasskraftutbygging.

Dei beste vasskraftprosjekta er allereie gjennomførde og ein står att med mindre utbyggingar og med nokre utbyggingssaker som er konfliktfylte. Det er òg mindre forståing enn tidlegare for vasskraftutbyggingar som medfører omfattande inngrep i urørt natur. Regjeringa vil ta meir omsyn til urørd natur enn tidlegare når det gjeld nye vasskraftprosjekt. Det er framleis att mange vasskraftsprosjekt som kan gi eit monaleg bidrag til meir fornybar elproduksjon. Det vert òg viktig å fornya og utvikla det som allereie er utbygd, og som hovudregel bør ein ikkje setja i verk tiltak som svekkjer vassressursgrunnlaget for den kraftproduksjonen som vi har.

Regjeringa føreslår samstundes å forenkle delar av plansystemet for vasskraftutbyggingar. Forenklingane skal ikkje redusera dei høge krava som er sett til sakshandsaming og deltaking i planprosessen.

Ei vidare utvikling av velferden krev at ein syter for ein energitilgang som er sikker og effektiv. For å få betre balanse mellom produksjon og forbruk enn i dag, og dermed gjera verknadene av tørrår mindre vanskelege, vil det mellom anna vera viktig å leggja til rette for ny kraftproduksjon frå andre energikjelder enn vasskraft.

For å auka tryggleiken i energiforsyninga går Regjeringa inn for

  • å gjera sakshandsaminga av nye vasskraftprosjekt enklare

  • å leggja til rette for å byggja gasskraftverk

  • å ta i bruk naturgass innanlands til energiføremål

  • å styrkja og effektivisera arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon

  • å sikra at kraftmarknaden fungerar godt.

Til forsida