St.meld. nr. 41 (2002-2003)

Om tariffar for overføring av kraft og tovegskommunikasjon

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

Regjeringa la i St.prp. nr.1 (2002-2003) Olje- og energidepartementet fram ein omtale av nettariffering der det vart lagt vekt på overordna og prinsipielle forhold. I Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002-2003) kom fleirtalet i komiteen til at ein ikkje ønskte å handsame saka om nettariffering på det dåverande tidspunkt, og fatta i staden følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen i løpet av våren 2003 om å fremme en sak for Stortinget om ulike modeller for nettariffering som innebærer at:

1. Det skal utvikles modeller for prisutjevning på nettleie.

2. Det skal utvikles modeller for tariffering som er enkle og robuste mot forandringer.»

Kapittel 2 omhandlar mellom anna modellar for utjamning av overføringstariffen, og spørsmålet om modellar for tariffering som er enkle og robuste mot endringar.

I samband med handsaminga av Dokument nr. 8:139 (2001-2002) fatta Stortinget følgjande vedtak, jf. Innst.S. nr. 138 (2002-2003):

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med den varslede gjennomgangen av nettariffene, vurdere forslag om ulike modeller for finansiering av en frivillig ordning med toveiskommunikasjon mellom strømkunde, leverandør og nettselskap.»

Forslag om ulike modellar for finansiering av tovegskommunikasjon er handsama i kapittel 3.

I tillegg er Dokument nr. 8:66 (2002-2003) med forslag om å setje ei låg øvre grense for kva fastleddet i nettleiga kan setjast til for å stimulere til straumsparing og gi ei betre sosial fordeling, handsama i kapittel 2.5 i dette framlegget.

Departementet tolkar Stortinget sine oppdrag til alle å vere avgrensa til distribusjonsnettet. For ein samla gjennomgang av andre forhold vedrørande tariffering, vert det vist til St.prp. nr.1 (2002-2003) Olje- og energidepartementet kapitel 6 Netttariffering der det vart gjort greie for overordna og prinsipielle forhold knytt til tariffering på alle nettnivå.

På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak i Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002-2003) bad departementet organisasjonar med interesser i kraftsektoren om deira synspunkt på dei forhold som komiteen har bedt om å verte førelagd, dvs. at høyringa i utgangspunktet er avgrensa til dei emna som er handsama i kapitel 2.1 til 2.4. I tillegg tar kapitel 2.6 kort for seg andre problemstillingar som er tekne opp i høyringa.

Departementet har motteke synspunkt frå Energibedriftenes Landsforening (EBL), Forum for Strategisk Nettutvikling (FSN), Samarbeidande Kraftfylke, KS Bedrift, Enova SF, Statnett SF, Handels- og Servicenæringens Hovudorganisasjon (HSH), Norsk Petroleumsinstitutt, Forbrukarrådet, Prosessindustriens Landsforening (PIL) og Teknologibedriftenes Landsforening (TBL).

Hovudsynspunkta er gjengjevne under dei ulike tema i kapittel 2.

1.2 Samandrag

Kapitel 2 omhandlar dei spørsmåla som meldinga tek opp om tariffar. Det vert lagt til grunn at prinsippa for tariffering slik dei vart gjort greie for i St.prp. nr.1 (2002-2003) står ved lag. Hovudprinsippet er at tariffane skal utformast slik at dei i størst mogleg grad gir signal om effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet.

I kapitel 2.1 vert det gjort kort greie for tariffskilnadar og -utjamning. Det vert understreka at det er viktig å behalde dei signala som tariffen skal gi til brukarane av nettet, og at ei utjamningsordning difor først og fremst bør rettast inn mot å redusere skilnadar i dei residuale ledda.

Kapitel 2.2 inneheld forslag til modellar for tariffutjamning. Det vert foreslått to ulike modellar for finansiering av tariffutjamning; finansiering over statsbudsjettet og innføring av ei sjølvfinansierande ordning. Når det gjeld nivået på ei utjamningsordning vert det vist at ei ordning på over 20 til 30 mill. kroner årleg har ein svært avtakande verknad, og at tilskot utover 50 til 60 mill. kroner årleg først og fremst fører til at fleire kundar vert omfatta, men at verknaden for den enkelte kunde vert liten.

Uavhengig av finansieringsform eller nivå på tilskotsordninga vert det anbefalt at tilskot vert tildelt etter same kriterium som den utjamningsordninga ein har i dag, og som vert finansiert over statsbudsjettet. Dagens ordning sikrar både at dei grunnleggjande prinsippa for tariffering og incentiva til kostnadseffektivisering i stor grad vert ført vidare.

Kapitel 2.3 tek for seg andre moglege utjamningsordningar som høyringsinstansane har omtalt, mellom anna lik tariff i heile landet og justering av sentralnettet si utstrekning.

I kapitel 2.4 vert enkle og robuste tariffar drøfta. Ein viser her til at dagens tariffmodell er svært enkel. For hushaldskundar består den av berre to ledd, eit energiledd som tek hand om effektivitetsmålsetjinga og eit fastledd som sikrar tilstrekkelege inntekter til nettselskapa og at kundane medverkar til å dekkje ein rimeleg del av kostnadane i nettet. Tariffmodellen kan gjerast meir robust mot forandringar ved at nettselskapet kan ta inn ein større del av inntektene gjennom fastleddet, og at energileddet i større grad enn i dag vert fastsett ut frå dei faktiske marginale tapskostnadane. Auka vektlegging av marginalkostnadsprinsippet vil betre effektivitetseigenskapane til modellen, men kan føre til at mellom anna dei fordelingsmessige konsekvensane av å auke fastleddet vert oppfatta som problematiske.

I kapitel 2.5 vert forslaget i dokument nr. 8:66 (2002-2003) vurdert. Forslaget går ut på å setje ei låg øvre grense for kva fastleddet i nettleiga kan setjast til for å stimulere til straumsparing og gi ei betre sosial fordeling. Forslaget inneber mellom anna at det må foretas ei avveging mellom målsetjinga om enkle og robuste tariffar og fordelingsmessige omsyn. Den fridomen som nettselskapa har i dag når dei skal fastsetje tariffen er viktig for at selskapa skal kunne nytte tariffen som eit aktivt verkemiddel i forhold til effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet. Energileddet for uttak i distribusjonsnettet kan, i tillegg til dei marginale tapskostnadane, dekkje ein del av dei resterande kostnadane som ikkje vert kravd inn gjennom fastleddet. På denne måten vert fastleddet lågare enn det elles ville ha vorte.

Konsekvensen av å setje ei øvre grense for fastleddet vil vere at energileddet må dekkje netteigar sine nettkostnadar som fastleddet ikkje dekkar. Tariffen vert dermed eit dårlegare verkemiddel for å nå hovudmålet om å motivere til effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet, og i tillegg vil ein få ein tariffmodell som er mindre robust mot forandringar.

Kapitel 2.6 tek kort for seg andre tariffrelaterte problemstillingar som er tekne opp av høyringsinstansane. Dette er i all hovudsak problemstillingar som gjeld sentralnettet.

Kapitel 3 omhandlar modellar for finansiering av tovegskommunikasjon. I kapitel 3.1 vert det mellom anna gjort kort greie for omfanget av tovegskommunikasjon i Noreg i dag, og gjeldande regulering av tovegskommunikasjon.

Kapitel 3.2 skisserer ulike finansieringsmodellar, der det vert teke utgangspunkt i at den som har nytten av tovegskommunikasjon og bør bere kostnadane. Nettselskap, sluttbrukar, kraftleverandør, systemansvarleg og staten sin nytte og tilhøyrande moglegheit for å medverke til finansieringa vert vurdert.

Departementet kjem i si vurdering i kapitel 3.3, til at det er naturleg at ein aktør har hovudansvaret for installasjon, drift og finansiering av tovegskommunikasjon, og at dette i praksis som regel vil vere nettselskapet. Nettselskapet kan inngå avtaler med andre aktørar om å medverke til finansieringa.

Til forsida